504 Nordisk historie, fordypning
Innledning
Nordisk historieforsking har tradisjonelt vore mest oppteken av nasjonalstatane. Dette studiet tek utgangspunkt i at «Norden» kan sjåast som ein heilskap med kulturelle, sosiale og politiske særdrag. Gjennom studiet skal det nordiske perspektivet lyftast fram. Studiet tek sikte på å gje innblikk korleis det nordiske rom har spela skiftande roller i historia, og i korleis viktige forskjellar og likskapar mellom dei nordiske landa kan forståast.
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er berekna på alle som ynskjer å skaffe seg kunnskapar om den historiske utviklinga i Norden og om særdraga ved dei nordiske samfunna.
Nordisk historie er eit påbyggingsstudium som byggjer på kunnskapar i historie, eller nærståande humanistiske fag, kulturfag og/eller samfunnsfag. Kunnskapar i norsk (eller eit anna nordisk lands) historie som nokolunde svarar til årsstudium i historie, må reknast som naudsynt startgrunnlag.
Studiet krev gode lesekunnskapar i dansk, engelsk, norsk og svensk.
Mål for studieprogrammet
Fordjupingsstudiet skal
- Gje eit oversyn over den historiske utviklinga i Norden frå og med middelalderen og fram til i dag.
- Gje detaljert innsikt, basert på forskingslitteratur, i to tematisk avgrensa emne innan nordisk historie.
- Gje forståing av særdrag ved dei nordiske samfunna og av korleis dei har utvikla seg.
- Gje forståing av den rolla Norden har spela og spelar internasjonalt.
- Gje innblikk i historikaranes arbeidsmetodar og i grunnlaget for historisk viten.
- Gje kjennskap til aktuell historieforsking i andre nordiske land gjennom samarbeid med eksterne lærestadar og fagpersonar.
- Øve opp evna til å vurdere historisk stoff og historiefaglege hypotesar kritisk og sjølvstendig.
- Øve opp evna til eiga skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
Saman med årsstudiet i historie gjev dette påbyggingsstudiet i alt 80-90 studiepoeng, som dekkjer kravet til fagleg fordjuping i en bachelorgrad. Denne kombinasjonen oppfyller òg kravet til den spesifikke historiedelen i ein bachelorgrad for dei som ynskjer å gå vidare til eit masterstudium i historie. Lik eins kan ein bruke ein bachelorgrad med fordjuping i historie, som grunnlag for masterstudiet i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.
Historie er eit sentralt skolefag og passar difor godt inn i ei lærarutdanning. Faget passar òg godt saman med medieutdanningar, f.eks. journalistutdanning. Saman med andre samfunnsfag, andre kulturfag eller økonomiske fag kan historiefaget gje arbeid innafor offentleg og privat administrasjon. Går ein vidare til mastergrad i historie, vil ein få ei utdanning som kan brukast m.a. i undervising på høgare nivå, arbeid i museum, arkiv m.v.. Forskarutdanning i historie byggjer på mastergrad.
Læringsutbytte
Ved fullført studium skal studenten ha dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
• Oversikt over hovudtrekka i Nordens historie frå og med middelalderen til i dag.
• Detaljert kunnskap om fleire tematisk avgrensa emne innan nordisk historie.
• Forståing av særdrag ved dei nordiske samfunna og av korleis dei har utvikla seg.
• Kjenne til hovudtrekk ved det nordiske samarbeidet.
• Forståing av den rolla Norden har spela og spelar internasjonalt.
• Forståing av metodar som vert bruka innan historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framsyningar og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
• Forståing for historisk forskingsdebatt.
Dugleik:
• Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av dei aksepterte terminologiane og teknikkane i det.
• Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillinger.
• Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjoner frå slikt materiale.
• Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
• Ha kjennskap til og kunne bruke informasjons- og søkerverktøy som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.
Kompetanse:
• Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven eller eigenformulert problemstilling.
• Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Videre studiemuligheter
Årsstudium i historie saman med minst 20 sp frå Nordisk historie fyller fordjupningskravet i ein bachelor i historiske fag. Kombinasjonen oppfyller òg kravet til den spesifikke historiedelen i ein bachelorgrad for dei som ønskjer å gå vidare til eit masterstudium i historie ved eit av universiteta.
Ein kan likeeins nytte studiet i ein bachelorgrad med fagleg fordjuping i historie som grunnlag for hovudfaget i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Nordisk histore, fordypning, høst 2010
|
Studieprogrammet består av eit oversynsemne og to fordjupingsemne, kvart på 10 sp. Det vil variere over tid kva for fordjupingsemne som det vert undervist i. Oversiktsemnet og eit av fordjupingsemna vert undervist om hausten, det andre fordjupingsemnet om våren. For tida blir denne kombinasjonen tilbydd:
Nordisk historie
*) O - Obligatorisk emne, V - Valbare emne |
Studentar som berre vil ta 20 sp. nordisk historie, må alltid velje 3508 som eitt av kursa dei tek.
Det er høve til alternativt å velje individuelle pensa eller pensumdelar i samråd med faglærar(ar).
Studiet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. I fordjupingsemna vil vidare en stor del av pensum vere forskingslitteratur. Faglæraranes eigen forsking kan i nokre høve trekkjast direkte inn i undervisinga.
Internasjonalisering
Studiet tek eit nordisk, og altså eit internasjonalt perspektiv. Det fører studentane i direkte kontakt med forsking frå dei ulike nordiske landa. Ein ekskursjon, i haustsemesteret, til eit anna nordisk land enn Noreg er ein integrert del av studiet (sjå under).
Institutt for kultur- og humanistiske fag har elles ei rekkje utvekslingsavtaler med utanlandske institusjonar. Ta kontakt med instituttkonsulenten, og sjå også studieplanen for bachelor i humanistiske fag. Instituttet rår til at utanlandsopphold blir teke i 4., 5. eller 6. semester. Ta kontakt med studieveiledar.
Arbeids- og læringsformer
Undervisningsformene vil veksle mellom forelesingar og seminar. I fordjupingsemna er seminar den vanlegaste forma, og her vil det bli lagt stor vekt på studentanes egenaktivitet. Undervisinga er som regel ikkje obligatorisk, men ein rår sterkt til at undervisinga blir fylgde regelmessig ettersom pensum er samansett. For at læringsmåla skal nåast, må undervisninga kombinerast med at studentane sjølv set seg grundig inn i pensumlitteraturen og arbeider jamt med den gjennom semesteret.
Undervisinga er forskingsbasert ved at det til vanleg vil vere aktive historieforskarar som står for ho, og ved at forskingslitteratur, dels også historiske kjelder, blir nytta som pensum.
Studentar som ikkje følgjer undervisninga (heilt eller delvis), kan få pålegg om ei eller fleire oppgåveinnleveringar som obligatoriske arbeidskrav og vilkår for å gå opp til eksamen (sjå under). Faglærar er ansvarleg for slike pålegg. Det kan også verte fastsett obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåver, for alle studentar. Å oppfylle slike obligatoriske arbeidskrav er i så fall eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet for alle studentar (også privatistar og kontinuantar med mindre det er gjeve fritak i kvart enkelt tilfelle). Slike oppgåvesvar kjem i tillegg til obligatoriske heimeoppgåver som inngår i eksamen/evaluering. Faglærar kan innkalle studenten til samtale før innleverte oppgåvesvar vert endeleg godkjent.
Dersom delar av undervisninga er obligatorisk, eller det blir fastsett obligatoriske arbeidskrav, vil dette gå fram av planen for det enkelte semesteret.
I tillegg til undervisninga på høgskolen inneheld studiet ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Noreg. Ekskursjonen vil normalt kome i oktober. For studentar som tek minst 20 sp. er ekskursjonen obligatorisk. Studentar som eventuelt har tungtvegande grunner til ikkje å reise, må søkje fritak tidleg i semesteret. Ekskursjonen er vanlegvis sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje ein del av sine eigne utgifter.
Vurderingsformer
Det blir heimeeksamen i eitt av emnestudia i slutten av semesteret (heimeoppgåve på to veker pluss munnleg prøve). Heimeoppgåva blir gitt av faglærar/ar og skal ha vere nær knytt til undervisninga. I tillegg til pensum i emnet kan òg annan relevant litteratur (t.d. ein artikkel) og/eller kjeldestoff dragast inn. Slike tillegg får studenteane utlevert i kopi. Heimeoppgåva kan vere knytt til berre det eine av emnestudia, avgjort etter loddtrekning. Den munnlege prøva supplerar den skriftlege. Berre studentar som har bestått den skriftlege prøva bli innkalla til munnleg prøve. I emnet som ikkje blir uttrekt til heimeeksamen, blir det arrangert skoleeksamen på 4 timar.
Kontinuasjonseksamen
Kontinuasjonseksamen vert berre halden for studentar som hadde gyldig forfall eller ikkje bestod eksamen siste semesteret. Det er eit vilkår for kontinuasjon at studenten oppfylte alle obligatoriske arbeidskrav, og også leverte heimeoppgåva (med mindre det låg føre gyldig forfall).
Kontinuasjonseksamen vert halden som ein skoleeksamen på 6 timar (utan munnleg prøve)
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no> - 23.02.2011