Folkemusikk 3 - Folkemusikk i Noreg og andre land 60FMUS3
Læringsmål
Studiet skal gje auka innsikt i problemstillingar henta frå allmenn etnomusikkteori og gje innføring i einskilde utanlandske folkemusikktradisjonar i tillegg til dei norske.
Studentane skal også utforske dette materialet gjennom praktisk utøving.
Institutt for folkekultur, HiT, har utvikla samarbeidsavtalar med tilsvarande folkemusikkutdanningar i land som: Slovakia, Ungarn, Irland, Skottland og heile det nordisk/baltiske området. Nye avtalar kjem til ettersom høgskole- og universitetsutdanning i folkemusikk blir meir vanleg. Samarbeidet tar m.a. form av utveksling av lærarar og studentar innanfor Nordplus- og Erasmus-programma, forskingssamarbeid og ekskursjonar.
Med tanke på dette, vil ein leggje særleg vekt på innføring i musikktradisjonar frå land ein til eikvar tid har eit aktivt samarbeide med. Dette vil variere noko frå år til år utifrå ressurssituasjonen ved dei ulike lærestadene.
Målet er å m.a. gje studentane basiskompetanse for framtidige kortare eller lengre studieopphald i utlandet og å vidareutvikle studentane sine kunnskapar om folkemusikken i eit internasjonalt perspektiv.
Studenten skal vidareutvikle seg som utøvar.
Innhold
Delemne 1: Etnomusikk - musikktradisjonar og samfunn (20 studiepoeng)
Studentane skal tileigne seg eit medvete og reflekterande forhold til folkemusikk som fenomen i vår tid, lokalt og globalt. Musikktradisjonar vert belyst både frå ei antropologisk og ei meir musikkteoretisk side: eldre og nyare etnomusikkteori vil stå sentralt.
Studentane skal fordjupe seg i minst ein utanlandsk musikktradisjon.
Tradisjonsmusikk i nokre utvalde område vil bli analysert og praktisert ( aktuelle tema er stil, repertoar, organologi og tradisjonsliner) . Europeiske tradisjonar er særleg aktuelle. Samfunnsfaglege vinklingar er relevante også her.
Praktisk utøving vil vere ein tilnærmingsmåte innan dette delemnet.
Delemne 2: FoU og formidling (5 studiepoeng)
Faget inneheld arbeid med førebuing av prosjektperiode, arbeid med problemstilling og val av metode. Ei generell teoretisk drøfting vert knytt til bachelorprosjektet og studenten skal utforme eit prospekt som dannar grunnlag for dette fordjupingsprosjektet.
Formidlingsdelen må i dette emnet særleg knytast opp mot bachelorprosjektet. Ein kan t.d. tenkje seg at nokre prosjekt vil ta form av meir direkte scenisk arbeid eller anna formidling.
Delemne 3: Hovudinstrument. Samspel, satslære og arrangering (5 studiepoeng)
Den individuelle undervisninga, 10 timar, byggjer vidare på undervisninga frå første og andre studieåret. Studentane arbeider i faste samspelsgrupper, sett saman etter ynskje frå studentane. Studentane skal fordjupe seg i relevante emne innanfor satslære og arrangering. Dette arbeidet kan gjerne vere knytt til dei musikktradisjonane ein for tida arbeider med i etnomusikk.
Organisering
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, verkstadarbeid, ekskursjonar, sjølvstudium og heimeoppgåver.
Undervisninga vil bli lagt til intensive emnebolkar gjennom haustsemesteret.
Ekskursjonar vil normalt vere knytt til ekskursjonar som første- og/eller andreårsstudentar gjennomfører. Det er elles naturleg at studentane deltar i arrangement i instituttet sin regi der det er praktisk mogleg.
Der det er relevante kurs haldne av gjestelærarar vil desse vere obligatoriske.
Normalt vil kvar einskild student få 10 timar individuell undervisning, men dette vil kunne variere utifrå kva ressursar studiet rår over.
Samspel. Samarbeid med FM1 og FM2 er nødvendig der det er mogleg.
Undervisninga i FoU vert delvis organisert saman med folkekunst 3.
Vurderingsformer
Heimeoppgåve 1 - vurderes til bestått/ikke bestått
Heimeoppgåve 2 - med karakter som tel 25 %
Skriftleg eksamen på 4 timar - med karakter som tel 75 %
Det blir gjeve karakterar etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. ) Det vert ført ein karakter på vitnemålet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 23.07.2011