Reisemålsutvikling 6043

Læringsmål

Hovudsiktemålet med emnet er å få fram særtrekk ved ulike typer reisemål og viktige element som må til for å lykkast med utviklinga av reisemål. Emnet skal vidare gi ei innføring i geografiske informasjonssystem, og synleggjere med ulike døme korleis dette kan bli brukt som reiskap for reiseplanlegging og destinasjonsvisualisering.

Innhold

Emnet skal gi studentane ei grundig innføring i ulike problemstillingar knytt til reisemåls-/destinasjonsutvikling. Ein vil sjå på ulike typar reiselivsdestinasjonar og viktige element i utviklinga fram til i dag. Natur- og kulturarv som grunnlag for å utvikle reisemål er eit viktig delemne. Mellom anna vil storbykultur bli tatt opp som tema. Utvikling av komplementære produkt vil stå sentralt, og ein vil særleg legge vekt på destinasjonane og samspelet mellom private og offentlege aktørar. Det vil også bli ei innføring i nye kommunikasjonsformar mellom reselivsprodukt og reiselivsmarknader. Konsekvenser av destinasjonsutvikling for lokalsamfunn vil bli drøfta. Geografiske informsjonssystem (GIS) vil bli introdusert gjennom teori og øvinger. Studentane blir gjort kjende med aktuelle databasar på Internett for å få ei forståing av korleis desse kan vere nyttige i reselivssamanheng.

Organisering

3-4 timar pr veke i haust- og vårsemesteret. Undervisninga vil variere mellom tradisjonelle førelesingar, seminarprega undervisning, prosjektarbeid, øvingsoppgåver, studentpresentasjonar og skriftlege rapporteringar/innleveringar. Nokre av øvingane vil vere på PC (GIS). Ein del av undervisninga vil ha obligatorisk frammøte.

Vurderingsformer

Mappeevaluering med eit individuelt arbeid (20 %) og ei gruppeoppgåve (20 %). Den sistnemnde vil vere innanfor GIS. Emnet blir avslutta med ein skriftleg individuell eksamen, 5 timar (60 %). Alle delprøver må kvalifisere til "bestått".

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 08.10.2009