HIS-2 Nordisk historie oversyn 3508

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:

  • Godt oversyn over hovudtrekka i Nordens historie frå og med middelalderen til i dag.
  • Forståing av særdrag ved dei nordiske samfunna og av korleis dei har utvikla seg.
  • Kjenne til hovudtrekk ved det nordiske samarbeidet.
  • Forståing av den rolla Norden har spela og spelar internasjonalt.
  • Forståing av metodar som vert nytta innafor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillingar og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
  • Forståing for historisk forskingsdebatt.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekster og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av dei aksepterte terminologiane og teknikkane i det.
  • Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillingar.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.

Kompetanse:

  • Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med en gjeven eller eigenformulert problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Nordisk historie i vikingtid og mellomalder: Sosiale, økonomiske og kulturelle tilhøve. Politisk historie fram til ca. 1340.
  • Nordens historie 1340-1520, med hovudvekt på Kalmarunionen: Bakgrunn, etablering, konfliktlinjer, oppløysing.
  • Politikk, religion og økonomi ca. 1510-1610.
  • Politikk, økonomi og sosiale tilhøve ca. 1610-1815.
  • Norden skifter ham: Sosial og økonomisk utvikling på 1800-talet og tidleg 1900-tal.
  • Sjølvstendestrid og framveksten av det borgerlege demokratiet.
  • Norden i Europa – ulike interesser og ulike tryggingspolitiske behov.
  • Politisk og økonomisk utvikling i Norden etter 1945.
  • Nordenomgrepet: Bør vi oppfatte Norden som ein heilskap? Kva tydar eigentleg omgrepet «Norden»?
  • Komparasjon: Kvifor og korleis samanlikne dei nordiske landa? Grunnleggande om komparativ metode.

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant. Under ekskursjonen knytta til emnet (sjå under) vil studentane også kome i direkte kontakt med aktive forskarar.
Emnet er ein del av påbyggingsstudiet i nordisk historie (sjå eigen plan for dette). Det er berekna å bli teke saman med to fordjupingsemne i nordisk historie, kvart på 10 studiepoeng. Emnet 3508 gjev bakgrunnskunnskapar og metodisk basis for desse fordjupingsemna, og bør difor alltid bli teke saman med eller før desse.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir gjeve som seminar eller forelesingar. Metodedelene av pensum vert alltid undervist som seminar der det krevst aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førbudd seg grundig til all undervisning.

I tillegg til undervisninga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. Ekskursjonen vil alltid vere relevant for 3508-emnet og vil normalt kome i oktober. Ekskursjonen er til vanleg sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje en del av sine egne utgifter.

Dersom delar av undervisinga er obligatorisk, eller det vert fastsett obligatoriske arbeidskrav, vil dette gå fram av planen for det enkelte semesteret.

Vurderingsformer

Vurderinga består av en ein seks timers skriftleg eksamen mot slutten av haustsemesteret. Eksamensformen er vald for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.
Det blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for stått og F for ikkje stått.

Krav ved digital eksamen:

  • ​Eksamenskandidaten skal være på plass i eksamenslokalet med egen maskin klargjort for digital eksamen senest 30 minutter før eksamen starter. Dersom utstyret ikke er klargjort for digital eksamen senest 30 minutter før eksamen starter kan kandidaten miste retten til å gjennomføre eksamen. Det vil kun unntaksvis bli gitt anledning til å gjennomføre eksamen dersom kandidatens utstyr ikke oppfyller kravene til digital eksamen. Oversikt over kravene til digital eksamen finnes her: http://www.hit.no/Student/Eksamen-og-vitnemaal/Digital-eksamen

  • Prøveeksamen i det digitale eksamensverktøyet er obligatorisk og må være levert for å kunne gå opp til eksamen. Prøveeksamen skal leveres på den maskinen eksamenskandidaten vil bruke på hovedeeksamen. Manglende innlevert prøveeksamen vil medføre at kandidaten blir meldt av eksamen i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no>,Herleik Baklid <herleik.baklidSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Amir Ebrahimi - 08.09.2015