442 Folkekunst - tre - metall - tekstil, bachelor

Målgruppe og opptakskrav

Bachelorstudiet i folkekunst er eit tilbod til dei som er interessert i utøving innan eit handverk og i formidling av norsk folkekunst.

Det er krav om studiekompetanse eller realkompetanse for å bli teken opp på studiet.

Mål for studieprogrammet

Bachelorstudiet i folkekunst skal gje studentane ei innføring , og vidare ei fordjuping, i norsk folkekunst. Den utøvande sida av folkekunsten er vektlagt. Studentane vel om dei vil arbeide innanfor tre, metall eller tekstil. Målet er at studentane skal bli gode utøvarar innan eit handverk og at dei skal få eit teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med vidareføring og formidling av folkekunsten.

Videre studiemuligheter

Bachelorstudiet i folkekunst kan vere grunnlag for opptak til masterstudiet i tradisjonskunst, eller andre masterstudier.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


obligatoriske emner
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
FKUN1 Folkekunst 1 60,00 O 30 30        
FKUN2 Folkekunst 2 60,00 O     30 30    
FKUN3 Folkekunst 3 60,00 O         30 30
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Bachelorstudiet i folkekunst er sett saman av Folkekunst -tre-metall-tekstil, 1,Folkekunst -tre-metall-tekstil 2og Folkekunst - tre-metall-tekstil 3.Om ein har 60 studiepoeng frå anna høgskole eller universitet, kan dette erstatte eitt av desse tre åra. Godkjenning av eit tredje år frå ein annan høgskole/universitet skjer etter søknad.

Arbeids- og læringsformer

Arbeid på verkstaden utgjer meir enn halve studietida dei tre åra. I tillegg er det forelesingar, seminarundervisning / kurs og studieturar. Studenten må også rekne med å bruke ekstra tid på verkstaden i arbeidet med dei ulike studieoppgåvene. Studieåret er delt inn i prosjektperiodar, der det er sett av ein lengre periode til arbeid med avsluttande årsoppgåve.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er skriftlege prøver og indidviduelle prosjektoppgåver / studieoppgåver. Nokre av arbeidskrava vert vurdert til bestått / ikkje bestått, medan andre oppgåver vert vurdert med karakter.

( sjå studieplan for Folkekunst-tre-metall-tekstil, årsstudium og fordjuping)


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 20.07.2009