Grammatikk og pragmatikk (samlings- og nettbasert) 2119
Læringsmål
Studentane skal ha innsikt i norsk morfologi, syntaks og grammatisk analyse. Dei skal vidare ha innsikt i språklege strukturar på tekstnivå for å kunne beskrive språket brukt i kommunikasjonssamanheng. Dessutan skal dei få noko kjennskap til norsk språksystem sett i kontrastivt perspektiv. Dei skal kjenne dei gjeldande skriftspråknormalane i nynorsk og bokmål.
Innhold
Norsk språkstruktur (morfologi og syntaks), og språket brukt som kommunikasjonsmiddel (pragmatikk/ språkbruksanalyse).
Organisering
Haustsemesteret. To helgesamlingar (à to dagar), nettforelesingar (lyd) og nettmøte i grupper (lyd). Det vil bli gitt oppgåver på fronter som studentane skal legge fram. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
2 timars individuell heimeoppgåve i elementær språkkunnskap, som skal vere stått før kandidaten kan framstille seg til sluttprøva. Det blir også gitt obligatoriske oppgåver, som skal vere godkjende før sluttprøva.
Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord i pragmatikk og tekstanalyse, som tel 40 %.
5 timars sluttprøve, som tel 60 %.
Det krevst ståkarakter på både heimeoppgåva og sluttprøva. Begge skal skrivast på bokmål.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eivind Landmark <Eivind.LandmarkSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 22.11.2010