Oversyn over norsk historie etter 1800 3505
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
- Godt oversyn over hovudtrekka i noregshistoria etter ca. 1800.
- Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
- Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
- Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.
Dugleik:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverkty.
Kompetanse:
- Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
- Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar
Læringsmål
Emnet skal
- Gje ei samanhengande oversikt over noregshistoria etter ca. 1800.
- Gje faktiske kunnskapar knytta til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper i perioden.
- Øve opp evna til å vurdere historisk stoff kritisk og sjølvstendig
- Øve opp evna til eiga skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff
- Gje kjennskap til historiefaglege metodar og diskusjonar, m.a. korleis ulike metodiske tilnærmingsmåtar og spørsmålsstillingar pregar tolkinga av fortida
- Trene argumentasjon og analytisk tenking.
Innhold
Tyngdepunkt i emnet er
- 1814
- Folkevekst og samfunnsendring
- Forfatningskonflikt og parlamentarisme
- Nasjonal integrasjon
- Unionsoppløysinga
- Noreg blir eit industriland
- Konfliktar og kriser i mellomkrigstida
- Noreg under andre verdskrigen
- Noreg under den sosialdemokratiske orden etter 1945
- Høgrebølgje og gjennomslag for liberalisme og marknadstenking
Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Kjeldemateriale frå faglæraranes forsking vil kunne verte bruka som eksempler i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet er ein del av årsstudiet i historie (sjå eigen plan for dette). Det er rekna å bli teke saman med emna 3504 og 3506, kvart på 10 studiepoeng. Desse tre emna er meint å kome i andre semesteret i årsstudiet (vårsemester, etter å ha teke 30 studiepoeng i verdshistorie), men det er òg mogeleg å byrje årsstudiet med dei.
Organisering
Undervisninga blir vesentleg gjeve i form av forelesingar, men seminar kan også verte bruka. Studentane vil da til dømes arbeide med oppgåver i timen eller leggje fram oppgåver som er gjort heime. Gjennom undervisninga vil tyngdepunkta i emnet verte gjennomgått og forklara med sikte på, i kombinasjon med studentanes sjølvstendige lesing av pensum, å nå læringsutbyttet omtala over. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt liggje på ca. fire timar. Undervisninga er ikkje obligatorisk. Faggruppa rår likevel til at undervisninga blir følgt regelmessig.
Ved sida av undervisninga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokvier, og lærestaden vil leggje til rette for at slike grupper vert organisert.
Det kan verte fastsett obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåvesvar. Å oppfylle dei obligatoriske arbeidskrava er i så fall eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet for alle studentar (også privatistar og kontinuantar med mindre det er gjeve fritak i kvart enkelt tilfellet). Faglærar kan innkalle studenten til samtale før innleverte oppgåvesvar vert endeleg godkjende.
Vurderingsformer
Vurderinga består av ei skriftleg sluttprøve på fire timar. Heile pensum kan prøvast. Eksamensforma er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking og til skriftleg formidling, jf. punkta om læringsutbytte over. Det blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for stått og F for ikkje stått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 02.07.2012