Innføring i norsk folkemusikk 15INFMUS

Læringsutbytte

Studentane skal tilegne seg ei oversikt over typiske trekk ved dei norske folkemusikktradisjonane, både med omsyn til breidda i dei levande tradisjonane og med omsyn til forståinga av dei historiske forholda som har skapt dei. Studentane skal kunne legge til rette for undervisning i temaer innan folkemusikk i grunnskolen etter fullført studium og ha kunnskap om korleis og kvar ein kan finne fram til kjelder og kunnskap i folkemusikk for å kunne formidle dette vidare.

Innhold

Gjennom praktisk tilnærming skal studentane oppleve, diskutere og prøve ut korleis dei ulike tema kan formidlast, m.a. med tanke på kompetansemåla i musikkfaget i skulen (Kunnskapsløftet). Stoff frå dei regionane som er relevante for studentane vert prioriterte.

Innleiingsvis vil folkemusikken sin plass i samfunnet i dag og folkemusikkomgrepet bli drøfta.

Studiet vil gje ei kort innføring i ulike tradisjonsområde rundt om i landet i form av ei oppsummering m.o.t. variasjonar (typar, instrument, terminologi m.m.) og sentrale tradisjonsberarar i ulike tidsbolkar. Studentane skal få kjennskap til konkret repertoar og aktuelt kjeldemateriale for dei ulike regionane og korleis slikt kan framskaffast.

Vidare tek ein for seg dei vokale og instrumentale sjangrane innan tradisjonsmusikken. Gjennomgangen av kvar einskild type skal innehalde både ei konkret, musikalsk skildring og ei utgreiing om historikken som knyt seg til den aktuelle typen. Så langt som råd vil ein leggje vekt på ei praktisk tilnærming. Ein vil gå inn på relevante musikkhistoriske tema som er viktige i utviklinga av dei folkemusikalske formene.

Gjennom praktisk dans vil ein få innblikk i dei ulike sjangrane i folkedansrepertoaret. Studentane vil få forståing av dans som sosial samversform og av forholdet mellom dans og

musikk. Ein vil ta for seg nokre bygdedansar og runddansformer og noko av det fellesnasjonale repertoaret m.o.t. turdans og songleik.

Delemne:

-praktisk-teoretisk innføring i dans, instrumentale og vokale typar

* eldre slåttetypar t.d. gangar/halling, springar og lydarslåttar

*runddansane

*eit utval turdansar og songleikar

*stev, balladar, bygdeviser, religiøse folketonar, skillingsviser osb.

-organologi, folkemusikkinstrumentariet

*fele (fiolin) og hardingfele

*eldre folkemusikkinstrument som munnharpe, lur, bukkehorn, langeleik, ulike fløyter

-tradisjonsområde

*særdrag, kjelder, sentrale utøvarar i utvalde område

*korleis finne stoff knytt til aktuelle område?

-didaktiske konsekvensar

*tradisjonelle opplæringsformer, munnleg tradering

*formidling i klasserommet

-kjelder

*oversikt over læreverk i folkemusikk

*feleverka og andre notesamlingar

*folkemusikkarkiva

*folkemusikkmiljøet

Arbeids- og læringsformer

Studiet vert organisert som fire tredagarsbolkar pr. semester. Undervisninga vil vere eit vekselbruk mellom førelesningar og praktisk tilnærming gjennom gruppeundervisning i dans, song og spel, lytting og gruppearbeid.

Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen; eit skriftleg arbeid på ca 15 sider. Kandidaten vil få i oppgåve å beskrive eit avgrensa tema innan tradisjonen, t.d. eit tradisjonsområde eller ein særskilt type repertoar. Kandidaten skal presentere og drøfte korleis dette kan presenterast for eit bestemt klassetrinn.

Samlingane er obligatoriske. Ein må søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret er på meir enn 20 %. Det vert gjeve ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er best og E lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 08.01.2013