African American Literature 2028
Læringsutbytte
Studenten skal ha kunnskap om sentrale forfattarskap, tradisjoner og problemstillingar innanfor amerikansk amerikansk litteratur. Dei skal vere i stand til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på korrekt engelsk og skal kunne nytte litterære omgrep for å diskutere tekstene.
Innhold
Emnet tar føre seg eit utval tekster av afrikansk amerikanske forfattarar frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Tekstene representerer eit bredt spekter genrar, som til dømes slavefortelling, roman, poesi og novelle. Ein analyserer tekstene som sjølvstendige verk, men vil óg lese dei i samanheng med kvarandre. Det vert lagt vekt på både tematisk og stilistisk likskap og skilnad mellom tekstane. Den kulturhistoriske konteksten dei spring ut av er sentral og kjennskap til denne er ein føresetnad for lesing og tolking av pesnumlittesrturen. Pensum innehalder óg essays og litteraturkritikk som diskuterer korleis ein på best mogleg vis kan nærme seg og forstå desse tekstane.
Arbeids- og læringsformer
Førelesningar og seminar inntil 3 timar i veka. Hovudvekta er på seminarformen, og det vert lagt opp til diskusjonar og aktiv studentdeltaking
Vurderingsformer
Undervegsvurdering tel 40% av samla karakter. Skriftleg sluttprøve tel 60%. Både undervegsvurdering og sluttprøve må vere beståtte for å få karakter i emnet. Ved begge eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Inger-Anne Søfting <Inger.a.softingSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 24.01.2012