FKUN3 Folkekunst - tre - metall - tekstil 3, fordypning
Innledning
Folkekunst 3, fordjuping er det 3. året i ei bachelorgrad i folkekunst, og studiet blir såleis eit fullverdig tilbod til dei studentane som vel å fullføre alle tre studieåra i bachelorgraden sin ved Institutt for folkekultur. Studiet er eit 60 studiepoeng studium og går over to semester. Det vert også mogleg å ta delar av studiet i utlandet. Studieopphaldet i utlandet i dette tredje året vert lagt til vårsemesteret.
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er retta inn mot studentar som har fullført folkekunst, årsstudiet og folkekunst, fordjuping, og det tek sikte på å gje desse studentane spisskompetanse innan deira materialområde.
Det kan også vere aktuelt å ta inn studentar med annan og tilsvarande bakgrunn, studentar som ynskjer å fordjupe seg innan sine materialområde, td. studentar frå kunsthøgskolar, og det kan vere eit tilbod til studentar i det tredje året i ei faglærarutdanning i formgjeving, kunst og handverk.
Opptakskrav:
Studentane må ha fullført årsstudiet og fordjupingsstudiet i folkekunst
To år høgare utdanning med spesialisering innan eitt materialområde
Mål for studieprogrammet
I dette andre fordjupingsåret i folkekunst skal studentane vidareutvikle ferdigheitene sine i å formgje i eit materiale. Å meistre eit materiale på ein slik måte at ein kan kombinere teknikkar og estetisk kompetanse for å nå sine mål uttrykt i form av ein gjenstand, krev lang læringstid.
Dei to første studieåra i folkekunst har hatt eitt fokus på breidde og å gje studentane ei oversikt over teknikkar, materialkunnskap og formspråket i tradisjonskunsten.
Det naturlege er at ein etter kvart vel ei retning å spesialisere seg i. I dette tredje året må studentane velje bort noko og gå i djupna på eit valt område.
Videre studiemuligheter
Eit treårig bachelorstudium i folkekunst vil kvalifisere for opptak til masterstudium i tradisjonskunst eller masterstudiet i formgjeving, kunst og handverk.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne:
|
Studiet er delt opp i to bolkar, den eine i haustsemesteret og den andre i vårsemesteret. Dei tre første delemna vert det undervist i om hausten og delemne 4 skal gjennomførast i vårsemesteret.
Fordjupingsoppgåve i vårsemesteret byggjer på undervisninga om hausten.
Studentane skal få høve til å fordjupe seg innan sine fagfelt, både teoretisk og praktisk.
Delemne 1:Materiale, form og teknikk (20 studiepoeng)
Delemne 2: Fagteori (5 studiepoeng)
Delemne 3: Forskingsmetodikk og FoU-arbeid ( 5 studiepoeng)
Delemne 4: Prosjektarbeid – fordjupingsoppgåve (30 studiepoeng)
Arbeids- og læringsformer
Arbeids og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar og sjølvstudium. Haustsemesteret har mest direkte undervisning, medan vårsemestert er lagt opp til stor grad av sjølvstudium. Undervisninga i haustsemesteret vil bli organisert i faste vekedagar og intensive bolkar i tilknytning til oppstart og innføring av nye tema.
Etter at prospektet for fordjupingsoppgåva er godkjent i vårsemestert, må studenten sjølv arbeide for å hente inn kunnskap, både teoretisk og praktisk kunnskap gjennom arbeid innan sitt materiale, fram til endeleg bacheloreksamen.Det vert organisert 3 obligatoriske vekesamlingar i delemne 4 i vårsemesteret, der studentane legg fram arbeidet sitt og får tilbakemeldingar.
Vurderingsformer
Det tredje studieåret i folkekunst gjev 60 studiepoeng og er sett saman av to bolkar som kvar gjev 30 studiepoeng. Den eine bolken på 30 studiepoeng vert avslutta i haustsemesteret og den andre bolken vert avslutta i vårsemesteret. Det vert ført to delkarakterar på vitnemålet.
Haustsemester, 30 studiepoeng
Arbeidskrav som må vere gjennomførte for å få vitnemål:
1 studieoppgåve vurdert til bestått / ikkje ikkje bestått i delemne 1
1 studieoppgåve vurdert med karakter i delemne 1
1 skriftleg prøve, 4 timar i fagteori
Studieoppgåve med karakter tel 75 % av karakter
Skrifteg prøve i fagteori tel 25 % av samla karakter
Vårsemester, 30 studiepoeng
Arbeidskrav som må vere bestått for å få vitnemål:
Studenten må ha delteke på dei 3 obligatoriske vekesamlingane
Studenten skal møte opp til obligatoriske rettleiingstimar
Prosjektarbeid – fordjupingsoppgåve vert vurdert med karakter og tel 100 % av karakteren
Fordjupingsoppgåve skal presenterast ved avslutninga av studieåret.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.04.2009