523 Engelsk påbygging

Innledning

Engelsk er både eit reiskapsfag og eit danningsfag. Forskjellige variantar av engelsk er i bruk i store delar av verda, og i ei tid med aukande globalisering er engelsk ein naudsynt reiskap i mange forskjellige samanhengar. I stadig større grad vert det stilt krav om at ein meistrar både munnleg og skriftleg engelsk på profesjonelt nivå. God tekstkompetanse på engelsk, saman med kunnskap om historie, kultur og samfunnsstrukturer i den engelsktalande verda, er i mange tilfelle ein føresetnad for å kunna orientere seg i det globale informasjonssamfunnet. I tillegg er engelsk også eit danningsfag. Studiet av språk, samfunn, litteratur og andre kulturuttrykk i forskjellige engelsktalande land fremjer forståing om korleis folk lever og tenkjer i desse landa, i både eit historisk og eit samtidig perspektiv, og aukar fokuset på betydninga av den globale røyndomen.

Målgruppe og opptakskrav

Målgruppa er alle som ynskjer seg ei styrking av engelskkompetansen i høve til årsstudiet, og som ynskjer å gå meir i djubda i utvalde emne innan språk, litteratur og/eller kultur.

Opptakskrav er fullført årsstudium eller tilsvarande utdanning.

Mål for studieprogrammet

Studiet skal utvide studentane sin kunnskap om engelsk språk, og/eller litteratur og/eller kultur, og forbetre evna deira til å uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk.

Påbygging i engelsk kan kombinerast med andre studium og emne i ein bachelorgrad i humanistiske fag. Saman med årsstudiet i engelsk kan det utgjere fordjupinga i ein bachelorgrad i humanistiske fag.

Studiet kan og kombinerast med studium ved andre høgskular eller universitet.

Engelsk er eit sentralt skulefag og saman med engelsk årsstudium kan det nyttast i ei lærarutdanning sett saman av fagstudium og PPU (praktisk pedagogisk utdanning). Påbygging i engelsk vil elles gje eit godt grunnlag for yrke der det vert stilt kompetansekrav innan engelsk, som i reiselivsbransjen, presse og media, i internasjonalt arbeid, forlagsverksemd og ulike oppgåver i næringslivet og offentlig forvalting.

Læringsutbytte

Læringsutbytte:

Kunnskap:

  • Kunnskap om forholdet mellom språkleg form og språkleg innhald.

Sjå elles dei enkelte emneomtalene for fleire detaljar.

Dugleikar:

  • Tenkje analytisk og sjølvstendig om språk og språklege verkemiddel.
  • Vise ei kritisk og sjølvstendig haldning til og forståing for problemstillingar knytte til studiet av språk og/eller litteratur og/eller kultur.
  • Forstå ulike språklege variantar og stilnivå.

Sjå elles dei enkelte emneomtalene for fleire detaljar.

Kompetanse:

  • Evne til å bruke engelsk som eit effektivt kommunikasjonsmiddel i skrift og tale
  • Evne til å bruke tillært engelskkunnskap i nye samanhengar.
  • Evne til å vidareformidle kunnskapen om engelsk språk, litteratur og kultur

Videre studiemuligheter

Engelsk fordjuping i ein bachelorgrad må vere på minst 20 sp i tillegg til årsstudiet på 60 sp, og ei slik fordjuping kan vere grunnlaget for opptak til masterstudium, særleg i engelsk.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Engelsk påbygging
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H)
2028 African American Literature 10,00 V 10
2029 English through the Ages 10,00 V 10
Sum: 20
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er sett saman av 2 (3) emne, à 10 studiepoeng. Det vert undervist i to påbyggingsemne kvar haust. Kva emne det vert undervist i vil variere frå år til år.

Studentar som ynskjer ei påbygging i engelsk på 30 studiepoeng kan ta 20 studiepoeng på eitt haustsemester, men må vente til neste haustsemester for å få undervisning i det tredje emnet. Alternativt kan dei velje emnet Written English Project i vårsemesteret, etter å ha fullført 80 studiepoeng i engelsk.

Alle emna er sjølvtendige studieeiningar med avsluttande eksamen.

Emneoversikt med lenker.

Internasjonalisering

Institutt for kultur- og humanistiske fag har ei rekkje utvekslingsavtaler med utanlandske institusjonar, der det mellom anna vert tilbode emne innan engelsk språk, litteratur og kultur. Ta kontakt med studiekonsulenten for meir detaljert informasjon, og sjå elles studieplan for bachelor i humanistiske fag. Instituttet rår generelt til at utanlandsopphald vert teke i femte eller sjette semester.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar, og vil variere noko frå emne til emne. Ein forutset aktiv deltaking frå studentane i undervisninga, i form av diskusjonar og/eller presentasjonar. Det vil normalt vere tre timar undervisning i kvart emne i veka. All undervisning er på engelsk.

Vurderingsformer

Det vert nytta både skriftlege og munnlege vurderingsformer, og alle emna vil ha ei blanding av undervegs- og sluttvurdering. Vurderingsformene skal kartlegge omfanget av den kunnskapen og forståinga som studentane har innan kvart emne, saman med evna deira til å uttrykke seg munnleg og/eller skriftleg på engelsk. Sjå elles omtalene for kvart enkelt emne. Ved alle eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 02.04.2011