400 Idéhistorie, årsstudium
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskrav er generell studiekompetanse. Sidan ein del av pensumtekstene i mange kurs er på engelsk, er det naudsynt med gode lesekunnskapar i engelsk.
Emna i idéhistorie er retta mot alle som ønskjer å tileigne seg breie kunnskapar om idéutviklinga innan ulike kulturelle hovudområde og dermed oppnå ei betre forståing av samtidstenkinga sine idémessige føresetnader.
Mål for studieprogrammet
Studentane skal gjennom idéhistoriestudiet lære seg å forstå korleis sentrale tankestraumar har utvikla seg innan kulturelle hovudområde, med særleg vekt på perioden frå 1700-talet og fram til vår eigen tid. Ein vil gå inn på utviklinga av m.a. filosofiske, estetiske og politiske idear. Det blir lagt vekt på å etablere samanhengar mellom dei ulike idéområda, slik at studentane opparbeider kompetanse i å lese enkelttekster i lys av andre tekster og ulike idémessige kontekster. Dessutan er det eit hovudmål at studentane gjennom å tileigne seg innsikt i historiske tekster og kontekster skal få ei betre forståing av sentrale idéar i samtida.
Studentane skal oppnå studiemåla ved å arbeide med utvalde original- og kommentartekster, gjennom deltaking på førelesingar, og gjennom oppgåveskriving. Gjennom denne prosessen skal studentane ikkje berre lære seg å gjengi hovudtrekka i
idéhistoriske utviklingsliner og samanhengar, men også utvikle ei evne til å diskutere og ta stilling til tekster, tankar og posisjonar som dei blir kjent med gjennom studiet.
Videre studiemuligheter
Idéhistoriske kunnskapar vil gi ei betre forståing av mange tankestraumar som ein møter i dei fleste humanistiske fag. Derfor vil eit idéhistoriestudium vere tenleg for dei fleste studentar som siktar seg inn mot ein bachelorgrad innan humaniora. Ved Institutt for kultur- og humanistiske fag vil idéhistorie årsstudium kunne inngå som ein komponent i BA i historiske fag, mens enkeltemne frå idéhistoriestudiet vil kunne nyttast inn i andre BA-program. Dessutan vil det vere svært relevant å studere idéhistorie for studentar som ønskjer å gå vidare på masterstudiet i kulturstudiar ved Institutt for kultur- og humanistiske fag. Med atterhald om spesielle krav ved andre studiestader, vil idéhistorie årsstudium kunne danne grunnlaget for vidare studium ved andre høgskular og universitet.
Eit idéhistoriestudium på minimum 60 studiepoeng gir kompetanse til å undervise i idéhistorie og filosofi i skuleverket. Eit idéhistorisk studium gir dessutan ein breiddeinnsikt som vil kunne nyttast innan historie- religions- og litteraturundervisning. Innan programfaget «Historie og filosofi» i vidaregåande skule vil idéhistorisk kompetanse vere særs relevant. Vidare vil idéhistorisk breiddeinnsikt vere tenleg i høve til sentrale arbeidsområde innan kulturlivet, slik som journalistikk, mediearbeid og forlagsverksemd.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Idéhistorie årsstudium 2010/2012
|
Det er utarbeidd eigne omtalar og pensumlister for kvart av emna der innhaldet blir nærare spesifisert. Undervisninga i eit kurs går normalt over eitt semester.
Arbeids- og læringsformer
Inntil 45 undervisningstimar pr. semester. Gruppearbeid og fagturar kan vere aktuelt i nokre av emna.
Vurderingsformer
I nokre av emna skal studentane arbeide med heimeoppgåver. I andre kurs er det midtsemesterprøve på skulen. Alle kurs blir avslutta med skriftleg skuleeksamen.
Det er utarbeidd eigne omtalar for kvart av emna, med spesifikke opplysningar om m.a. vurderingsformer og utrekning av karakterar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no> - 16.09.2010