220 843 Kreativ maskinstrikking 2, fordypning
Innledning
Studiet er eit 30 studiepoengs studium ved Institutt for folkekultur, HiT. Studiet går over to semester. Studiet er eit påbyggingsstudium til Kreativ maskinstrikking 1.
Gjennom Kreativ maskinstrikking 1 har studentane fått ei grundig innføring i strikkemaskina som reiskap til eige formgjevande arbeid. I dette studiet skal studentane fordjupe seg vidare i det strikketekniske, men skal også arbeide meir sjølvstendig med utvikling av eigne idéar slik at dei får eit betre grunnlag for etablering av eiga verksemd og til undervisning og formidling.
Målgruppe og opptakskrav
Studiet vender seg til:
- Studentar som har fullført Kreativ maskinstrikking 1
Opptakskrav:
- Studentar som har fullført Kreativ maskinstrikking 1, eller søkarar som kan dokumentere tilsvarande kompetanse innan maskinstrikking
Mål for studieprogrammet
Studiet har som mål å gje studentane kunnskap i å utvikle eigne idear og produkt som kan vere grunnlag for etablering av eiga verksemd. For studentar som alt har etablert verksemd, vil studiet kunne gje naudsynt kompetanseheving og inspirasjon til vidare arbeid.
Videre studiemuligheter
Dei to 30 studiepoengs studia innafor maskinstrikking vil begge kunne gå inn som del av ei bachelorgrad i folkekunst eller i andre bachelorgrader innan formgjeving og estetiske fag.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne
|
Studiet er bygd opp om fire delemne:
- Mønsterkonstruksjon og modellering (10stp)
- Strikketeknikkar ( 5stp)
- Bedriftsprofilering ( 5stp)
- Produktutvikling (10stp)
Vektinga seier noko om omfanget av dei ulike delemna og kva som vert vektlagt i studiet.
Kvart delemne er igjen delt inn i tema.
Innføring i strikketeknikkar har eit mindre omfang i denne delen enn i Kreativ maskinstrikking, 1.
Det vert fokusert på å gje studentane eit reiskap for å kunne utnytte det strikketekniske verktøyet i utarbeiding av eigne modellar. Dei ulike emna kan ikkje sjåast isolert, men er integrerte fagleg i kvarandre og skal gje ulike perspektiv på viktige faktorar i utforming av strikka tekstilar for ein marknad.
Studiet er sett saman og organisert i 7 heile vekesamlingar, frå måndag - til fredag. Det er obligatorisk deltaking på undervisninga under samlingane. Undervisning som vart gjeve under samlingane skal gje studentane kunnskap som er naudsynt for å fylgje progresjonen i studiet.
Arbeids- og læringsformer
Studiet er eit deltidsstudium med vekesamlingar. Undervisninga er organisert i forelesingar, gruppearbeid, seminar, individuell rettleiing både under samlingane og mellom samlingane og sjølvstudium. Studiet krev aktiv deltaking frå studentane si side, og den enkelte student må fylgje opp arbeidskrava framføre dei enkelte samlingane. Studentane har arbeidsoppgåver mellom kvar samling.
Studentane må ha tilgang på eiga strikkemaskin som dei kan arbeide med heime. Det vert undervist i forhold til DesignaKnit7, eit strikkeprogram for data og det er ein fordel at studenten har dette dataprogrammet.
Kommunikasjon med studentane skjer via e-post.
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald, arbeidsformer og vurdering i studiet. Vurderinga er ein viktig del av studiet og vil skje gjennom munnlege og skriftlege tilbakemeldingar på korleis studenten har løyst oppgåver mellom samlingane.
Det er ingen deleksamen i dei enkelte delemna. Studiet vert avslutta med ei større prosjektoppgåve som vil danne grunnlag for avsluttande karakter. Denne prosjektoppgåva skal innehalde element frå dei ulike delemna. Arbeidskrav gjennom studieåret vert ein del av mappevurderinga og desse oppgåvene vert vurdert til godkjent / ikkje godkjent
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 25.07.2009