Barndom og modernitet 2587
Læringsutbytte
Kunnskaper
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om perspektiv og nyare teoriar i studiet av barn og barndom i fortid og nåtid
- har inngåande kunnskap om dei realhistoriske forholda barn har levd under og om idéhistoriske endringar i synet på barn og barndom frå romantikken og opplysningstida til vår tid
- har inngåande kunnskap om korleis barn og barndom representerast i historie og filosofi, i bildekunst, skjønnlitteratur, i media og samtidskulturen
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- kritisk analysere eksisterande teoriar knytt til barndom, samfunn og modernitet
- anvende relevant teoriar og metodar på et sjølvstendig grunnlag, i forhold til analyse av relevante problemstillingar i tilknyting til korleis relasjonen mellom barn, barndom, familie, skule og samfunn har vore forstått og realisert i fortid nåtid
- på et sjølvstendig grunnlag analysere og forholda seg kritisk til omgrepa barn, barndom og modernitet
Generell kompetanse
Kandidaten:
- skal kunne analysere relevante kulturelle og samfunnsmessige prosesser knyta til samanhengen mellom barn, barndom, samfunnsinstitusjonar og historisk endring
- skal kunne på en kritisk og sjølvstendig måte gjennomføre prosjekter og arbeidsoppgåver knyta til barn og barndom i eit nåtidig og historisk perspektiv
- skal kunne formidle omfattande sjølvstendig arbeid om barndom og historiske og kulturelle endringar
- kan i en tverrfaglig samanheng kommunisere om faglige problemstillingar, analyser og konklusjonar i forhold til barn, barndom og modernitet.
Innhold
Tematikken i dette emnet er ulike oppfatningar av barn og barndom i norsk og europeisk kultur slik dei kjem til uttrykk
- i samanhengen mellom norsk historie og samfunnsmessige endringar
- i europeisk kultur generelt, særleg i dei idéhistoriske tradisjonane frå romantikken og opplysningtida
- i historie og filosofi, bildekunst og skjønnlitteraturen
- i media og samtidskulturen
Arbeids- og læringsformer
Undervisningsforma i fordjupingsemnet er seminar, med 3 timar pr veke. Seminarforma føreset aktiv deltaking frå studentane i form av førebudde innlegg og deltaking i diskusjonen. Undervisninga er ikkje obligatorisk, men faglærar råder studentene til å følgje seminaret, Undervisninga går i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <Ellen.SchrumpfSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 08.01.2014