Folkemusikk 2 60FMUS2

Læringsutbytte

Studentane skal vere i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkemusikkformidling i ulike samanhengar.

Studentane skal ha tileigna seg kunnskap om ulike element som spelar inn i ein formidlingssituasjon.. Dei skal kunne nytte formidlingskunnskapen i praksis innanfor t.d. offentlege institusjonar, arkiv, skoleverket, media, frivillige organisasjonar eller gjennom eiga verksemd på marknaden.

Studenten skal ha vidareutvikla eit kritisk og nyansert syn på folkemusikken og folkemusikaren si rolle i samfunnet i dag. Studenten skal ha opparbeidd eit internasjonalt og samanliknande perspektiv på forståing av norsk folkemusikk. Studentane skal også kunne sjå norsk folkemusikk i eit historisk perspektiv og i lys av ulike kulturar sin måte å nærme seg musikalske uttrykk på.

Studentane skal være i stand til å arrangere tradisjonsmusikk i samsvar med både tradisjonell og moderne, nyskapande praksis.

Gjennom innsyn i forskings – og utviklingsmetodikk skal studentane ha blitt betre egna til å gjennomføre enkle prosjekt og oppgåver knytt til faget folkemusikkformidling.

Studentane skal ha lært metodar for innhenting av data frå arkiv og levande kjelde og dei skal kunne nyttiggjere seg dette materialet i det praktisk-teoretiske arbeidet for å nå målet om vern, vidareføring eller fornying av den tradisjonelle folkemusikken.

Studenten kan velje å gjennomføre eit kortare studieopphald i utlandet (tre månader), og skal gjennom dette ha gjort seg kjend med lokal tradisjon der han/ho oppheld seg. Ved kontrastering og samanlikning skal studenten på bakgrunn av dette kunne setje norsk tradisjonsmusikk inn i ein større musikalsk og sosial samanheng.

Studenten skal ha utvikla seg som utøvar.

Innhold

Studiet er bygd opp av to hovuddelar, ein fellesdel og ein fordjupingsdel. Fellesdelen femner om kulturpolitiske spørsmål i tillegg til dei musikkfaglege og pedagogiske. Som valemne kan studentane velje eit opphald i utlandet.

Fellesdelen har desse hovudemna:

  1. Folkemusikkformidling 20 %
  2. Tradisjonsmusikk og samfunn i Noreg og andre land 10 %
  3. Satslære, arrangering og samspel 10 %
  4. Tradisjonskunnskap, kjeldebruk og FoUmetodikk 10 %

Hovudemna i fellesdelen kjem også inn i samband med praksis og utøving.

I fordjupingsdelen kan studentane normalt velje mellom:

Folkemusikkformidling 50 %

Utøving 50 %

Ettersom formidlingssida er eit viktig aspekt ved begge fordjupingsemna, er undervisninga i folkemusikkformidling organisert som felles forelesingar og gruppearbeid for alle studentane same kva for val av emne. Undervisninga i folkemusikkformidling vil difor få ein større plass enn vektinga i fellesdelen (sjå ovanfor) gjev uttrykk for.

  • Valemne. Utanlandsopphald.

Valemnet tar omsyn til at ein bachelorgrad skal innehalde eit tilbod til studentane om eit utanlandsopphald på minimum tre månader. Opphaldet kan vere ved ein utdanningsinstitusjon eller ta form av eit feltarbeid utforma i samråd med faglærar og instituttleiing. Valemnet kjem i staden for praksis i vårhalvåret. Obligatorisk studietur fell også ut for den som tar valemnet. Valemnet gjeng inn som del av eitt fordjupingsemne.

FELLESDEL

Hovudemne 1 - FOLKEMUSIKKFORMIDLING

Emnet ”folkemusikkformidling” er felles for alle studentane på 2.året.

Innhald

Ordet ’folkemusikkformidling’ tolkast vidt, og emnet skal omhandle teori omkring val av stoff (musikk og tekst), sceneopptreden, verbale kommentarar, kroppsspråk, kunnskap om og tilhøve til publikum. Musikkformidlinga (og folkemusikkformidlinga spesielt) sitt kva, kvifor og korleis?

Faget er tett knytt til førebuing av praksis og arbeid med røynsler studentane har. Praksis kan variere frå år til år etter studentane sitt interesseområde og erfaringsbakgrunn. Det blir lagt vekt på bevisstgjering omkring formidling. Det vil bli lagt opp til både utøvande og pedagogisk praksis for alle. Studentane skal einskildvis og i grupper førebu og gjennomføre ulike formidlingsprosjekt. Det kan vere å arrangere konsert eller kro, formidle stoff frå arkivet eller spele på ein konsert.

Delemne
  • Scenisk førebuing (Kroppsspråk, stemmebruk, kommentarar osv)
  • Ulike musikkulturar og formidlings/framføringstradisjonar
  • Publikumskunnskap/repertoarval
  • Musikkformidling og identitet
  • Didaktikk
  • Marknadsføring og media
  • Barn og musikalsk utvikling

I undervisninga i folkemusikkformidling vert praksis og teori heile tida diskutert og satt i samanheng med førebuing av formidlingspraksisen; både konsertar, framlegging av stoff og undervisningsoppdrag. Gruppa verkar som publikum og gir tilbakemeldingar når den einskilde skal prøve seg. Konsertplanlegginga er også avhengig av gruppearbeid. Difor er all undervisning i folkemusikkformidling obligatorisk, der det ikkje er gjort avtale om noko anna.

Hovudemne 2 - Tradisjonsmusikk og samfunn i Noreg og andre land

Innhald

Faget byggjer vidare på tema drøfta i 1.årsstudiet og har spørsmål omkring identitet og tradering som vinkling. Studentane skal få kjennskap til eit representativt utval av musikk frå heile verda.

Delemne
  • Det lokale, det nasjonale og det globale. Identitet, etnisitet og nasjon. Folkemusikken si meiningsberande kraft sett i eit internasjonalt perspektiv. Det blir fokusert på minst ein europeisk, ikkje-norsk folkemusikk-kultur.
  • Folkemusikk som eit moderne fenomen. Kvar går folkemusikken? Stikkord: Profesjonaliseringa, marknaden og det skapande.
  • Musikksystem og instrumentarium i eit utval ikkje-norske musikkulturar. Orientering om andre musikkulturar, vestlege og ikkje-vestlege.

Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret.

Dersom ein student ikkje kan delta på ekskursjonen skal studenten gjennomføre eit alternativt opplegg.

Hovudemne 3 - SATSLÆRE, ARRANGERING OG SAMSPEL

Innhald

Delemne

  • Fleirstemmigheit i etnomusikkologisk perspektiv
  • Fleirstemmigheitsformer i den norske tradisjonsmusikken
  • Eit utval satsteknikkar
  • Akkordprogresjonsteori, besifringsspel
  • Grunnleggjande prinsipp for arrangering
  • Tilnærmingsmåtar til komponering innafor tradisjonsmusikken sine rammer
  • Samspel

Det er obligatorisk deltaking i dette faget

Hovudemne 4 -TRADISJONSKUNNSKAP, KJELDEBRUK OG FOU-METODIKK

Innhald

Tilnærminga til stoffet skal skje gjennom førelesningar og gruppearbeid der bruk av litteratur og lydmateriale står sentralt. Ein vil ta for seg forskjellig litteratur, monografiar, samlingar, CD-utgjevingar og anna fonografisk- og film / video - materiale, der ein i tillegg til å fordjupe seg i dei ulike tradisjonane, skal analysere og vurdere kjeldene.

Delemne

  • Regionale særtrekk og variasjon

Emnet tar utgangspunkt i forskjellige bøker, utgjevingar og arkivmateriale som dokumenterar og beskriv ulike tradisjonar, utøvarar og regionar. Gjennom praktisk og teoretisk tilnærming til dette stoffet skal studentane skaffe seg eit grunnlag for å kunne vurdere avgrensing av regionale stiltrekk og utbreiing av typar. Dei skal og sjå med eit kritisk blikk på dialektomgrepet i norsk folkemusikk og på enkeltindividet sin posisjon i forminga av norsk tradisjon.

  • Instrument

Innblikk i og vurdering av arkivmateriale og utgjevingar med ulike instrument.

  • Historiske emne

-notesamlingar frå ulike tidsbolkar

-tolking av historisk materiale

-arbeid med arkivstoff som kjelde for utøving

  • Dans

Dans vil bli organisert i fellesskap med undervisninga på grunnstudiet i folkemusikk

  • Fou-metodikk

Ein føreset at ein i første rekkje arbeider med høvelege strategiar og metodar i folkemusikkformidling og rapportskriving. Om kvantitative og kvalitative metodar.

FORDJUPING

Innhald

I fordjupingsdelen kan studentane velge mellom desse hovudemna:

  • Folkemusikkformidling ( T.d. i skulen, ved institusjonar, i media)
  • Utøving (formidling frå scenen og musikalsk eigenutvikling)

Knytt til desse hovudemna er det 2 delemne:

  • praksis
  • utøving på hovudinstrument. Dei som vel utøving som fordjupingsområde må ha karakteren A eller B i utøving frå folkemusikk, årsstudiet.

I tillegg kan eit valemne gå inn i staden for delar av praksis:

  • Valemne - Studieopphald i utlandet

I fordjupingsdelen er det og mogleg å velge eit 3 månaders studieopphald i utlandet. Studieopphaldet i utlandet vil erstatte delar av praksis.

FOLKEMUSIKKFORMIDLING

Med dette meiner vi undervisning og anna formidling av folkemusikk og folkedans. Studentane skal få ei innføring i undervisningsmetodar og pedagogiske idear, og få trening i å legge fram ting sjølv. Teorien vil omfatte folkemusikken sin plass i skolen samt ulike overførings/undervisningsmetodar. Mykje teori er samanfallande med teorien i dei andre valemna, arkiv og utøving.

Sjølvvalt praksis kan ha med skolar og institusjonar å gjøre, eller formidling via media. Det kan også handle om å gjere musikken/dansen meir tilgjengeleg, f.eks. ved arbeid med noteoppskrifter, videoopptak eller andre audiovisuelle hjelpemiddel.

UTØVING

Studentar som vel denne fordjupinga må ha lyst til å bruke mykje tid på hovudinstrumentet, og dei skal ha solid utøvarbakgrunn. I løpet av året skal dei utvide repertoaret og få trening i å opptre for andre. Medviten sceneopptreden og kunnskap om publikum er sentrale område som takast opp. Teorien vil omfatte konsertproduksjon og konsertarrangering samt marknadsføring, økonomi og kunnskap om kulturorganisasjonar.

Som sjølvvald praksis er det naturleg at studentane legg opp til ei konsertrekkje eller fleire ulike konsertar. Radio/TV presentasjon kan vere aktuelt.

Dei som vel utøving som fordjupingsområde må ha karakteren A eller B i utøving frå folkemusikk, årsstudiet.

Delemne HOVUDINSTRUMENTog PRAKSIS

Hovudinstrument

Den individuelle undervisninga byggjer vidare på undervisninga frå første året. Normalt vil kvar einskild student få 20 timar individuell undervisning, men dette vil kunne variere etter kva for ressursar studiet rår over.

Det vil normalt setjast større krav til resultatet av eigenutøvinga for dei som vel utøving som fordjupingsemne. T.d. med omsyn til god teknikk, øyre for tradisjon, kunstnarleg formidlingsevne og utviklingsevne. I høve til eksamen vert altså den utøvande delen (hovudinstrumentet) vurdert grundigare enn hjå dei som har folkemusikkformidling som fordjupingsemne.

Praksis

Målet med praksis er å gje studentane ei praktisk røynsle med å formidle folkemusikk til andre, anten i samanheng med utøvande verksemd eller allmenn formidling og undervisning. Emnet må sjåast i nær samanheng med folkemusikkformidling og relevant teori.

  • Individuell praksis for fordjupingsområda formidling og utøving

Studentane legg sjølv, i samråd med lærar, opp til kva dei vil arbeide med. Omfanget av praksis kan variere, og høgskolen vil i kvart einskilde tilfelle vurdere kva for praksis som blir godkjent.

Praksis kan vere undervisningsopplegg, musikkprogram i radio / tv, konsertdeltaking, arkiv- og innsamlingsarbeid, m.m..

Praksis skal dokumenterast gjennom planarbeid og rapportar.

  • Konsertpraksis for fordjupingsområdet utøving

Konsertpraksis er skolekonsertar (haust) og konsertturné i vårsemesteret. Konsertturneen er lagt til vidaregåande skolar og folkehøgskolar. Studentane må legge opp ei reiserute og ta ansvar for det praktiske omkring turneen. Konsertane planleggast i samarbeid med lærarane. Etter vurdering av faglærar kan og studentar med formidling som fordjupingsområde delta i denne konsertverksemda. Føresetnaden er eit fagleg forsvarleg utøvarnivå, og vurderinga av dette vil vere basert på karakter i utøving frå grunnstudiet. Studenten må normalt ha karakteren C eller betre i utøving frå grunnstudiet.Dei som ikkje er kvalifisert for konsertverksemd i sin praksis, må ha ein større del av alternativ individuell praksis.

VALEMNE

Valemnet kan erstatte delar av praksis.

Innhald

Studieopphaldet kan ta form av eit feltarbeid der studenten har kontakt med lokale utøvarar og forskarar. Eit slikt feltarbeid må utarbeidast i samråd med faglærar og institutt og i forståing med lokale fagfolk. Det kan også vere snakk om å følgje faste studieopplegg i regi av ein lokal utdanningsinstitusjon, der det er utarbeidd ei formell avtale mellom institusjonane.

Innhaldsmessig vil studieopphaldet variere ut i frå kva for fordjuping studenten har valt og etter kva for institusjonar og lokale område som er aktuelle.

Døme:

Instituttet har eit godt utvikla nettverk i Ungarn. Her kan ein folkemusikkstudent sjå nærare på det ungararane kallar ”dansehusrørsla”, den nyskapande ungarske folkemusikkrørsla. Studenten kan følgje undervisninga ved Óbuda folkemusikkskole i Budapest, ein skole som gjev folkemusikkopplæring til ca 300 barn og unge. Instituttet har god kontakt med sentrale utøvarar i miljøet i og utanfor Budapest, med forskarar og undervisningspersonale ved Loránd Eötvös Universitet og ved Bartok-samlingane (folkemusikkarkiv). Instituttet har også god kontakt med folkemusikkstudiet ved Frans Liszt Akademiet i Budapest. Studenten kan følgje undervisninga i tradisjonsmusikk ved Universitetet i Nitra, Slovakia eller søke om 3 månaders studieopphald ved Royal Scottish Academy of Music and Drama i Glasgow. Det finst fleire liknande tilbod.

Arbeids- og læringsformer

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar, sjølvstudium, og heimeoppgåver. Undervisinga er vanlegvis lagt til faste vekedagar gjennom året, men særleg i arbeidet med fordjupingsdelen må studentane arbeide i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver. Arbeidsoppgåvene kan då også bli lagt til ettermiddag / kveld.

Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret. Dersom ein student ikkje kan delta på ekskursjonen, skal studenten gjennomføre eit alternativt opplegg som tek føre seg europeisk eller annan utanlandsk tradisjonsmusikk.

For studentar som har valemne utanlandsopphald, vil dette emnet erstatte praksis i vårsemesteret. Studieturen fell også bort for desse studentane.

Vinterfestival

- folkemusikk, fordjuping, skal lage konsert og delta på folkemusikkverkstadar.

Ved avslutninga av studieåret opnar instituttet dørene for publikum. Studentane presenterer arbeid som er gjort gjennom studieåret, i form av konsertar, visningar og utstillingar.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar munnleg prøve og innhald i studentmappe.

Munnleg prøve med eventuell utøving

Ved munnleg prøve skal kandidaten halde ei forelesing med tema knytt til fordjupingsemnet. Forelesingstittel og lengde på innlegg (vanlegvis 30 til 45 minutt) skal kandidaten få oppgjeve ei veke før munnleg prøve. Normalt vil berre sensor og faglærar(ar) vere til stades ved den munnlege prøva. Etter forelesinga vil sensor innleie til ei kortare samtale med basis i fagteori.

Dersom kandidaten har utøving som fordjupingsemne, tel utøvinga halvparten av bedømmingsgrunnlaget for den munnlege prøva. Utøvinga kan vere ein integrert og tydeleg del av forelesinga eller framstå som ein eigen bolk. Dette vil i stor grad avhenge av forelesingstittelen.

Også for dei som ikkje har valt utøving som fordjupingsemne, kan utøving vere integrert i forelesinga, men her vil utøvinga bli vurdert som ein del av formidlingsheilskapen. Det vert ikkje nokon eigen utøvingsbolk ved den munnlege prøva for dei som ikkje vel utøving som fordjupingsemne.

Den munnlege prøva gjev grunnlag for halvparten av den totale karakteren.

Mappevurdering

Studentmappa inneheld studenten sine skriftlege arbeid/rapportar og dei ulike faglærarane si vurdering av desse.

I tillegg inneheld mappa faglærarane sine kontinuerlege skriftlege vurderingar av ulike oppgåver studenten er pålagt (arbeidskrav), som t.d. framleggingar, konsertar, arbeid med hovudinstrument o.l.

Studentmappa gjev grunnlag for halvparten av den totale eksamenskarakteren.

Studentmappe m. spesifiserte arbeidskrav

Folkemusikkformidling

  • To skriftlege prøver i folkemusikkformidling vurdert med karakterar
  • Godkjent praksis (utøving, undervisning eller anna formidling etter avtale med faglærar) med planar og rapportar
  • Godkjent frammøte på obligatorisk undervisning

Tradisjonsmusikk og samfunn i Noreg og andre land

  • To skriftlege prøver vurdert med karakterar

Satslære og arrangering

  • Fire heimeoppgåver vurdert med karakterar

Det er obligatorisk deltaking i dette faget

Tradisjonskunnskap, kjeldebruk og Fou

  • Ei skriftleg heimeoppgåve vurdert med karakter

Valemne

  • Rapport frå tre månader i utlandet, vurdert til godkjent

Studietur

  • Godkjent gjennomføring av obligatorisk studietur eller alternativt opplegg etter avtale med faglærar

Hovudinstrument

  • Godkjent deltaking i undervisning i hovudinstrument

For å gå opp til eksamen må studenten ha bestått skriftlege prøver og fått godkjent arbeidskrava.

I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %.

VEKTING

Dei ulike delane av vurderinga vektast slik:

Munnleg eksamen

50 %

Mappevurdering

50 %

To skriftlege prøver i folkemusikkformidling vurdert med karakterar

20 %

To skriftlege prøver i tradisjonsmusikk og samfunn vurdert med karakter

10 %

Fire heimeoppgåver i satslære og arrangering

10 %

Ei skriftleg heimeoppgåve i tradisjonskunnskap vurdert med karakter

10 %

Det vert gjeve ein samanfattande karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Alle delemna må vere bestått /godkjent for at studenten skal få vitnemål.

OBLIGATORISK FRAMMØTE / ARBEIDSKRAV

For å få gå opp til eksamen må studenten:

  • delta på obligatoriske gjesteforelesningar i følgje semesterplan.
  • delta på obligatorisk gruppearbeid og framlegging i følgje semesterplan.
  • delta ved intensive undervisningsopplegg i følgje semesterplan.
  • levere individuelle rapportar innan fristen i følgje semesterplan.
  • deltaking på obligatorisk studietur i følgje semesterplan.
  • delta på obligatorisk undervisning

I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjønn.

Ein viser også til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Med atterhald om mindre justeringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 08.01.2013