Norsk 2 - Språkleg eller litterær fordjupning NOR 504

Læringsmål

Etter modul 4 ”Språklig eller litterær fordjuping” skal studenten

- ha utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk førstespråk og norsk som andrespråk

- ha kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur

- ha kunnskapar om sakprosa, essay og sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og kjennskap til teoriar om samansette tekstar

- ha utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid

- ha kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

- kunne setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set

- kunne rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon

- kunne lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Innhold

Norsk 2 handlar om språk og tekst i fortid og samtid.

Modul 4 er ei fordjuping av dei emna som har blitt behandla i dei tidlegare modulane. Studentane skal arbeide meir teoretisk med litteratur og med problematiseringar omkring bruk av eldre litteratur i skulen samstundes som emne som ungdom og lesing blir teke opp. Det å overføre litteratur til andre medium høyrer også med (adaptasjon). I modul 4 skal også studentane møte norskfagets historie, og få ei djupare innsikt i språkdidaktiske spørsmål.

I tillegg til dei felles emna i modulen skal studentane velje anten språkleg eller litterær fordjuping med eit tilhøyrande fordjupingspensum.

Organisering

I grunnskolelærarutdanning for 5- 10 er norskfaget 60 studiepoeng. Desse er fordelte med 45 studiepoeng første studieår og 15 studiepoeng andre studieår. Norskfaget er delt inn i 4 modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei 4 modulane byggjer på kvarandre.

Modul 4 ”Litterær eller språkleg fordjuping” er på 15 stp. Denne modulen er lagt til det andre studieåret.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, bl.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (bl.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.

Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.

I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis og du skal delta i arbeid på tvers av fag.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet – undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar modul.

Sluttvurderinga etter modul 4 er delt i ein heimeeksamen og ein munnleg eksamen. Heimeeksamenen går over fem dagar, og har anten språkleg eller litterært emne, avhengig av kva fordjupingsretning studenten har valt. Båe eksamenane vert vurdert med gradert karakter, som kvar tel 50 % av den samla karakteren i modulen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kirsten Palm <Kirsten.PalmSPAMFILTER@hit.no> - 02.06.2010