Norsk 2 - Glu 1-7: Didaktisk og historisk fokus på samansette tekstar og barne- og ungdomslitteratur i eit nordisk perspektiv NOR 104
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten har:
- kunnskap om sentrale periodar i norsk litteraturhistorie
- kunnskap om nordisk barne- og ungdomslitteraturforsking
- innsikt i tolkingsteori (hermeneutikk)
- kunnskap om retorikken som tolkingsverktøy og som teoretisk grunnlag for utvikling av munnleg kompetanse
Dugleik
Studenten kan:
- leggje til rette for litteraturundervising på ulike trinn basert på fagleg innsikt
- analysere tekstar skrivne for barn og ungdom med omsyn til innhald, form og funksjon
- lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar på eit teoretisk grunnlag
- analysere kva som skjer når ein barnelitterær tekst blir overført frå eit medium til eit anna
Generell kompetanse
Studenten skal:
- ha eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
- meistre ulike munnlege sjangrar
- kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
Innhold
Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Gjennom å presentere eit breitt spekter av arbeidsmåtar, vil vi skape ei grundigare forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
I denne modulen vil du få innsikt i litteraturhistorie samt nordisk barne- og ungdomslitteraturforsking. Vidare vil denne modulen gi deg djupare innsikt i arbeidet med litterær analyse og tolkingsteori (hermeneutikk) samt litteraturdidaktikk. Hovudvekta vil vere på barne- og ungdomslitteratur, men modulen vil også rette noe fokus mot vaksenlitteratur.
Som ein del av samtidas barnekulturelle tekstlandskap finn vi samansette tekstar i fleire sjangrar. Som kommande lærar må du kunne plassere desse teksttypane inn i ein større kulturell og samfunnsmessig samanheng. Denne modulen vil rette fokus mot arbeid med adaptasjon frå barnelitteratur til film samt analyse av andre samansette tekstar som eksempelvis nettsider for barn.
Film og barnelitteratur utmerkjer seg som ein av dei naturlege møtestadene for dei nordiske språka. Denne modulen vil innehalde ei komparativ tilnærming til ulike nordiske tekstar, skriftlege og samansette.
Munnleg arbeid i klasserommet står sentralt i norskfaget. I denne modulen vil munnlege sjangrar som den filosofiske og den litterære samtalen bli lagt vekt på. Retorikken inneheld omgrep til å skape og vurdere munnlege tekstar, samtidig som den gjev oss verktøy til å analysere både læreboktekstar, skjønnlitterære tekstar og samansette tekstuttrykk.
Norskstudiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som vi stiller krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.
Arbeids- og læringsformer
Studiet går over to semester med eksamen etter første og andre semester. Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, bruk av Fronter og individuell rettleiing. For studenten blir det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til det fastsette læringsutbyttet for faget.
I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Teori om skriftlege sjangrar står sentralt i studiet og skal knyttast til studenten si eiga skriving.
Semesterplanen som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.
I løpet av studieåret vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - undervegsvurdering og sluttvurdering.
Undervegsvurderinga i denne modulen består av ei skriftleg innlevering og eit munnleg framlegg. Desse oppgåvene må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Oppgåvene blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Den skriftlege teksten i denne modulen skal vere på bokmål.
Sluttvurdering etter modul 104 er ein individuell munnleg eksamen. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter.
Det kan bli mindre endringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kirsten linnea Kruse <Kirsten.L.KruseSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kirsten Linnea Kruse - 18.12.2012