921 Tradisjonskunst, master

Målgruppe og opptakskrav

For å bli teken opp på mastergradstudiet må studentane ha bachelorgrad med åtti studiepoeng folkekunst eller folkemusikkutdanning i fagkrinsen. Etter særskild søknad kan ein takast opp på masterstudiet med ein annan bakgrunn som er spesielt relevant, t.d. innan musikk eller forming. I slike tilfelle vil ein kunne krevje at studenten må setje seg inn i sentrale problemstillingar i tradisjonskunst, og for dei som ikkje kan vise til ein formell praktisk-estetisk kompetanse innan folkekunst eller folkemusikk, kan ein i heilt spesielle tilhøve ha ei særskild opptaksprøve. Det blir ikkje stilt krav om examen philosophicum, sjølv om det er ønskjeleg at denne eksamen er avlagt før ein tar til på masterstudiet

Mål for studieprogrammet

Mastergradsstudiet har eit praktiskk og eit teoretisk siktemål:

Studentane skal ha innsikt i tradisjonskunstens kulturelle bakgrunn. Dei skal kunne vurdere eigenarten i tradisjonskunst, og tenkje kritisk over korleis den blir teken vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø.

  • Studentane skal få innsikt i vitskaplege metodar, og ved sjølv å vere utøvarar i tradisjonskunst skal dei samstundes erfare korleis utøving er ei viktig kjelde til kunnskap. Dei skal også bli medvitne om problematikken kring tradisjonsomgrepet og få innsikt i sider av moderne formidlingsproblematikk.

Videre studiemuligheter

Den som fullfører mastergradstudiet vil få tittelen Masterkandidat i tradisjonskunst. Dei kandidatane som har praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg til mastergraden, får lektorkompetanse og kan gå inn i undervisning på ulike nivå i skoleverket. Men mastergraden kan også brukast på mange andre felt. Mellom anna vil den gjeve eit godt grunnlag for ulike jobbar i media og kultursektoren, i private og offentlege kunst- og kulturinstitusjonar. Masterkandidatane kan også gå inn i konsulentverksemd av ulike slag. I tillegg må ein rekne med at mange av dei som tek utdanninga vil bruke den som grunnlag for å etablere seg som utøvarar i den kunsten dei har spesialisert seg, m.a. som kunsthandverkarar eller utøvande folkemusikarar.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Obligaotrisk emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
30MASTFD Teoretisk fellesdel 30,00 O 30,0      
30MASTFP Forprosjekt 30,00 O   30,0    
60MASTPR Mastergradsprosjektet 60,00 O     30,0 30,0
Sum: 30,0 30,0 30,0 30,0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell inn i to delar; den teoretiske fellesdelen og den individuelle praktisk-teoretiske delen : Mastergradsprosjektet m. forprosjekt

Den teoretiske fellesdelen

Ein vil få ei felles teoretisk innføring gjennom 4 hovudtema. Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre, men ein vil fokusere på heile den teoretiske fellesdelen ut frå fire perspektiv:

Kunstteori og tradisjonskunst

Kultur og identitet

Tradisjon og kommunikasjon

Vitskapsteori

Den teoretiske fellesdelen av mastergradsstudiet vil utgjere 30 studiepoeng.

Mastergradsprosjektet m. forprosjekt og prospekt

Studentane skal gjennomføre eit større prosjekt som inneheld ein praktisk del og ei skriftleg framstilling (teoretiske element). Dei ulike komponentane som inngår i prosjektet kan vere av ulikt omfang, men det er eit krav at dei praktiske og teoretiske delane utgjer ein heilskap. Det følgjer av studiets eigenart at det blir opna for forskjellige prosjekttypar alt etter kvar studenten vil leggje tyngdepunktet i arbeidet sitt, - om det ligg i dokumentasjon, teori knytt til kunst, kultur, tradisjon, utøving eller formidling. Ein vil ikkje kunne få godkjent eit prosjekt der den praktiske sida ikkje er tydeleg til stades, eller eit prosjekt som ikkje har teoretisk innslag.

Mastergradsprosjekta kan soleis vere ganske forskjellige, og før ein tar til på arbeidet er det viktig at student og rettleiarar er samde om ein gjenomføringsplan. Trass i forskjellig innhald er det likevel ein del grunnleggjande ting som vil vere til stades i alle prosjekta. Studentane skal skaffe seg erfaring i å arbeide systematisk med eit materiale frå tradisjonskunsten og nytte metodar som er eigna til å få fram relevant kunnskap. Ymse former for hypotesetesting er vanleg i dei fleste prosjekta, samt det å klårgjere bakgrunnsmateriale og kontekst. Det er også viktig at ein nyttar seg av den kunnskapen ein kan få ved å vere utøvar i tradisjonskunst. Framstillinga skal vere klårt presentert med god dokumentasjon, slik at andre på nokolunde same faglege nivå skal kunne vurdere arbeidet.

Arbeidet med mastergradsprosjektet startar opp allereie i første semesteret med forprosjektet . I andre semester vil metodeundervisninga og gjennomføringsplanen bli ein hovuddel. Forprosjektet omfattar tre obligatoriske seminar med eit avsluttande prospekt i slutten av andre semester. Deltaking gjennom presentasjon på dei tre seminara og det avsluttande prospektet må vere godkjende før studenten kan få klarsignal for emne og opplegg til det avsluttande mastergradsprosjektet.

Prosjekta og rettleiinga blir tilpassa den einskilde studenten og vil vere knytt til det kjeldematerialet studenten arbeider med. Dette kjeldematerialet vil nok mest vanleg vere å finne innan norsk tradisjon, men ein vil også oppmode studentar om å skaffe seg innsikt i andre tradisjonskulturar, t.d. gjennom opphald i utlandet. Vidare vil det vere utanlandske studentar som naturleg nok må få ta utgangspunkt i eigen tradisjon.

Innhaldet i den teoretiske/ skriftlege delen, og den praktiske utøvingsdelen skal til saman omfatte:

  • Problemformulering
  • Val og grunngjeving av strategi og metodar
  • Klårgjering av relevant saksinnhald og sentrale omgrep
  • Gjennomføring av eit prosjekt ved hjelp av kjelder, eigne observasjonar og utøving
  • Høveleg dokumentasjon, både teoretisk og praktisk-estetisk
  • Drøfting av resultat

Som vedlegg til mastergradsprosjektet skal det utarbeidast eit skriftleg samandrag på 1-2 sider, til database.

Arbeids- og læringsformer

Den teoretiske fellesdelen:

Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Nokre av undervisnings-øktene kvart semester vil bli meir intensive enn andre. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs. Mykje av undervisninga vil naturleg nok vere retta mot førebuing av mastergradsprosjektet, som alltid vil stå sentralt i mastergradstudiet.

Forprosjektet og mastergradsprosjektet:

Alt i førelesningane i den teoretiske fellesdelen vil det bli fokusert på forprosjektet. Elles vil det i andre semester bli halde prosjektseminar for studentane. Her vil først og fremst dei lærarane delta, som er knytte til instituttet, men ved behov vil det også bli invitert gjesteførelesarar frå andre høgskolar og universitet. Heile tida blir siktemålet å gjeve studentane hjelp til å løyse konkrete problem dei måtte ha med å etablere prosjektplanane sine. Det er også viktig at studentane lagar kollokviegrupper der dei får diskutere med kvarandre. Individuell vegleiing blir også ein del av undervisningsformene.

Til sjølve mastergradsprosjektet vil individuell rettleiing bli viktigaste undervisningsforma, men det vil også bli arrangert seminar som er relevante for masterprosjektet.Elles vil informasjon bli oppdatert ved å bruke internett.

Vurderingsformer

Masterstudiet i tadisjonskunst gjev 120 stp. I den teoretiske fellesdelen (30stp) er det skriftleg eksamen på 6 timar, og ei obligatorisk innlevering midt i semesteret.

Forprosjektet omfattar tre obligatoriske seminar med eit avsluttande prospekt i slutten av andre semester. Dei tre presentasjonane og prospektet i 2.semester utgjer 30 stp.Heile andre semester er lagt opp som ein prosess der ein førebur seg til det avsluttande mastergradsprosjektet. Det vil bli gjeve karakteren ”bestått” eller ”ikkje bestått”. Prospektet skal vere bestått før ein kan gå vidare med masterprosjektet i det 3 semesteret.

Mastergradsprosjektet (60 stp) har ein todelt eksamen, ein kombinasjon av praksis og teori. Ein får difor to komponentar å vurdere:

1) Praksis: Ein utøvande og formidlande del. Denne delen kan framførast levande eller dokumenterast med t.d. video, DVD, reine lydopptak, kommenterte bilete, dokumenterte og kommenterte utstillingar, kommenterte konsertar mm.

2) Teori: Dokumentasjon og drøfting av eit tradisjonskunstnarleg materiale. Dette kan vere ei rein skriftleg avhandling etter mønster av Thesis-varianten i dei anglo-amerikanske MA-studiane (tilsvarar hovudoppgåva i det gamle norske hovudfagsstudiet.) Men ein kan også fylle dei teoretiske krava gjennom fandre former for framlegging og dokumentasjon

Det er mogleg for studentane å vekte den utøvande delen og den skriftlege / teoretiske delen ulikt. Ein kan godkjenne at den eine komponenten vert vektlagt meir enn den andre om problemstillinga i prosjektet tilseier det.Det ideelle er ei vekting på 50%-50%. Vektinga vert fastsett av rettleiarar i samråd med studenten i siste fase av rettleiingsprosessen. Om det er ei oppgåve med eit utøvande siktemål, vil karakteren for utøving ha størst vekting, og motsatt, om det teoretiske perspektivet har størst verdi for oppgåva sin heilskap. Det er likevel viktig for vurderinga at den praktiske og teoretiske komponenten i prosjektet utgjer ein heilskap.

Mastergradsprosjektet skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten blir eksaminert i både dei praktiske og teoretiske komponentane. I denne munnlege eksamen blir endeleg karakter fastsett for mastergradsprosjektet, inkl. forprosjektet (tilsaman 90 stp)

Den munnlege eksamen kan verke inn på delkarakterane. På grunnlag av vurderinga av utøvande del og teoretisk del i mastergradsprosjektet og resultatet frå munnleg eksamen, vil samla karakter for mastergradsprosjektet bli utrekna og fastsett av sensor.

Vitnemål for mastergradsstudiet vil sjå slik ut:

  • Skriftleg eksamen i teoretisk fellesdel – karakter 25% av hovudkarakter
  • Forprosjekt – bestått / ikkje bestått
  • Mastergradsprosjekt – karakter 75% av hovudkarakter
    • Utøvande del - delkarakter
    • Skriftleg / teoretisk del - delkarakter

Munnleg eksamen – ingen karakter (vert ikkje ført på vitnemålet).

Karakter for mastergradsprosjektet dannar grunnlaget for 75% av hovudkarakter.

I mastergradsprosjektet blir det gjeve karakterar etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. )

Dersom studenten består alle prøvene vil han / ho til slutt få ein hovudkarakter på skalaen frå A til E. Kvart delemne må vere bestått for at hovudemnet skal vere bestått. Ein viser dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter bodil akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av  - 19.03.2009