Kirke- og helgenkult i europeisk middelalder 3512

Læringsmål

Emnet skal leggje til rette for ei djupare og meir problemtatiserande forståing av historia enn ein til vanleg får i oversynspensum.

Innhold

Kurset behandlar både den kyrkjelege offisielle og den folkelege helgenkulten. I kurset vert det stilt spørsmål om helgenkultens oppkomst og det kyrkjelege grunnlaget for den, kva ein helgen er og kvifor enkelte vart helgenkåra. Vidare vil kurset ta for seg kva for plass og betydning helgenkulten hadde i sjølve religionsutøvelsen og samfunnslivet.

Organisering

Undervisning: Seminar (unntaksvis: forelesing).

Arbeidskrav: Det er krav om to godkjende innleveringar som føresetning for å kunne gå opp til avsluttande eksamen. Etter avtale med faglærar kan ei av dei skriftlege oppgåvene erstattast av ei munnleg framføring i seminaret.

Undervisninga vil normalt vere obligatorisk, men med høve til fritak i særlege tilfelle. Studentar som ikkje følgjer undervisning kan eventuelt bli pålagde å levere ekstra oppgåver, e.l., sjå semesterplanen for historie.

Vurderingsformer

Avsluttande skoleeksamen i slutten av semesteret under føresetnad av at alle pålagde innleveringar er godkjende.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no> - 23.09.2010