Folkekunst 2 FKUN2
Læringsutbytte
Studenten skal
- gjennom arbeid med materiale og teknikkar ha utvikla sine tekniske ferdigheter
- ha tileigna seg metodar for eksperimentering og ídéutvikling
- ha tileigna seg ferdigheter innan teikning, skissering og modellarbeid slik at eigne idéar og tankar kan formidlast visuelt til andre
- skal kunne dokumentere og presentere eige praktisk arbeid skriftleg og i form av utstillingar
- skal kunne vurdere og reflektere over eige arbeid og eigen arbeidsprosess
- skal ha tileigna seg kunnskap om norsk formgjevingshistorie og kunne sette tradisjonskunsten og eige arbeid inn i ein større samanheng
Innhold
Studiet er bygd opp om to delar, ein fellesdel og ein spesialiseringsdel. Fellesdelen handlar om å skaffe seg røynsle og innsikt i tradisjonskunst og nyare norsk formgjeving, formidling og innsyn i FoU-arbeid.
Fellesdelen har desse fagområda:
- Formgjevingshistorie
- FoU-metodikk
I spesialiseringsdelen kan ein velje mellom:
- Formgjeving - i tre, metall eller tekstil
Fellesdelen er vekta til 20 %, og spesialiseringsdelen er vekta til 80 %
Valemne:
Det er mogleg for studentar å velje eit 3 månaders studieopphald i utlandet som del av spesialisering i formgjeving. Opphaldet kan vere ved ein utdanningsinstitusjon eller ta form av eit feltarbeid utforma i samråd med faglærar og instituttleiinga. Valemnet erstattar praksis, studietur og delemnet vern / fornying.
Høgskolen vil til ei kvar tid avgjere kor mange av spesialiseringstilboda som kan setjast i gang.
FELLESDEL
Hovudemne FORMGJEVINGSHISTORIE
Mål
Målet for faget er å setje arbeid med tradisjonskunsten og det praktisk / estetiske arbeidet på verkstaden inn i ein større samanheng. Gjennom ulike tema og perspektiv som vert belyst, skal studenten verte i stand til å gjere riktige val når det gjeld vern, fornying og formidling.
Studenten skal bli kjend med andre kunst - og kulturuttrykk, frå ca.1800 og fram til vår tid, for å kunne sjå tradisjonsuttrykk som ein del av andre estetiske uttrykk.
Målet er at studentane skal få eit medvete og reflekterande forhold til tradisjonskunst som fenomen i vår tid.
Innhald
Tradisjonskunsten skal settast inn i ein samanheng som del av norsk formgjeving. Sosiale og etnologiske spørsmål i samband med vår gjenstandskultur vert belyst. Omgrepa kultur og tradisjon, vern og fornying vert utdjupa som emne. Ein tek opp spørsmål og problemstillingar knytt til det å formgje ut frå eigen kulturgrunn. Det er eit fag som krev aktiv deltaking frå studentane si side. Ein tek opp til diskusjon tema som skal belyse kvifor, og på kva måte, ein i dag bør arbeide med vern og fornying av den tradisjonelle formkulturen
Ulike formuttrykk vert belyst for å sette tradisjonskunsten inn i ein kunstnarleg og kulturhistorisk samanheng.
Forbrukarsamfunnet og moderne teknologi gjer at tradisjonelle produksjonsmåtar og handverksprodukt vert utsett for hard konkurranse. Drøfting av kvalitetsomgrepet i lys av dette perspektivet er eit viktig tema.
Faget omhandlar analyse av faktorar som spelar inn i tradisjonsuttrykka, og kva verdiar ein her kan finne med tanke på vern og fornying.Tradisjonsuttrykka må sjåast i eit europeisk og globalt perspektiv. Det er lagt opp til studietur til eit anna europeisk land for at studentane skal få nærare kjennskap til dei felles europeiske tradisjonsuttrykka. Det er også mogleg for studentar å velje 3 månaders studieopphald i eit anna europeisk land som del av fordjupinga.
Gjenstanden som historisk dokument og estetisk objekt
- Relasjonane mellom folkekunst, husflid, handverk, kunsthandverk, kunst og kunstindustri
- Norsk formgjevingshistorie
Fagfilosofi
- Vern og fornying
Folkekunsten i eit økologisk og kulturhistorisk perspektiv
- Næring, livsgrunnlag og formkultur
- Norsk folkekunst sett i ein europeisk og global samanheng
Hovudemne FoU - METODIKK
Mål
Forskings - og utviklingsmetodikk skal gjere studentane betre egna til å gjennomføre enkle prosjekt og oppgåver knytt til temaet folkekunst /ttradisjonskunst og vurdere kritisk FoU-arbeid. Faget skal hjelpe studentane til å finne metodar for innhenting av data frå museum, arkiv og andre kjelder og til å nyttiggjere seg dette materialet i det praktisk - teoretiske arbeidet for å nå målet om vern og fornying av den tradisjonelle formkulturen.
Ei god skriftleg framstilling og gode presentasjonsformer av resultat frå arbeid med konkrete problemstillingar er også mål for dette faget.
Innhald
Dette føreset at ein óg tek opp prinsipielle forskarspørsmål, men i fyrste rekkje arbeider med høvelege strategiar og metodar for FoU-prosjekt i tradisjonskunst.
Studentane skal arbeide praktisk med faglege utviklingsarbeid i spesialiseringsdelen og dokumentere det praktiske arbeidet i skriftlege rapportar. Arbeid innan FoU-metodikk er heile tida integrerte prosjekt med problemstillingar knytt til spesialiseringsdelen.
Delemne
- Kva er FoU-arbeid
- FoU-metodikk i estetiske fag
- Problemstilling
- Prosjektarbeid
- Dokumentasjon
- Folkekunstforsking
Spesialisering: FORMGJEVING
VERKSTADFAG OG ESTETISKE FAG
Mål
Denne spesialiseringa byggjer på verkstadfaget i grunnstudiet folkekunst 1, og har som mål å vidareutvikle studentane sine kunnskapar om norsk tradisjonskunst når det gjeld variasjonar innan produksjonsmåtar og estetiske kvalitetar. Gjennom kunnskap i desse områda skal studentane verte i stand til å arbeide for vern, fornying og formidling av den materielle formkulturen. Studentane må gjere vurderingar og val under utforminga av nye produkt som gjer at produkta blir gode samtidsprodukt.
Innhald
Spesialisering formgjeving er sett saman av to hovudemne: verkstadfag og estetiske fag.
Desse fagområda støttar opp om, og utfyller kvarandre, i arbeidet med formgjeving av eigne produkt. Undervisninga i verkstadfaget er knytt til rettleiing av studentane i arbeidet med studieoppgåvene. I tillegg vert det enkelte kursveker der tema vil kunne variere frå år til år. I den teoretiske undervisninga i verkstadfaget vert det ei fordjuping i tema som det vart undervist i på grunnstudiet.
Tema som ein tek opp i fellesdelen skal vere med på å påverke utforminga av nye produkt. Arbeidet med verkstadfaget og estetiske fag er delt opp tematisk i prosjektperiodar der ein arbeider med vern, fornying og formidling.
Det er tre studieoppgåver gjennom året knytt til delemna Eksperimentering, Fornying og Vern/Fornying. Desse studieoppgåvene er arbeidskrav som må gjennomførast og er med i mappevurderinga. Siste periode av studieåret, om lag 10 veker, arbeider studenten med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.
Innanfor verkstadfaget vel ein mellom materialområda tre, metall og tekstil.
Det er også tilbod om studieopphald i utlandet.
Hovudemne VERKSTADFAG
- TRE, METALL OG TEKSTIL
Gjennom hovudemnet verkstadfag skal studentane få utvida kjennskap til, og kunne fordjupe seg i dei funksjonelle, materielle, etiske og estetiske element som er tilstades i norsk tradisjonskunst.
Ein legg vekt på at studentane skal verte i stand til å formgje ut frå eigen kulturgrunn, nytte ut lokalt materialtilfang og tradisjon i produksjon av gode samtidsprodukt. Med gode samtidsprodukt meinast produkt der ein tek omsyn til, og finn gode løysingar på forholdet form og funksjon, miljøfaktorar, produksjonsmåtar og estetiske kvalitetar i utforminga av produktet.
Arbeidet i verkstadfaget er delt inn i tema, 3 delemne gjennom året, der ein søkjer å synleggjere gjennom ulike arbeidsmetodar og tilnærmingar. Formidlingssida vert også ein viktig del av dette arbeidet.
I tillegg til desse tema, vert det gjennom året arbeidd i kortare periodar med ulike teknikkar og oppgåver. Desse kan variere frå år til år, men ein legg vekt på å arbeide vidare med tema / teknikkar som det vart gjeve innføring i på grunnstudiet.
For å sette norsk tradisjonskunst inn i ein større samanheng, er det mogleg å gjennomføre eit studieopphald i utlandet. Gjennom studieopphaldet skal studenten sette seg inn i korleis arbeidet med vern og fornying av folkekunsten / tradisjonskunsten skjer i dette landet. Studieopphaldet kan ha både ei teoretisk - og / eller praktisk tilnærming.
Det er sett av 1-2 veker med praksis hjå kunsthandverkarar, handverkarar, museum e.l. i vårsemesteret.
DELEMNE
Eksperimentering
Studentane skal lære seg ein metodisk arbeidsmåte for å drive utprøvingar innanfor sine materialområder. Målet for dette temaet er å undersøke muligheiter for løysingar og resultat på bakgrunn av ei problemstilling.
Den kreative prosessen, frå utvikling av problemstilling, val av framgangsmåte for utprøvingar til presentasjon av resultat av eksperimenta, er ein arbeidsmåte som studenten vil måtte bruke i seinare oppgåver gjennom studiet.
Tema kan t.d. vere form, farge, tekstur/struktur, materiale, konstruksjon.
Målet for denne perioden er ikkje å kome fram til eit nytt produkt, men å erfare korleis ein gjennom eksperimentering som metode kan kome fram til nye og uventa løysingar.
Dokumentasjon og presentasjon av arbeidet er ein viktig del av dette temaet.
Fornying
Med utgangspunkt i tradisjonsmateriale skal studenten arbeide med utvikling av produkt der målsetjinga er fornying av eit tradisjonsmateriale. I tillegg til kravet om fornying, kan denne temaperioden ha klart definera krav til produktet. Det kan vere krav om ein heilskapleg produksjon med utarbeiding av emballasje, logo og presentasjonsform, eller det kan vere krav til teknikk som vert sett som ramme for oppgåva. Det overordna målet er likevel fornying, og studenten må drøfte og grunngje korleis dette målet er nådd.
Val av vinkling på oppgåveperioden innanfor ramma fornying vil variere frå år til år.
Vern/ fornying
Målsetjinga vern vil seie at kravet om eiga formgjeving vert tona ned. Det å kunne dokumentere eit tradisjonsmateriale er ei forutsetning for vidare arbeid med fornying. Dokumentasjon og analyse av tradisjonsmaterialet vert viktig. Med omgrepa vern / fornying meinast det her at studenten skal sette seg inn i korleis gjenstandar innanfor eit tradisjonsområde er produsert; d.v.s. å setje seg inn i teknikkar, kva reiskap som er brukt under tilverkinga, materialkvalitetar, form m.m. Denne kunnskapen og forståinga er viktig å ha med seg i det vidare arbeidet, der fornying er målet. Sluttproduktet av ein slik prosess kan vere ein tilnærma kopi av gjenstanden som er dokumentera og analysert og eit produkt som syner fornying.
Gjennom denne bruken av tradisjonen vil studenten få kunnskap om tradisjonelle tilverkingsmåtar og ei forståing av korleis tradisjonen har utvikla og endra seg.
Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing
Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet og skal femne om dei ulike faga som studiet er bygd opp av. Innhaldet i oppgåva skal omfatte samla verksemd frå idetilfang, planlegging, utforming / produksjon og presentasjon / formidling av resultatet. Tema skal vere godkjend av klasseleiar og faglærar før studenten kan gå i gang med årsoppgåve.
Kursveker / temaundervisnig
Det vert sett av tid til spesialisering / fordjuping innan enkelte teknikkar / tema. Desse vekene går parallellt med arbeidet innanfor dei enkelte delemna. Innføring i nye tema,både praktisk og teoretisk, temaveker og felles gjennomgang av oppgåver har obligatorisk deltaking. Studentane skal også levere inn rapport som dokumenterer kunnskap frå kurs- og temaundervisning.
Studietur
Påbyggingsstudiet i folkekunst og folkemusikk har felles obligatorisk studietur til eit europeisk land. Ein har valt å legge studieturen til Slovakia og Ungarn, då desse landa er rike på tradisjonar både når det gjeld folkekunst og folkemusikk. Studiet har eit godt fagleg nettverk, både med utdanningsinstitusjonar, organisasjonar og tradisjonelle utøvarar.
Studentar som ikkje kan delta på den obligatoriske studieturen, må utføre eit sjølvstendig studiearbeid som omhandlar europeisk folkekunst. Dette vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend
VALFRITT DELEMNE
Europeisk folkekunst
Studenten kan velje å gjennomføre eit kortare studieopphald i utlandet ( tre månader), og skal gjennom dette gjere seg kjend med lokal tradisjon der han / ho oppheld seg. Ved kontrastering og samanlikning skal studenten på bakgrunn av dette kunne setje norsk folkekunst inn i ein større kunstnarleg og kulturell samanheng.
Studieopphaldet kan ta form av eit feltarbeid der studenten har kontakt med lokale utøvarar og forskarar. Eit slikt feltarbeid må utarbeidast i samråd med faglærar og institutt og i forståing med lokale fagfolk. Det kan også vere snakk om å følgje faste studieopplegg i regi av ein lokal utdanningsinstitusjon, der det er utarbeidd ein formell avtale mellom institusjonane.
Innhaldsmessig vil studieopphaldet variere ut i frå kva for materialområde studenten arbeider med og etter kva for institusjonar og lokale område som er aktuelle.
Døme:
Instituttet har eit godt utvikla nettverk i Slovakia og Ungarn. Studenten vil kunne ha ei tilknyting til Academy of Fine Arts and Design Bratislava eller Moholy-Nagy University of Arts and Craft i Budapest, til ulike museer og vil kunne ha kontakt med utøvarar i dei ulike landa.
Arbeidsmåtar vil kunne variere frå feltarbeid med deltakande observasjon, registreringsarbeid, individuell opplæring hjå tradisjonsberarar til forelesing og gruppearbeid. Studentane kan også fylgje ei tilpassa undervisning ved studiestaden.
Vurderinga vil variere etter form og innhald på utanlandsopphaldet. Om det er lagt opp til eit feltarbeid, må studenten presentere dette gjennom rapport som skal godkjennast av faglærar. Har studieopphaldet vore av praktisk art, vil resultatet av opphaldet bli presentert gjennom ei utstilling. Studieopphaldet vert vurdera til godkjend / ikkje godkjend
Ved meir formelle institusjonsopphald kan avlagt eksamen etter lokale retningsliner vere eit alternativ.
Hovudemne ESTETISKE FAG med formgjevingsteori
Gjennom dette faget skal studentane øve opp og vidareutvikle si kreative evne slik at ein kan nyttiggjere seg av ulike teknikkar, reiskap og metodar i arbeidet med utforming av produkt og i ein profilerings- og formidlingssamanheng.
Ein del av arbeidsoppgåvene i estetiske fag skal førebu til- og er integrert i - arbeidet på verkstaden då dette er ein viktig del av formgjevinga av produktet.
Delemne
- Frihandsteikning
- Croquis
- Form
- Form – farge - komposisjon
- Dekorative og funksjonelle kvalitetar i tradisjonskunsten
- Formalestetikk
- Gjenstandsanalyse
- Frå idétilfang til produkt (formgjevingsmetodikk)
Arbeids- og læringsformer
Spesialisering Formgjeving har som mål å gje studentane ei vidareføring / fordjuping i norsk tradisjonskunst og ved det setje dei i stand til å arbeide for vern, fornying og formidling av den materielle formkulturen. Dei ulike fagområda skal belyse og fremje dette målet. Ein prøver difor å legge opp studieåret slik at det vert ein fagleg samanhang og progresjon i undervisninga i dei enkelte emna.
Studentane skal fordjupe seg i norsk tradisjonskunst. Ein har difor valt å dele studieåret inn i lengre oppgåveperiodar som har form av prosjektarbeid. Det er sett av ein lengre prosjektperiode på om lag 10 veker til arbeid med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing.
Undervisningsformene vil variere mellom forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, ekskursjonar, individuell rettleiing på verkstad og i klasserom, seminar og kurs.
Studiet krev aktiv deltaking frå studentane si side, og den enkelte student har ansvar for eiga læring. Det er lagt opp til stor grad av sjølvstudium, både i verkstadfaget og i arbeidet med det historiske materialet (museumsbesøk, registreringsarbeid m.m.)
Ein fagrelatert studietur til utlandet på om lag 10 dagar er obligatorisk. Det kan også vere kortare studieturar innanlands.
Under Vinterfestivalen i februar er det lagt opp til at studentane deltek på verkstadar innan ulike handverk - og materialområder (obligatorisk temaveke)
Studieåret vert avslutta med eit arrangement for heile skolen, med utstillingar, visning og konsertar. Studentane på dette studiet er med på å lage utstillingar og deltek på den årlege visninga.
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe.
Karakter på nokre av desse oppgåvene går inn som del av samanfattande karakter.
Arbeidskrav / vurdering i dei enkelte hovudemna:
Formgjevingshistorie
Skriftleg prøve, 4 timar
FoU-metodikk
Ingen sjølvstendig prøve. Kunnskap innan FoU-metodikk vert vurdera som ein del av studieoppgåver.
Estetiske fag
Studieoppgåver / øvingar vurderast til godkjend / ikkje godkjend (del av studentmappe)
Spesialisering formgjeving (tre, metall eller tekstil)
- Tre studieoppgåver innan dei tre delemna inngår i studentmappe:
-Delemnet Eksperimentering Del av sluttkarakter
- Delemnet Fornying Del av sluttkarakter
- Delemnet Vern og fornyingVurdert til godkjend / ikkje godkjend
- Årsoppgåve Del av sluttkarakter.
- Kursveker/temaveker – Studentane skal levere inn rapport som syner at dei har delteke på denne undervisninga. Rapporten vert vurdert til godkjent/ ikkje godkjent. Obligatorisk deltaking
- Valfritt delemne, europeisk folkekunst Vurderast til godkjend / ikkje godkjend.
- Praksis - Vurderast til godkjend / Ikkje godkjend
For å kunne starte arbeidet med årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing, må desse arbeidskrava vere gjennomførte:
- - Godkjend kvalitet på studieoppgåver levert til fastsett tid
- - Godkjend arbeid i estetiske fag
- - Godkjend deltaking i obligatoriske delar av studiet
- - Godkjend deltaking på studietur
- - Godkjend studieopphald for dei som har valt dette delemnet
Eksamen / vekting
Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:
- Årsoppgave 40%
- Skriftleg prøve i formgjevingshistorie 20%
- Frå studentmappe 40%
- Studieoppgåve I, tel ¼
- Studieoppgåve II, tel ¾
Det vert gjeve ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.
Det visast dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 29.02.2012