443 Folkemusikk, bachelor

Innledning

Bachelorstudiet i folkemusikk er eit treårig studium der dei to første åra inneheld ei innføring, og vidare ei fordjuping, innan emnet norsk folkemusikk. Det tredje året skal styrkje profilen til bachelorgraden.Hovudmål for tredjeårsstudiet er at studentane utviklar ein spisskompetanse med basis i dei to føregåande studieåra.

Ein kan nevne at folkemusikkstudiet har gode kontaktar med nordiske og andre europeiske folkemusikkutdanningar, der det kan vere aktuelt å vere delar av det tredje studieår.

Målgruppe og opptakskrav

Bachelorstudiet i folkemusikk er eit tilbod til dei som er interessert i utøving av folkemusikk og i formidling av norsk folkemusikk. Opptakskrav er studiekompetanse eller realkompetanse.

Mål for studieprogrammet

Bachelorstudiet i folkemusikk skal gje studentane ei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkemusikk.

Den utøvande og formidlande sida vert vektlagt, særleg i det andre året og tredje året. Studentane vel eit hovudinstrument dei vil arbeide med dei i dei tre åra. I det tredje året kan studentane sjølv velje ei retning gjennom eit større prosjektarbeid som styrkjer bachelorstudiet og gjev det ein profil, anten i praktisk eller i teoretisk retning.

Læringsutbytte

Sjå emneplan

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Obligatoriske emner:
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
60FMUS1 Folkemusikk 1 60,00 O 30 30        
60FMUS2 Folkemusikk 2 60,00 O     30 30    
60FMUS3 Folkemusikk 3 - Folkemusikk i Noreg og
andre land
30,00 O         30  
FMUS3 Bacheloroppgåve - avsluttande prosjekt 30,00 O           30
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Bachelorstudiet i folkemusikk er sett saman av Folkemusikk I, Folkemusikk 2 og Folkemusikk 3.

Internasjonalisering

Det er lagt opp til eit 3 mnd langt utanlandsopphald i andre året av bachelorgraden, i vårsemesteret.Dette er valfritt. Det kan også vere aktuelt for studentar i det tredje året å ha utanlandsopphald.

Arbeids- og læringsformer

Arbeids- og undervisningsformer i studiet er forelesingar, individuell undervisning (hovudinstrument), gruppeundervisning, seminar, ekskursjonar, heimeoppgåver og prosjektarbeid. Konsertverksemd, kappleiksarrangering og undervisningspraksis er også aktuelt i periodar av studietida.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er skriftlege prøver og munnlege framføringar av praktisk (oppspel) eller teoretisk art. I tillegg kjem individuelle prosjektoppgåver og rapportar. Nokre av arbeidskrava vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent medan andre vert vurdert med karakter (sjå studieplan for årsstudium i folkemusikk og for folkemusikk/fordjuping).


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2014