Generell og organisk kjemi - nettkurs 4400N
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Dei skal
- kunne gjere greie for bygginga og elektronstrukturen til atoma og korleis dei fysiske og kjemiske eigenskapane til grunnstoffa blir endra etter plasseringa i det periodiske systemet
- kunne utføre utrekningar ved hjelp av reaksjonslikningar
- kunne gjere greie for dei forskjellige typar kjemiske bindingar som kan oppstå mellom atom og molekyl
- kjenne til den romlege bygginga av enkle molekyl
- kunne gjere greie for og bruke gasslovane
- kunne gjere greie for omgrepet kjemisk likevekt og korleis ei likevekt kan bli påverka
- kjenne til dei fire typane av kjemiske reaksjonar: Redoks, syre-base, fellingar og kompleksdanning
- kunne utføre ulike pH-utrekningar
- kunne gjere greie for energiforhold i kjemiske reaksjonar
- kjenne til korleis forskjeller i elektronegativiteten til atoma kan bli bruka til å lage elektrokjemiske celler og kunne rekne ut potensialet til slike celler
- kunne gjere greie for korleis ein kan bestemme produkta i ein elektrolyse både kvalitativt og kvantitativt
- kjenne til eigenskapane til faste stoff og væsker, og kva som bestemmer desse eigenskapane
- kjenne til eigenskapar ved vassløysningar
- kjenne omgrepet reaksjonsfart og kva som påverkar denne
- kunne utføre enkle kjemiske analysar på laboratoriet
- kunne gjere greie for ulike organiske stoffgrupper og deira eigenskapar
- kjenne til ulike typar organiske reaksjonar
- kjenne til ulike formar for isomeri
- kjenne til oppbygginga av næringsstoffa
- kjenne til eigenskapane til enzym og korleis sukker blir brote ned i organismen
- kjenne til bygginga av nukleinsyrer og korleis dei verkar
- kunne gjere greie for eigenskapane til radioaktiv stråling
Innhold
- Støkiometri, gassar og kjemiske likevekter
- Atomstruktur, kjemiske bindingar og intermolekylære krefter
- Lewis-notasjon og VSEPR-teori
- Syrer og baser, bufferar, titrering og løysingsevne
- Termokjemi
- Elektrokjemi
- Fasediagram, løysningar og kolligative eigenskapar
- Reaksjonsfart
- Hydrokarbonar, alkoholar, eterar, fenolar, amin, aldehyd, keton, karboksylsyrar, esterar
- Organiske reaksjonstypar, isomeri
- Næringsstoff: Karbohydrat, lipid, protein
- Enzym
- Sukkerforbrenning
- Nukleinsyrer og proteinsyntese
- Radioaktiv stråling: Absorbsjon og rekkevidde, halveringstid, fisjon og fusjon
- Laboratoriekurset inneheld øvingar av generell kjemisk karakter og analysar av stoff frå naturen og dagleglivet
Arbeids- og læringsformer
Sjølvstudium, 6 dagar med samlingar ved HiT til obligatoriske laboratorieøvingar. Ein dag i februar, ein dag i april og fire dagar i juni.
Vurderingsformer
Studentane skal levere lab. rapportar som skal vere godkjende før ein går opp til eksamen.
Det er tre skriftlege deleksamenar: februar (30 %), april (30 %) og juni (40 %). Det blir gitt karakterar frå A til F. Deleksamenskarakterane blir slått saman til ein emnekarakter.
Det blir teke atterhald om mindre justeringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bjørn Steen <bjorn.steenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 13.09.2012