934 Kulturstudier, master

Målgruppe og opptakskrav

Studiet er særleg aktuelt for studentar med humanistisk eller fortolkande samfunnsvitskapleg fag eller ulike tverrfaglege kulturstudium i bachelorgraden sin. Ved sida av studentar som går rett frå fullført bachelorgrad, rettar studiet seg også mot søkarar med yrkeserfaring, for eksempel tilsette i media, offentlege og private kulturorganisasjonar. Studiet eignar seg som etterutdanning, m.a. for lærarar og tilsette i det offentlege og private som arbeider med kulturfaglege problemstillingar. For å bli tatt opp på masterstudiet må studentane ha bachelorgrad eller cand. mag.-grad med

  • eit humanistisk fag
  • eller eit relevant samfunnsvitskapleg fag
  • eller eit tverrfagleg kulturstudium
  • eller eit relevant profesjonsstudium, f.eks. lærarutdanning

Etter særskild søknad kan ein takast opp med ein annan fagleg bakgrunn som er relevant for masterstudiet, og det skal gjerast ein heilskapsvurdering av den faglege bakgrunnen. Karakterkrav C. Unnatak berre mogleg etter søknad.

Mål for studieprogrammet

  • evne til å arbeide tverrfagleg og kritisk med kulturelle fenomen i fortid og nåtid
  • teoretisk og empirisk, historisk og aktuell forståing av moderne kultur, forstått både som den breie kvardagskulturen og som folkekultur, finkultur og massekultur
  • reiskapar til å analysere konfliktar og motsetningar i seinmoderne samfunn
  • kjennskap til barne- & ungdomskultur
  • kjennskap til moderne formidlingsformer og sosiale medier
  • evne til å forstå og forvalte både kulturarven og kulturelle fenomen i ei global og mediert tid
  • innsikt i kulturpolitikk, administrasjon og forvaltning av kunst- og kulturinstitusjonar
  • høve til å utvikle eigne interesser og spesialisere deg i arbeidet med masteroppgåva

Videre studiemuligheter

Kandidatar som fullfører studiet, blir master i kulturstudiar (MA), med

a) valretning i kulturanalyse eller
b) valretning i kulturpolitikk og -administrasjon

Ein mastergradsskandidat som tek praktisk-pedagogisk utdanning, får lektorkompetanse. Masterstudiet vil kunne gi undervisningskompetanse i enkelte humanistiske fag og samfunnsvitenskaplege fag. Studiet vil m.a. kvalifisere for arbeid i skoleverket, i kulturetaten i kommune og fylkeskommune, i media og kultursektoren, t.d. i kulturredaksjonar, forlag og forskjellige kulturformidlingsstillingar, og i ulike delar av samfunnet elles der det krevst brei og allmenn kompetanse.

I løpet av studiet tar ein sikte på å arrangere minst eitt fagseminar utanom høgskolen - her i landet, i eller utanfor Norden. Forholda blir lagt til rette for studieopphald i utlandet.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Mastergradsstudium i Kulturstudier, kull 2010

Felles høstsemester
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
2584 Innføring i kulturstudiar 20,00 O 20          
2585 Innføring i metode 10,00 O 10          
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Kulturanalyse
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
2596 Masteroppgåve, kulturstudiar 60,00 O   20 20 20
2587 Barndom og modernitet 10,00 V   10   10
2594 Internasjonal kulturpolitikk og
kunstformidling
10,00 V   10   10
2595 Migrasjon og fleirkulturalitet 10,00 V   10   10
2589 Natur og kultur 10,00 V   10   10
2597 Sjølvvalt fordjupning i Master
kulturstudiar
10,00 V   10   10
2588 Tale, skrift, bilde og lyd 10,00 V   10   10
2591 Kulturøkonomi og marknadsføring 10,00 V     10  
2593 Kulturhistorisk analyse 10,00 O     10  
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Kulturpolitikk og -administrasjon
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
2596 Masteroppgåve, kulturstudiar 60,00 O   20 20 20
2587 Barndom og modernitet 10,00 V   10   10
2594 Internasjonal kulturpolitikk og
kunstformidling
10,00 V   10   10
2590 Kulturleiing 10,00 V   10   10
2589 Natur og kultur 10,00 V   10   10
2597 Sjølvvalt fordjupning i Master
kulturstudiar
10,00 V   10   10
2588 Tale, skrift, bilde og lyd 10,00 V   10   10
2591 Kulturøkonomi og marknadsføring 10,00 O     10  
2593 Kulturhistorisk analyse 10,00 V     10  
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studentane kan velge mellom to ulike valretningar: kulturanalyse eller kulturpolitikk og -administrasjon.
Valretninga i kulturanalyse tek sikte på å gi studentane ein brei og allmenn kulturkompetanse og evne til å analysere aktuelle og samansette kulturspørsmål. Valretninga i kulturpolitikk og -administrasjon vil òg kvalifisere meir direkte for leiarstillingar i kultursektoren. Studentane gjer merksam på kva for valretning dei vil velje, når dei søkjer studiet, men det er ikkje særskilt opptak til kvar valretning.

Studentar som vil ta valretninga i kulturanalyse, må ta Kulturhistorisk analyse og vel minst eit av følgjande fordjupingsemne: Natur og kultur, Barndom og Modernitet eller medieemnet Tale, skrift, bilde, og dei skriv ei kulturanalytisk masteroppgåve (Masteroppgåve, kulturanalyse, 60 sp)

Studentar som vil ta valretninga i kulturpolitikk og -administrasjon, må ta Kulturøkonomi og marknadsføring og må velje minst eit av følgjande fordjupingsemne: Kultur og leiing eller Internasjonal kulturpolitikk og kunstformidling. Dei må òg skrive ei masteroppgåve med relevans for kultursektoren (Masteroppgåve, kulturadministrasjon, 60 sp).

Studiet er sett saman av eit innføringsemne, eit metodekurs, to fordjupingsemne og ei hovudoppgåve. I tillegg kjem det obligatoriske kurset i Kulturøkonomi og marknadsføring i valretninga i kulturadministrasjon (3. semester) og Kulturhistorisk analyse.

Innføringsemnet er felles for alle og omfattar kulturteori, vitskapsteori og faghistorie. Metodekurset skal førebu studentane på arbeidet med hovudoppgåva. Fordjupingsemna er tverrfaglege og blir tilbydde som semesteremne. Også hovudoppgåva skal ha ein tverrfagleg karakter.

Kva for fordjupingsemne som blir tilbydde, er avhengig av den kompetansen og dei ressursane som til ei kvar tid finst, sjå oversynet nedanfor. Pensum vil til vanleg vere samansett av tekstar/kjelder i varierande omfang og faglitteratur på om lag 1200 sider.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vil skje dels i form av forelesingar og dels i form av seminar. Det blir lagt vekt på dialog med studentane både i forelesingane og i seminara.

Undervisninga i fordjupingsemna vil for det meste skje i seminarform, der fagpersonar med bakgrunn frå ulike fagtradisjonar held innleiingsforelesingar om sine emne. For å ta vare på det tverrfaglege perspektivet vil undervisninga stundom skje etter to-lærarprinsippet.

I særtilfelle kan studenten velje eit anna fordjupingsemne enn dei som er nemnde i studieplanen, særleg når emnet er relevant for masteroppgåva. Emnet - med innhald og pensumliste - må godkjennast av instituttet før semesterstart. Emnet må falle innanfor fagfeltet "kulturstudiar", slik det er avgrensa i studieplanen, og det må finnast kompetanse i emnet ved instituttet. Ein kan ikkje rekne med at det blir tilbydd særskild undervisning i slike emne. Eventuelt sjølvvald emne skal alltid vurderast med munnleg eksamen.

Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Det bli halde eigne seminar i oppgåveskriving kvart semester.

Ein vil også legge forholda til rette for dei som vil vere deltidsstudentar.

Vurderingsformer

Vurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesning på 40-45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnte. Eksamensforma i det tredje fordjupingsemnet er valfri (munnlig eksamen eller prøveførelesning). Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne deil vil prøveforelese i, men oppgåva blir gitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for vurderingsform dei ønskjer.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 19.03.2012