Litteratur og kultur i Latin-Amerika og Spania 2306

Læringsmål

Målet med kurset er å gje studenten eit kulturelt perspektiv på den spansktalande verda. Studentane skal tileigne seg analyse, kritikk og forståing av ulik litteratur og kulturelle, sosiale og politiske fenomen i dei landa som er omfatta av det latinamerikanske og spanske fellesskapet.

Innhold

Studiet tilbyr ei generell fordjuping i latinamerikanske og spanske kulturelle tema, med spesiell vekt på samtidshistorie og den politiske debatten i det iberoamerikanske litteratur- og kulturområdet. Studieemnet tar m.a. for seg emne som kultur, kulturell identitet, sosiale rørsler, nasjonale minoritetar, feminisme, regionale konfliktar, musikk og film. Fagdidaktiske emne vil bli lagt inn i undervisninga, slik at kunnskapane skal kunna nyttast i undervisningssamanheng.

Organisering

Studiet er sett saman av førelesingar og seminar, og det vil vere obligatorisk deltaking i
seminara. 10 veker (60 undervisningstimar), ei sjølvstudieveke og ei veke med to eksamenar (munnleg og skriftleg). Undervisninga går føre seg på spansk. Førelesingar i kulturkunnskap, der sentrale pensumtekstar blir kommenterte. Førelesingar i språk, med tilknyting til øvingar i grammatikk og omsetting.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt: Ei skriftleg prøve på 4 timar som tel 50 % av samla karakter.
Ei munnleg prøve på inntil 30 minuttar som tel 50 % av samla karakter. Prøva er for det første ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekstar på spansk. Det vert krevd ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile emnet. Det blir gitt graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 25.02.2010