Norsk 1 - Litteraturdidaktikk og retorikk NOR 502
Læringsutbytte
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Studenten skal etter arbeid med NOR 502 «Litteraturdidaktikk og retorikk» ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- greie ut om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar: fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar og tekstar frå eldre og nyare medium
- greie ut om sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- greie ut om ungdomslitteratur i ulike sjangrar og forklare korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- greie ut om sentrale trekk ved barnelitteratur og nyare vaksenlitteratur
- greie ut om sentrale dramateoretiske omgrep
Dugleikar
Studenten skal kunne
- nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar og kunne leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- presentere ulike typar fagstoff munnleg med ulike forteljeteknikkar
- leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, slik at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane og kunne stimulere den estetiske sansen til elevane
- vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyte til elevane
- ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, og skape og vurdere digitale samansette tekstar
- bruke drama som metode i norskfaget og dramatisere tekstar frå ulike sjangrar
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Innhold
Litteraturdidaktikk og retorikk er tittelen på andre modul av norskfaget ved GLU 5-10. Munnlegheit og retorikk er viktige emne. Studenten skal tileigne seg kunnskapar om litteratur for ulike aldersgrupper og frå ulike sjangrar og medium, og skaffe seg teoretisk og didaktisk innsikt knytt til desse teksttypane. Studenten skal òg øve opp evna til tekstanalyse og -tolking, lære å stimulere interesse for litteratur og kunne leggje til rette for litteraturarbeid og munnleg språkbruk i klasserommet.
Felles for fyrste og andre modul er vektlegginga av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.
Arbeids- og læringsformer
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter og mappeskriving. I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.
Semesterplanen er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.Her kjem det også fram kva som er obligatorisk.
Vurderingsformer
Studenten vil bli prøvd i ein individuell munnleg skoleeksamen. Eksamenen varer i 30 minutt.
Det blir gitt éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 27.05.2013