Norsk 2 - Glu 1-7: Didaktisk og historisk fokus på lese- og skriveopplæring og språklege emne NOR 103

Læringsutbytte

  • Studenten skal kunne greie ut om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar.
  • Studenten skal kunne vise til sentrale trekk ved faghistoria som handlar om lese-skriveopplæring.
  • Studenten skal ha inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa.
  • Studenten skal kunne gjere grundig greie for skriftlege sjangrar og ha innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse.
  • Studenten skal kunne vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane.
  • Studenten skal kunne organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk.
  • Studenten skal kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane.

Innhold

Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studenten til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. Gjennom å presentere eit breitt spekter av arbeidsmåtar, vil vi skape ei grundigare forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

I denne modulen vil det historiske perspektivet på norskfaget og det norske språket bli særleg framheva. Som norsklærar på barnetrinnet, er det viktig å få innsikt i den delen av faghistoria som er knytt til norsk som skolefag, med særleg vekt på lese- og skriveopplæringa frå Nordal Rolfsen si tid (slutten av 1800-talet) og fram til i dag. Sentralt blir også spørsmålet om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår.

Du vil få innsikt i korleis det norske språket har endra seg gjennom tidene og slektskapet det har til dei andre nordiske språka. I denne samanhengen blir også dialektkunnskap ein viktig komponent.

I denne modulen vil du få djupare, forskingsbasert innsikt i teoriar om lesing og skriving, særleg retta mot den andre lese-og skriveopplæringa. Det fleirkulturelle aspektet med norsk som andrespråk, inngår i dette emnet.

Norskstudiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som vi stiller krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.

Studenten skal oppnå dugleik, kunnskap og generell kompetanse, som konkretisert under overskrifta “Læringsutbytte”.

Arbeids- og læringsformer

Studiet går over to semester med eksamen etter første og andre semester. Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng. Modul 1 og 2 byggjer på kvarandre.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, bruk av Fronter og individuell rettleiing. For studenten blir det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til det fastsette læringsutbyttet for faget.

Det same gjeld for studentar som følgjer eit nettbasert løp. Førelesingar vil her bli gjennomført i sann tid på nett. Samlingar på studiestaden og kommunikasjon mellom faglærar og studentar på nettet vil og vere viktige møteplassar. Det vil bli oppretta diskusjonsgrupper og fellesdokument, og det vil bli lagt ut fagstoff. I eit nettbasert studium er det opplagt å fokusere ekstra på bruk av digitale verktøy for å fremme læring innanfor norskfaglege rammer.

I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Teori om skriftlege sjangrar står sentralt i studiet og skal knyttast til studenten si eiga skriving. Oppgåvesvar og tekstar skal samlast i ei digital arbeidsmappe.

Semesterplanen som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.

I løpet av studieåret vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i denne modulen - undervegsvurdering og sluttvurdering.

Undervegsvurderinga i modul 1 består av to skriftlege innleveringar som du vil få tilbakemelding på. Desse må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Tekstane blir vurdert til bestått/ikkje. Begge tekstane i denne modulen skal vere på nynorsk.

Sluttvurdering etter modul 103 vil vere ein skriftleg eksamen. Denne prøven tek utgangspunkt i emne frå pensum. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til E.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kirsti-nina Frønæs <Kirsti-Nina.FronasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kirsti-Nina Frønæs - 21.12.2011