Praktisk spansk II 2304
Læringsmål
Dette kurset legg også vekt på den praktiske delen av spansk. Hovudmålet med dette kurset er at studenten skal oppnå dei nødvendige ferdigheiter i munnleg og skriftleg spansk på nivå B2 etter Det europeiske rammeverket for språk.
Innhold
Kurset krev aktiv deltaking frå alle studentane, både i debattar i timane, individuelt og i gruppearbeid. Gjennom aktuelle tema og med bruk av multimedia skal studentane oppnå nødvendige ferdigheiter i språket. Studenten skal vere i stad til å delta i enkle diskusjonar om enkle emne. Oversetting av tekst og oppgåver om morfologi og syntaks vil bli brukt for å forsterke læringskvalitet. Studenten skal få forståing av spansk språk og kulturelle forskjellar mellom Norge og spansktalande land og forskjellar spansktalande land imellom. Studenten skal ha forståing av ein formell og uformell samtale i det spanske språket. Studenten skal ha dei nødvendige kunnskapane om spansktalande land sine kulturar og kommunikasjonsnormer, både skrivne og uskrivne, slik at han/ho kan få mest mogleg utbytte av dialogar på spansk.
Organisering
Førelesingar i språk, med tilknytte øvingar i grammatikk og norsk-spansk og spansk-norsk omsetjing. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Vurderingar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom. Undervisninga går føre seg på spansk.
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt: 1. Ei skriftleg eksamen som tel 50 % av samla karakter. 2. Ei munnleg prøve på opp til 30 minutt som tel 50 % av samla karakter. Prøva er for det fyrste ei samtale på spansk om eit emne som er gjennomgått, og for den andre høgtlesing frå og samtale om tekstar på spansk. Det krevst greidd resultat i begge eksamenane for å oppnå greidd resultat i heile emnet. Det vil bli gjeve graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste greidd resultat.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 10.09.2010