HIS-1 Spesialisering Noreg før 1800 3533
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
- Godt oversyn over hovudtrekka i noregshistoria før ca. 1800.
- Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
- Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
- Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
- Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
- Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
- Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
- Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
- Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar
Innhold
Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
- Heidendom og kristendom ca. 800-1100
- Kong Sverre - mannen og kongedømet
- Trolldomsprosessar med vekt på tida 1550–1700
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga blir i hovudsak gjeven i form av seminar, men ein kan også nytte forelesinger og lydfiler lagt ut på nettet. Seminarundervisinga er obligatorisk. Privatistar kan få avtale om å sleppe obligatorisk oppmøte mot å levere inn fleire oppgåver.
Vurderingsformer
Vurderinga består av
- ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
- ei skriftleg sluttprøve på 3 timar
Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.
Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kai Østberg <ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 30.01.2014