HIS-1 Spesialisering verda etter 1750 3532N
Læringsutbytte
Kunnskap og forståelse:
- Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske, kulturelle og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
- Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
- Kunnskap om metodar brukt i analyser av tema.
- Lære korleis historisk kunnskap er bygt opp.
Ferdigheter:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
- Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.
Kompetanse:
- Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
- Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
- Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Innhold
Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet vekslar mellom ulike enkelttema. Kva for tema som blir tilbydd i undervisninga og kor mange blir avgjort for kvart studieår og er avhengig av disponeringa av lærarressursane og talet på studentar som melder seg på emnet.
Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
- Den franske revolusjonen
- Utbrotet av første verdskrig
- Sovjetunionen 1917 – 1991
- Utbrotet av den kalde krigen
- Israel og Palestina si moderne historie
Arbeids- og læringsformer
Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:
1) Samlinger med forelesinger – ei i byrjinga og ei i slutten av semesteret, til vanleg kvar på to dagar (oftast fredag ettermiddag og laurdag formiddag). Sanntidsforelesinger over nett kan også verte nytta.
2) E-lærings verkty vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringer. Lydfiler med faglege forelesinger/studiosamtaler vert lagt ut jamleg. Om anna materiale vert lagt ut, slik som presentasjonar, tekstsamandrag, lenker og ikkje-obligatoriske oppgåver, vil dette skje meir sporadisk.
3) Jamlege gruppesamtalar til faste tider over nettet. Anna direkte kontakt mellom lærarar og studentar skjer pr. e-post eller ordinær telefon. Det vil også verte lagt til rette for fagleg diskusjon og gruppearbeid over nettet.
Vurderingsformer
Vurderinga består av
- ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
- ei skriftleg sluttprøve på 3 timar
Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.
Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kai Østberg <kai.ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 01.03.2014