Norsk 2 - Språkleg eller litterær fordjuping NOR 504

Læringsutbytte

Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.

Studenten skal etter arbeid med NOR 504 «Språkleg eller litterær fordjuping» ha fylgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten skal kunne

- drøfte korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk førstespråk og norsk som andrespråk

- greie ut om og bruke ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur

- greie ut om sakprosa, essay og sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og teoriar om samansette tekstar

- greie ut om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium, og kunne drøfte korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid

- greie ut om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Dugleikar

Studenten skal kunne

- setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hjå elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set

- rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon

- lese, analysere, tolke og vurdere tradisjonelle og samansette tekstar, og sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira

- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer

- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar

- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget

- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget

Innhold

Språkleg eller litterær fordjuping er tittelen på fjerde modul av norskfaget ved GLU 5-10. I denne modulen vil det vere ei fordjuping av dei emna som har blitt behandla i dei tidlegare modulane. Studentane skal arbeide meir teoretisk med litteratur og med problematiseringar omkring bruk av eldre litteratur i skulen, samstundes som emne knytt til ungdom og lesing blir tekne opp. Det å overføre litteratur til andre medium høyrer også med (adaptasjon). I modul 4 skal også studentane møte norskfagets historie, og få ei djupare innsikt i språkdidaktiske spørsmål.

I tillegg til dei felles emna i modulen skal studentane velje anten språkleg eller litterær fordjuping med eit sjølvvald fordjupingspensum.

Felles for tredje og fjerde modul er fokuset på språk og tekst i fortid og samtid. Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).

Arbeids- og læringsformer

I fjerde modul vil undervisningsforma vere seminarprega, studentane skal bidra med innlegg og vere opponentar til kvarandre, og alle skal delta i faglege drøftingar. Det vil også vere forelesingar og oppgåveløysing og oppgåveskriving. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.

Vurderingsformer

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sluttvurdering

Studenten vil bli prøvd i både ein individuell skriftleg heimeeksamen og ein individuell munnleg skoleeksamen.

Heimeeksamenen varer i fem dagar, og har anten språkleg eller litterært emne, avhengig av kva fordjupingsretning studenten har valt. Målforma er valfri. Pensum til denne eksamenen er det studenten sjølv som legg opp. Pensum må bli godkjent av faglærarane etter krav og fristar gjort kjent i semesterplanen. Eksamenen blir vurdert med ein gradert karakter frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.

Den munnlege eksamenen varer i omkring 30 minutt. Pensum til denne eksamenen er det som står i den felles pensumlista til emnet. Det blir gitt ein gradert karakter frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.

Studenten får éin samla karakter i denne modulen. Dei to eksamenane tel kvar 50 % av den samla karakteren.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no> - 17.01.2014