Mot ei verd. Verdshistoria etter ca 1800 - nett 3502N

Læringsutbytte

Kunnskap og forståing:
Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistorie etter ca. 1800.
Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.
Dugleik:
Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverktøy.
Kompetanse:
Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Emnet skal
Gje ei samanhengande oversikt over verdshistoria etter ca. 1800.
Gje faktiske kunnskapar knytta til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper i perioden, særleg innan den europeiske kulturkrins, men også globalt.
Øve opp evna til å vurdere historisk stoff kritisk og sjølvstendig
Øve opp evna til eiga skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff
Gje kjennskap til historiefaglege metodar og diskusjonar, m.a. korleis ulike metodiske tilnærmingsmåtar og spørsmålsstillingar pregar tolkinga av fortida
Trene argumentasjon og analytisk tenking.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er
Den industrielle revolusjonen – som forandra verda
Den franske revolusjonen – som politisk sprengkraft i verda
Gjennombrotet for nasjonalstatstanken
Sosiale og økonomiske utviklingstrekk på 1800-talet
Imperialismen: Vesten legg verda under seg
Ideologiar og tilhøvet mellom ideologiar og politikk
Demokrati eller diktatur: dei store politiske motsetnadane i mellomkrigstida
Dei store katastrofene: første og andre verdskrig
Den kalde krigen og terrorbalansen
Avkoloniseringa
Tilhøvet mellom nord og sør, mellom industriland og «utviklingsland»
Samanbrotet i austblokka: Mot eit nytt verdsbilde?
Utfordringar knytta til miljø, folkevekst, migrasjon
Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Faglæraranes eiga forsking kan i nokre høve trekkjast direkte inn i undervisninga.
Emnet er ein del av årsstudiet i historie på nett (sjå eigen plan for dette). Det er mogleg å begynne studiet kvart semester.

Arbeids- og læringsformer

Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:

1) Samlingar med forelesingar – ein i byrjinga og ein i slutten av semesteret, kvar på to dagar (fredag ettermiddag og laurdag formiddag).

2) Fronter – vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringar. Lydfilar med faglege foredrag/studiosamtaler vert lagt ut kvar uke. Powerpointar og liknande undervisingsmateriell vert lagt ut meir sporadisk.

3) Gruppesamtalar via Skype eller Nefsis. Nærare tidspunkt for gruppesamtalar vil bli annonsert ved starten av semesteret. Det vil også verte lagt til rette for gruppearbeid over nettet. Studentane kan også stille faglege spørsmål i Forumet i Fronter. Spørsmål og svar vil då vere tilgjengelege for alle studentar. For spørsmål av meir individuell karakter vil faglærarane vere tilgjengelege på e-post og telefon.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ei undervegsprøve og ei sluttprøve. Skriftlege eksamenar, der drøftande essay-oppgåver normalt vil vere ein viktig del, er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.
Undervegsprøva består i ei obligatorisk innleveringsoppgåve i Fronter i oktober. Oppgåva skal vere på mellom 9000 og 11000 teikn. Ein avgrensa del av pensum (den delen som det har vore undervist på grunnlag av, i praksis omkring ein tredjedel av samla pensum) ligg til grunn for denne prøva. Prøva blir vurdert med godkjend/ikkje godkjend. Godkjend undervegsprøve er eit vilkår for å gå opp til sluttprøve. Kandidatar som ikkje står på undervegsprøva på første forsøk, får høve til å prøve igjen ein gong.
Sluttprøva er ein skoleeksamen på fire timar i slutten av semesteret. Heile pensum kan prøvast. Her vert det gjeve karakterar på ein skala frå A-F, hvor A er best og F er ikkje stått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 12.04.2012