Geologi og landskap 4009
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
- Kunne greie ut om jordas indre oppbygging og sentrale indre geologiske prosessar
- Kjenne til dei mest vanlege bergartsdannande minerala i Noreg
- Kunne greie ut om danninga av magmatiske, sedimentære og metamorfe bergartar og vise til eksempel frå kvar hovudgruppe
- Kjenne til jordas funksjonar og eigenskapar, og kunne greie ut om jordsmonndannande faktorar og prosessar
- Kunne greie ut om samanhengen mellom kulturutvikling og landskapsutvikling
- Kunne greie ut om hovudlinene ved forminga av landet vårt under og etter siste istid
- Kunne tolke bergrunnskart og kvartærgeologiske kart og sjølv vere i stand til å utføre enkel overflatekartlegging
- Kunne identifisere vanlege norske mineral og bergartar ved bruk av enkle etablerte metodar
- Kunne implementere kunnskapen om geologi og landskap i tverrfaglege samanhengar
- Bidra ved planlegging og gjennomføring av prosjekt som omfattar forståing og forvaltning av geologi og landskap
Innhold
Emnet er tverrfagleg i skjeringspunktet geologi, landskap og kultur. Sentrale tema er:
- Berggrunnsgeologi: Mineral og bergartar, indre og ytre geologiske prosessar og Noregs geologiske historie.
- Kvartærgeologi: Forminga av landet under og etter siste istid, ulike lausmassars eigenskapar, stratigrafi, dateringsmetodar og kvartær historie.
- Jord og jordsmonn: Jordas funksjonar og eigenskapar, jordsmonndannande faktorar og prosessar.
- Kulturlandskap: Kulturutvikling og landskapsendringar.
- Kart: Tolking og bruk av topografiske kart og temakart.
Arbeids- og læringsformer
I tillegg til forelesingar belysast sentrale tema gjennom praktiske øvingar (obligatorisk) og eit fem dagars feltkurs (obligatorisk). Naturvitskapleg felt- og laboratoriemetodikk utgjer to studiepoeng. Det må påreknast feltkursutgifter på ca. kr 1000.
Vurderingsformer
Endelig eksamenskarakter (A-F) blir gitt utifrå ei praktisk midtprøve i gjenkjenning av mineral og bergartar (tel 20%) og ei skriftleg sluttprøve (4 timar, tel 80%). Begge prøver må vere bestått. Rapportar frå obligatoriske feltkurs og øvingar må også vere bestått for å få godkjent vurdering i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Live Semb Vestgarden <Live.S.VestgardenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 12.01.2012