Norsk 2 - Glu 1-7: Didaktisk og historisk fokus på samansette tekstar og barne- og ungdomslitteratur i eit nordisk perspektiv NOR 104

Læringsutbytte

  • Studenten skal kunne setje sentrale norske tekstar inn i ein litteraturhistorisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • Studenten skal kunne analysere tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • Studenten skal kunne analysere kva som skjer når ein barnelitterær tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
  • Studenten skal på eit teoretisk grunnlag kunne lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar
  • Studenten skal ha eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • Studenten skal meistre ulike munnlege sjangrar og ha innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eiga språkutvikling og eige tekstarbeid
  • Studenten skal kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

Innhold

Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studenten til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. Gjennom å presentere eit breitt spekter av arbeidsmåtar, vil vi skape ei grundigare forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

I denne modulen vil du få innsikt i litteraturhistorie samt nordisk barne- og ungdomslitteraturforsking. Vidare vil denne modulen gje deg djupare innsikt i arbeidet med litterær analyse og tolkingsteori (hermeneutikk) samt litteraturdidaktikk. Hovudvekta vil vere på barne- og ungdomslitteratur, men modulen vil også rette noe fokus mot vaksenlitteratur.

Som ein del av samtidas barnekulturelle tekstlandskap finn vi samansette tekstar i fleire sjangrar. Som kommande lærar må du kunne plassere desse teksttypane inn i ein større kulturell og samfunnsmessig samanheng. Denne modulen vil rette fokus mot arbeid med adaptasjon frå barnelitteratur til film samt analyse av andre samansette tekstar som eksempelvis nettsider for barn.

Film og barnelitteratur utmerkjer seg som ein av dei naturlege møtestadene for dei nordiske språka. Denne modulen vil innehalde ei komparativ tilnærming til ulike nordiske tekstar, skriftlege og samansette.

Munnleg arbeid i klasserommet står sentralt i norskfaget. I denne modulen vil munnlege sjangrar som den filosofiske og den litterære samtalen bli lagt vekt på. Retorikken inneheld omgrep til å skape og vurdere munnlege tekstar, samtidig som den gjev oss verktøy til å analysere både læreboktekstar, skjønnlitterære tekstar og samansette tekstuttrykk.

Norskstudiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som vi stiller krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.

Arbeids- og læringsformer

Studiet går over to semester med eksamen etter første og andre semester. Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng. Modul 1 og 2 byggjer på kvarandre.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, bruk av Fronter og individuell rettleiing. For studenten blir det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til det fastsette læringsutbyttet for faget.

Det same gjeld for studentar som følgjer eit nettbasert løp. Førelesingar vil her bli gjennomført i sann tid på nett. Samlingar på studiestaden og kommunikasjon mellom faglærar og studentar på nettet vil og vere viktige møteplassar. Det vil bli oppretta diskusjonsgrupper og fellesdokument, og det vil bli lagt ut fagstoff. I eit nettbasert studium er det opplagt å fokusere ekstra på bruk av digitale verktøy for å fremme læring innanfor norskfaglege rammer.

I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Teori om skriftlege sjangrar står sentralt i studiet og skal knyttast til studenten si eiga skriving. Oppgåvesvar og tekstar skal samlast i ei digital arbeidsmappe.

Semesterplanen som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.

I løpet av studieåret vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - undervegsvurdering og sluttvurdering.

Undervegsvurderinga i denne modulen består av ei skriftleg innlevering og eit munnleg framlegg. Desse oppgåvene må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Oppgåvene blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Den skriftlege teksten i denne modulen skal vere på bokmål.

Sluttvurdering etter modul 104 er ein individuell munnleg eksamen. Denne prøven tek utgangspunkt i emne frå pensum. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til E.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kirsti-Nina Frønæs <Kirsti-Nina.FronasSPAMFILTER@hit.no> - 21.12.2011