Bacheloroppgåve - avsluttande prosjekt FMUS3
Læringsutbytte
Studenten skal vere i stand til å gjennomføre eit praktisk og skriftleg fou-prosjekt med etnomusikkologisk vinkling.
Innhold
Fordjupinga tek form av eit prosjektarbeid med tilhøyrande rapport (25-30 sider) Prosjektet kan vinklast mot utøving / formidling eller mot ei meir teoretisk analyse av eit tradisjonsmateriale.
I ei utøvande / formidlande retning vil prosjektet kunne ta praktisk form av t.d. ein konsertserie, ein CD-produksjon, eit undervisningsopplegg eller arbeid i media/ ulike kulturinstitusjonar.
Ei meir teoretisk vektlegging må drøfte tradisjonsmaterialet utifrå ein musikkteoretisk, samfunnsvitskapleg og/eller kulturhistorisk ståstad.
Eit utanlandsopphald på minimum tre månader hjå ein av instituttet sine nettverkspartnarar er også aktuelt. Nye partnarar kan og kontaktast.
I alle høve, også ved eit utanlandsopphald, skal ein kritisk rapport med problemformulerande element skrivast. Det kan her vere naturleg å ha ei samanliknande vinkling i problemformuleringa.
For studenten kan det vere særleg nyttig å velje emne/tema utifrå omsynet til eit framtidig masterstudium i tradisjonskunst.
Individuell undervisning og samspel.
Den individuelle undervisninga byggjer vidare på undervisninga frå første og andre studieåret. Normalt vil kvar einskild student få 10 timar individuell undervisning, men dette vil kunne variere utifrå kva ressursar studiet rår over.
Studentane arbeider i faste samspelsgrupper, sett saman etter ynskje frå studentane.
Samarbeid med FM1 og FM2 er nødvendig der det er mogleg.
Arbeids- og læringsformer
Studiet vil normalt bli lagt til vårsemesteret.
Ekskursjonar vil normalt vere knytt til ekskursjonar som første- og/eller andreårsstudentar gjennomfører. Det er elles naturleg at tredjeårsstudentane deltar i arrangement i instituttet sin regi der det er praktisk mogleg.
Der det er relevante kurs haldne av gjestelærarar vil desse vere obligatoriske.
For studentar som vel utanlandsopphald, kan deltaking på seminar og kurs falle bort dersom dette ikkje lar seg gjennomføre av dokumenterte, praktiske grunnar.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, individuell undervisning (10 timar med lærar), ekskursjonar, sjølvstudium/feltarbeid og heimeoppgåver.
Studiet er prosjektretta og studentane må arbeide individuelt og i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver. Meir forskingsprega arbeid og feltarbeid krev også ein sjølvstendig innsats.
Alle studentar har krav på vegleiing i samband med prosjektarbeidet. I samråd med rettleiar må studenten finne relevant litteratur.
Vurderingsformer
Instituttet vil arrangere tre obligatoriske seminar i løpet av semesteret.
Desse seminara er meint å følgje opp bachelorprosjektet, der problemstillingar, teori og praktisk gjennomføring blir vurdert og drøfta.
Eksamen i bachelorprosjektet skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten kan bli eksaminert i både praktiske og teoretiske komponentar for å fastsette sluttkarakter i bachelorprosjektet.
Det blir gjeve karakter etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. ). Det vert ført ein karakter på vitnemålet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Frode Nyvold - 29.02.2012