4990 Folkekunst - tre - metall - tekstil 2
Innledning
Studiet Folkekunst - tre - metall - tekstil 2 er andre året i Bachelorgraden i Folkekunst.
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskravet til studiet er 1 - årig studium i folkekunst eller tilsvarande utdanning og praksis.
Utdanningstilbodet er retta mot arbeid i kulturinstitusjonar, rettleiingsteneste og eiga verksemd.
Mål for studieprogrammet
Studiet har som mål å gje studentane ei fordjuping i norsk folkekunst og ved det setje dei i betre stand til å arbeide for vern, fornying og formidling av den materielle formkulturen vi har i vårt land. Studiet har såleis både ei tradisjonsvernande, ei tradisjonsfornyande og ei kulturformidlande side. Den utøvande delen av studiet har størst vektlegging.
Læringsutbytte
Sjå emneplan.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne
|
Studiet er bygd opp om to delar, ein fellesdel og ein spesialiseringsdel. Fellesdelen handlar om å skaffe seg røynsle og innsikt i formande handverksprosessar, formidling av kultur - og tradisjonsstoff og innsyn i FoU-arbeid.
Fellesdelen har desse fagområda:
- Formgjevingshistorie
- FoU-metodikk
I spesialiseringsdelen kan ein velje mellom:
- Formgjeving - i tre, metall eller tekstil
Fellesdelen er vekta til 20 % og spesialiseringsdelen er vekta til 80 %.
Valemne:
Det er mogleg for studentar å velje eit 3 månaders studieopphald i utlandet som del av spesialisering i formgjeving. Opphaldet kan vere ved ein utdanningsinstitusjon eller ta form av eit feltarbeid utforma i samråd med faglærar og instituttleiinga. Valemnet erstattar praksis, studietur og delemnet vern / fornying
Høgskolen vil til ei kvar tid avgjere kor mange av spesialiseringstilboda som kan setjast i gang.
FELLESDEL
Hovudemne FORMGJEVINGSHISTORIE
Målet for faget er å setje arbeid med tradisjonskunsten og det praktisk / estetiske arbeidet på verkstaden inn i ein større samanheng. Gjennom ulike tema og perspektiv som vert belyst, skal studenten verte i stand til å gjere riktige val når det gjeld vern,fornying og formidling.
Studenten skal bli kjend med andre kunst - og kulturuttrykk, både i historisk tid og i moderne tid, for å kunne sjå tradisjonsuttrykk som ein del av andre estetiske uttrykk, og med det verte i stand til å verne og fornye tradisjonskunsten.
Målet er at studentane skal få eit medvete og reflekterande forhold til tradisjonkunst som fenomen i vår tid.
Ulike formuttrykk vert belyst for å sette tradisjonskunsten inn i ein kunstnarleg og kulturhistorisk samanheng.
Forbrukarsamfunnet og moderne teknologi gjer at tradisjonelle produksjonsmåtar og handverksprodukt vert utsett for hard konkurranse. Drøfting av kvalitetsomgrepet i lys av dette perspektivet er eit viktig tema.
Hovudemne FoU - METODIKK
Forskings - og utviklingsmetodikk skal gjere studentane betre egna til å gjennomføre enkle prosjekt og oppgåver knytt til emnet folkekunst / tradisjonskunst og vurdere kritisk FoU-arbeid. Faget skal hjelpe studentane til å finne metodar for innhenting av data frå museum, arkiv og andre kjelder og til å nyttiggjere seg dette materialet i det praktisk - teoretiske arbeidet for å nå målet om vern eller fornying av den tradisjonelle formkulturen.
Ei god skriftleg framstilling og gode presentasjonsformer av resultat frå arbeid med konkrete problemstillingar er også mål for dette faget.Dette føreset at ein óg tek opp prinsipielle forskarspørsmål, men i fyrste rekkje arbeider med høvelege strategiar og metodar for FoU-prosjekt i tradisjonskunst.
Spesialisering: FORMGJEVING - tre- metall - tekstil
VERKSTADFAG OG ESTETISKE FAG
Denne spesialiseringa byggjer på verkstadfaget i grunnstudiet folkekunst 1, og har som mål å vidareutvikle studentane sine kunnskapar om norsk tradisjonskunst når det gjeld variasjonar innan produksjonsmåtar og estetiske kvalitetar. Gjennom kunnskap i desse områda skal studentane verte i stand til å arbeide for vern, fornying og formidling av den materielle formkulturen. Studentane må gjere vurderingar og val under utforminga av nye produkt som gjer at produkta blir gode samtidsprodukt.
Spesialisering formgjeving er sett saman av to hovudemne: verkstadfag og estetiske fag.
Desse fagområda støttar opp om, og utfyller kvarandre, i arbeidet med formgjeving av eigne produkt. Undervisninga i verkstadfaget er knytt til rettleiing av studentane i arbeidet med studieoppgåvene. I tillegg vert det enkelte kursveker der tema vil kunne variere frå år til år. I den teoretiske undervisninga i verkstadfaget vert det ei fordjuping i tema som det vart undervist i på grunnstudiet.
Årsoppgåve, utstilling med skriftleg utgreiing
Årsoppgåva har ein sentral plass i studiet og skal femne om dei ulike faga som studiet er bygd opp av; verkstadfag, estetiske fag og FoU-metodikk. Innhaldet i oppgåva skal omfatte samla verksemd frå idetilfang, planlegging, utforming / produksjon og presentasjon / formidling av resultatet. Tema skal vere godkjend av klasseleiar og faglærar før studenten kan gå i gang med årsoppgåve.
Kursveker / temaundervisnig:
Det vert sett av tid til spesialisering / fordjuping innan enkelte teknikkar / tema. Desse vekene går parallellt med arbeidet innanfor dei enkelte delemna. Det er obligatorisk deltaking. Studentane skal også levere inn rapport etter kvar kurs / temaveke
Studietur:
Påbyggingsstudiet i folkekunst og folkemusikk har felles obligatorisk studietur til eit europeisk land. Ein har valt å legge studieturen til Ungarn og Slovakia, då desse landa er rike på tradisjonar både når det gjeld folkekunst og folkemusikk. Studiet har eit godt fagleg nettverk i desse landa, både med utdanningsinstitusjonar, organisasjonar og tradisjonelle utøvarar.
Valfritt delemne:
Europeisk folkekunst
Studenten kan velje å gjennomføre eit kortare studieopphald i utlandet ( tre månader), og skal gjennom dette gjere seg kjend med lokal tradisjon der han / ho oppheld seg. Ved kontrastering og samanlikning skal studenten på bakgrunn av dette kunne setje norsk folkekunst inn i ein større kunstnarleg og kulturell samanheng.
Studieopphaldet kan ta form av eit feltarbeid der studenten har kontakt med lokale utøvarar og forskarar. Eit slikt feltarbeid må utarbeidast i samråd med faglærar og institutt og i forståing med lokale fagfolk. Det kan også vere snakk om å følgje faste studieopplegg i regi av ein lokal utdanningsinstitusjon, der det er utarbeidd ein formell avtale mellom institusjonane.
Internasjonalisering
Studentane kan ta delar av studiet i utlandet, i vårsemesteret.
Arbeids- og læringsformer
Spesialisering Formgjeving har som mål å gje studentane ei fordjuping i norsk tradisjonskunst og ved det setje dei i stand til å arbeide for vern, fornying og formidling av den materielle formkulturen. Dei ulike fagområda skal belyse og fremje dette målet. Ein prøver difor å legge opp studieåret slik at det vert ein fagleg samanhang og progresjon i undervisninga i dei enkelte emna.
For at studentane skal kunne fordjupe seg i ulike tema, har ein valt å dele studieåret inn i lengre oppgåveperiodar som har form av prosjektarbeid. Oppgåveperiodane har dei sentrale omgrepa vern, vidareføring og fornying som hovudtema og vert avslutta med utstillingar.
Det er sett av ein lengre prosjektperiode på om lag 10 veker til arbeid med årsoppgåve som også inkluderar utstilling/presentasjon under avslutningsdagane. Det er obligatorisk rettleiing i arbeidet med årsoppgåva, både i den skriftlege - og i den praktiske delen. Det praktiske arbeidet skal utførast på verkstaden på skolen.
Undervisningsformene vil variere mellom forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, ekskursjonar, individuell rettleiing på verkstad og i klasserom, seminar og kurs.
Ein fagrelatert studietur til utlandet på om lag 10 dagar er obligatorisk. Det kan også vere kortare studieturar innanlands.
I vårsemesteret er det lagt opp til 1-2 veker med praksis hjå kunsthandverkarar,handverkarar, museer e.l
Vurderingsformer
Det skal vere samsvar mellom mål, innhald og vurdering i studiet. Vurdering som skjer undervegs i studiet, skal gje studenten ei tilbakemelding på korleis studieoppgåver er løyst og kva som bør vektleggast vidare i studiet. Vurdering av studieoppgåver, prøver og arbeidskrav som må vere gjennomførte for å kunne gå opp til eksamen, vert samla i studentmappe.
Eksamen / vekting
Dei ulike delane av studiet vert vekta slik i forhold til den samanfattande karakteren for studiet:
- Årsoppgave 40%
- Skriftleg prøve i formgjevingsteori 20%
- Frå studentmappe 40%
Det vert gjeve ein karakter på vitnemålet, gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2014