Kreativ maskinstrikking 2 30KREATM2
Innhold
Studiet er bygd opp om fire delemne:
- Mønsterkonstruksjon og modellering (10stp)
- Strikketeknikkar ( 5stp)
- Bedriftsprofilering ( 5stp)
- Produktutvikling (10stp)
Vektinga seier noko om omfanget av dei ulike delemna og kva som vert vektlagt i studiet.
Kvart delemne er igjen delt inn i tema.
Innføring i strikketeknikkar har eit mindre omfang i denne delen enn i Kreativ maskinstrikking, 1.
Det vert fokusert på å gje studentane eit reiskap for å kunne utnytte det strikketekniske verktøyet i utarbeiding av eigne modellar. Dei ulike emna kan ikkje sjåast isolert, men er integrerte fagleg i kvarandre og skal gje ulike perspektiv på viktige faktorar i utforming av strikka tekstilar for ein marknad.
Studiet er sett saman og organisert i 7 heile vekesamlingar, frå måndag - til fredag. Det er obligatorisk deltaking på undervisninga under samlingane. Undervisning som vart gjeve under samlingane skal gje studentane kunnskap som er naudsynt for å fylgje progresjonen i studiet.
Delemne 1: Mønsterkonstruksjon og modellering
Studentane har gjennom kreativ maskinstrikking del 1 fått opplæring i å teikne enkle snitt og fasongar og å overføre dette til oppskrift for strikkemaskin. I dette delemnet skal studentane arbeide vidare med mønsterkonstruksjon og modellering for strikka tekstilar. Strikka tekstil skil seg frå ein vevd tekstil, og det er difor spesielle omsyn å ta når ein konstruerar eit mønster basert på modellering på byste.
Emnet vil omhandle:
- Grunnleggande modelleringsteknikkar for strikka materiale på byste
- Mønsterkonstruksjon for strikka tekstilar og overføring av mønster til DesignaKnit7
- Redesign
- Konstruksjon og eksperimentering med form og volum
Delemne 2: Strikketeknikkar
Studentane skal få innføring i bruk av patentapparat med fargeskiftar og eksperimentere med dei ulike mønsterteknikkane for å skape volum, teksturar og fargeeffektar. I arbeidet med dette emnet vil studenten også få innføring i å arbeide metodisk gjennom eksperiment.
Emnet vil omhandle:
- Eksperiment som metode for kreativt arbeid
- Patentapparatet sine mønsterteknikkar
- Jaquardteknikk og fargeuttrykk
- Strikketeknikkar for utforming av tredimensjonale former
Delemne 3: Bedriftsprofilering
Studentane skal få kunnskap om og innsikt i kva som trengs for å kunne etablere si eiga bedrift basert på eigneproduserte tekstilar. Utarbeiding av eige design og ein tydeleg profil vil vere det viktigaste i studiet, men marknadsføring, utrekning av pris på produkt og innsikt i etableringsprosessen vil også vere viktige spørsmål å ta opp.
Emnet vil omhandle:
- Marknadsføring
- Bedriftsetablering
- Prising av produkt
- Utstilling / profilering / utarbeiding av logo
Delemne 4: Produktutvikling
Studentane skal få innføring i arbeid med design og produktutvikling. Gjennom konkrete og praktiske arbeidsoppgåver skal dei erfare korleis ein utviklar design og kva faktorar ein må ta omsyn til i ein produktutviklingsprosess.
Emnet vil omhandle:
- Produktutviklingsmetodikk
- Utarbeiding av eit tydeleg design
Arbeids- og læringsformer
Studiet er eit deltidsstudium med 7 vekesamlingar. Undervisninga er organisert i forelesingar, gruppearbeid, seminar, individuell rettleiing både under samlingane og mellom samlingane og sjølvstudium. Studiet krev aktiv deltaking frå studentane si side, og den enkelte student må fylgje opp arbeidskrava framføre dei enkelte samlingane. Studentane har arbeidsoppgåver mellom kvar samling.
Studentane må ha tilgang på eiga strikkemaskin med patentapparat og fargeskiftar som dei kan arbeide med heime. Det vert undervist i forhold til DesignaKnit7.
Kommunikasjon med studentane skjer via e-post.
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald, arbeidsformer og vurdering i studiet. Vurderinga er ein viktig del av studiet og vil skje gjennom tilbakemeldingar på korleis studenten har løyst oppgåver mellom samlingane.
Det er ingen deleksamen i dei enkelte delemna. Studiet vert avslutta med ei større prosjektoppgåve som vil danne grunnlag for avsluttande karakter. Denne prosjektoppgåva skal innehalde element frå dei ulike delemna. Arbeidskrav gjennom studieåret vert ein del av mappevurderinga og desse oppgåvene vert vurdert til godkjent / ikkje godkjent
Arbeidskrav
For å få vitnemål må studenten ha gjennomført og fått godkjent arbeidskrava som studiet krev:
- 4 heimeoppgåver, ei oppgåve etter kvar av dei fire første samlingane må vere levert inn til fastsett frist og godkjent. Oppgåvene er utforma slik at studentane skal kunne arbeide sjølvstendig med faglege problemstillingar som skal hjelpe dei til å nå målsetjinga for studiet.
- Den avsluttande oppgåva skal vere eit sjølvstendig FoU-arbeid. FoU-arbeidet skal innehalde element frå alle delemna i studiet og skal dokumentere kunnskap i desse emna.
- Avsluttande oppgåve skal presenterast / stillast ut under avslutningsdagane ved studiet
Vurderingskriterier
Vurderingskriteriene vil variere i forhold til kva som vert vektlagt i dei forskjellige oppgåvene. Dette vert spesifisert i oppgåvetekstene. Samla sett for studiet vil dess kriteria vere aktuelle:
- Bruk av tekniske verkemiddel i forhold til materialval, funksjon og motiv
- Tekniske ferdigheiter
- Bruk av estetiske verkemiddel og evne til å framstille heilskaplege produkt
- Sjølvstende og refleksjon i forhold til eige skapande arbeid
- Studenten sin evne og vilje til kreativ tenking
- Evne til å utvikle idear og omsetje ideane i ferdige produkt
- Evne til systematisk fagleg arbeid og dokumentasjon / presentajon
Eksamen
Alle arbeidskrava er del av eksamen. Vektinga i forhold til karakter:
· 4 heimeoppgåver Vurdert til godkjent / ikkje godkjent
· Obligatorisk deltaking (min 80 % deltaking på samlingane). Vurdert til godkjent / ikkje godkjent
· Avsluttande oppgåve tel 100 % av samla karakter for studiet.
Det vert gjeve ein karakter for studiet, basert på avsluttande oppgåve. Karakterskalaen er gradert frå A til F, der A er høgaste karakter og E er lågaste ståkarakter.
Ein viser elles til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2012