2309 Design, redesign og saum av klede

Innledning

Studiet er eit deltidsstudium for dei som vil arbeide med kledesign, kostyme, kunst og handverk eller som lærar. Studiet inneheld praktisk arbeid med ulike materiale og bruk av maskiner og reiskap i saumfaget og vil ha fokus på både design, redesign og sauming av klede.

Målgruppe og opptakskrav

  • Målgruppa for studiet er studentar som ynskjer å arbeide med design av klede, kostymer, kunst- og handverk eller som lærar. Studiet kan også vere eit vidareutdanningstilbod for lærarar i grunnskolen.

Du kan også bruke studiet som førebuing for å gå vidare innan ei rekke studium i design og tekstil som t.d. Kunsthøgskolen, Esmod, Beckmans, Textilhögskolan Borås, Steneby, Danmarks Designskole, HDK m. fl. Studiet gir deg kunnskap som trengs i arbeid på private systuer, saum- og stoffbutikkar, ved teater, film og fjernsyn og med formgiving innan moteindustri.

  • Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Mål for studieprogrammet

Studenten skal kunne:

  • Designe og framstille klede som er individuelt tilpassa kroppen og i å designe mindre kolleksjonar.
  • Designe og framstille klede med utgangspunkt i gjenbruksmateriale (re-design) og lære seg å sy om klede
  • Tileigne seg kunnskap om drakt – og motehistorie, både bymote og folkedrakter, for å kunne bruke dette i utvikling av eigne produkt
  • Orientere seg om dagens motebilde – og designuttrykk, for å sette eigne arbeid inn i ein større samanheng
  • Arbeide sjølvstendig og reflektert med dei ulike delemna i studiet

Læringsutbytte

Etter fullført studium skal studenten kunne:

  • dokumentere kunnskap og ferdigheter i idéutvikling og designprosessar gjennom eige arbeid
  • dokumentere kunnskap og ferdigheter i ulike teknikkar det vert undervist i på studiet
  • nyttigjere seg av kunnskapen som ligg i dei ulike tema i studiet, slik at teknikk og estetisk refleksjon og vurdering blir viktige faktorar i formgjevingsprosessen
  • formidle eigne og andre sine arbeid gjennom utstillingar og presentasjonar

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Obligatoriske emner:
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
30REDES Design, redesign og saum av klede 30,00 O 15 15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Innhald, oppbygging og samansetning

Innhaldet i studiet er delt inn i 5 delemne som samla sett gjev ulike perspektiv på temaet design, re -design og saum av klede.

Det vil vere fokus på målsydde og handverksproduserte klede. Studiet inneheld praktisk arbeid med ulike materialar og bruk av maskiner, reiskap og teknikkar i saumfaget. Studentane skal lære måltaking, mønsterkonstruksjon, mønsterforming, tilskjering, tilpassing av plagg og ulike saumteknikkar, re-design og omsaum, modellering mm.

  • Idéutvikling og designprosess 20%
  • Saumteknikk og tilskjering 27%
  • Mønsterkonstruksjon 27%
  • Re-design, omsaum og modellering 20%
  • Fagteori 6%

(Vektinga seier noko om omfanget i dei ulike emna og kva som vert mest vektlagt i studiet)

Studiet er sett saman og organisert i 7 heile vekesamlingar, frå måndag – til fredag, 3 i haustsemesteret og 4 i vårsemesteret. Dei to siste samlingane er sett av til arbeidet med eksamenoppgåva, individuell rettleiing og arbeid med utstilling og presentasjon av eksamensoppgåve /catwalk.

Det er obligatorisk deltaking på undervisninga under samlingane. Undervisning som vert gjeve under samlingane skal gje studentane nødvendig kunnskap for å kunne fylgje progresjonen i studiet.

Dei ulike emna er integrert i kvarandre. Fagteori og design vil vere gjennomgåande tema under samlingane, då dette set det praktiske arbeidet inn i eit større perspektiv og vil vere ei hjelp for studentane i deira val av estetiske og tekniske løysingar.

Internasjonalisering

Studiet er eit deltidsstudium, og det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga er organisert i form av forelesingar, gruppearbeid, seminar, individuell rettleiing og sjølvstudium. Studiet krev aktiv deltaking frå studentane si side, og den enkelte har ansvar for å fylgje opp framdrifta i studiet. Mellom samlingane skal studentane arbeide med heimeoppgåver som er utforma på bakgrunn av det som det har vore undervist i på samlinga og som skal førebu til neste samling. Arbeidet mellom samlingane er svært viktig, då det er her studentane får repetert og brukt kunnskapen dei har fått, på ein sjølvstendig og problemløysande måte.

Studentane vil ha tilgang til rettleiing mellom samlingane.

Vurderingsformer

Det skal vere samsvar mellom mål, innhald, arbeidsformer og vurdering i studiet. Vurderinga vert ein viktig del av studiet og vil skje i form av tilbakemeldingar på korleis studenten har løyst oppgåvene mellom samlingane og i tilbakemeldingar / drøftingar under samlingane.

Arbeidskrav

For å få vitnemål må studenten ha gjennomført og fått godkjent arbeidskrava som studiet krev:

  • 4 heimeoppgåver, ei oppgåve etter kvar av dei fire første samlingane må vere levert inn til fastsett frist og godkjent. Oppgåvene er utforma slik at studentane skal kunne arbeide sjølvstendig med faglege problemstillingar som skal hjelpe dei til å nå målsetjinga for studiet. For at studenten skal kunne gå i gang med den avsluttande oppgåva, må alle 4 heimeoppgåver vere godkjende.
  • Den avsluttande oppgåva skal vere eit sjølvstendig FoU-arbeid. FoU-arbeidet skal innehalde element frå alle hovudemna i studiet og skal dokumentere kunnskap i desse emna. Studenten skal ha fått godkjent prosjektskisser som skal danne grunnlag for arbeidet med den avsluttande oppgåva. Dette er eit krav som skal sikre at studenten vel ei oppgåve som er i tråd med målet for studiet.

Avsluttande oppgåve skal presenterast / stillast ut under avslutningsdagane ved instituttet.

  • Godkjent obligatorisk frammøte på undervisning, minimum 80 % deltaking

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 28.01.2014