501 Historie, årsstudium
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Ein bør merke seg at historie som fag er krevjande. Det er store tekstmengder å setje seg inn i og faget føreset ei god skriftleg framstillingsform. Ein del pensumlitteratur er ikkje omsett til nordisk språk, og det er derfor nødvendig med gode lesekunnskapar i engelsk. Erfaring syner at studentar med dårlegare kunnskapar i norsk og engelsk enn det som svarar til karakternivå 3 til 4, lett kan få problem med å gjennomføre studiet.
Videre studiemuligheter
Årsstudium i historie er eit grunnstudium som kan kombinerast med andre studium ved høgskolar og/eller universitet i ein bachelorgrad. Ein kan òg nytte studiet som eit fjerde år i ei allmennlærarutdanning.
Årsstudiet og påbyggjingsstudiet gjev til saman 80-90 studiepoeng, som dekkjer kravet til fagleg fordjuping i ein bachelorgrad. Denne kombinasjonen oppfyller òg kravet til den spesifikke historiedelen i ein bachelorgrad for dei som ønskjer å gå vidare til eit masterstudium i historie ved eit av universiteta.
Ein kan likeeins nytte ein bachelorgrad med fagleg fordjuping i historie som grunnlag for hovudfaget i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.
Historiefaget høver òg godt innanfor ei medieutdanning, t.d. saman med journalistutdanning eller anna medieutdanning. Saman med andre samfunnsfag, kulturfag eller økonomiske fag kan historiefaget gje arbeid innanfor offentleg og privat administrasjon. Går ein vidare i historiestudiet til mastergrad (tidlegare hovudfag), har ein ei sjølvstendig historieutdanning på høgt nivå som kan høve for undervisning, arbeid i museum, arkiv o.l., og i andre samanhengar. Forskarutdanning i historie byggjer på mastergrad.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Historie årsstudium 2010/2011
|
Studiet er delt i to semester. Studiet av verdshistoria kjem i haustsemesteret, studiet av norsk historie i vårsemesteret. Undervisninga i historieteori, metode og didaktikk kan leggjast inn på ulike måtar, sjå undervisningsplanen for det einskilde semesteret. Formidlingsaspektet vil elles vere integrert i heile studiet. For studentar som nyttar studiet som fjerde år i ei allmennlærarutdanning, gjeld særlege retningsliner i samband med heimeoppgåva i 3506.
Når det gjeld valemna i verdshistorie og fordjupingsemna i norsk historie, vil det liggje føre pensumlister med opplysningar om bøker og sidetal for ulike emne. I oversynsdelar vil det liggje føre pensumlister, eller i visse høve rettleiande leselister med opplysningar om studiemål og aktuell litteratur.
Studentar og lærarar som ønskjer å byte ut delar av det oppsette pensum med andre pensa, kan få løyve til det av fagkoordinator.
Arbeids- og læringsformer
Det kan bli fastsett obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåver, i dei ulike emna. Oppfylling av dei obligatoriske arbeidskrava er eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet. Desse vert ikkje evaluerte i eksamenssamanheng og kjem i tillegg til obligatoriske heimeoppgåver som inngår i eksamen/evaluering.
Faglærar kan kalle studenten inn til samtale før endeleg godkjenning av innleverte oppgåver.
Undervisningsformene vil veksle mellom forelesingar og seminar. I seminara vil delar av pensum bli meir inngåande drøfta, og studentane vil få trening i oppgåveskriving. Ein del oppgåver inngår òg i eksamen (sjå eksamen/evaluering).
Når pedagogiske omsyn tilseier det, kan det fastsetjast eit maksimalt studenttal for den einskilde seminargruppa. For å arbeide godt er seminargruppene avhengige av eit jamt godt frammøte. Studentar med stort fråvære kan miste retten til å følgje undervisninga i vedkomande gruppe. Fagkoordinator kan fastsetje nærare reglar for frammøte i dei einskilde gruppene.
Undervisninga er i regelen ikkje obligatorisk, og i slike høve kan studentane melde seg opp til eksamen utan å ha følgt undervisning. Ein rår likevel til at undervisninga blir følgt regelfast. Dersom delar av undervisninga er obligatorisk, vil dette gå fram av semsterplanen for historie. Obligatoriske krav til innlevering av oppgåver o.l. gjeld alle studentar (også privatistar og kontinuantar med mindre det er gjeve fritak).
Ved sida av undervisninga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i eigne kollokviegrupper.
Vurderingsformer
Det blir til vanleg halde eksamen i verdshistorie i haustsemesteret og i norsk historie i vårsemesteret, jfr. opplysningane nedanfor om evalueringa i dei einskilde emna (3501-3506). Det blir gjeve karakter i kvart emne/prøve etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. Prøveforma kan veksle mellom mappeevaluering/heimeoppgåver, undervegsprøver og sluttprøver i samsvar med eksamensforskrifta for høgskolen.
Av praktiske omsyn kan ekstraordinære prøver og kontinuasjonseksamenar avviklast på annan måte enn ordinær eksamen. Dette går i så fall fram av planen for dei einskilde emna og/eller den fullstendige papirversjonen av studieplanen for historie. Opplysningar finst og på heimesida til faggruppe for historie.
Studentane må gjere seg kjende med og rette seg etter dei opplysningane som kjem i studieguide/semesterplan om emneregistrering, oppmelding til eksamen, krav om pensummelding, innlevering av oppgåver o.l.
Alltid når heimeoppgåver inngår i evalueringa, kan faglærar/sensor kalle inn den einskilde studenten til ei supplerande munnleg prøve.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010