4999 Innføring i norsk folkemusikk

Innledning

Studiet er eit deltidsstudium i folkemusikk for musikklærarar. Målet er å gje studentane auka praktisk og teoretisk kunnskap om norsk folkemusikk og dans og om korleis ein best kan bruke denne kunnskapen i grunnskolen.

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Det er ønskjeleg at søkjarar har musikkbakgrunn / erfaring. Emnet vil høve som etter/vidareutdanning for musikklærarar, som ein del av musikklærarutdanning eller som del av ei universitetsgrad.

Mål for studieprogrammet

Målet er at studentane skal få auka praktisk og teoretisk kunnskap om norsk folkemusikk og dans, og forslag til korleis ein kan undervise i dette i grunnskulen. Ein vil arbeide med praktisk repertoar, m.a. vokal tradisjonsmusikk og dans, som kan nyttast i undervisning i skulen. Vidare vil ein få kunnskap om korleis ein kan tileigne seg meir slikt repertoar.

Læringsutbytte

Studentane skal tilegne seg ei oversikt over typiske trekk ved dei norske folkemusikktradisjonane, både med omsyn til breidda i dei levande tradisjonane og med omsyn til forståinga av dei historiske forholda som har skapt dei. Studentane skal kunne legge til rette for undervisning i temaer innan folkemusikk i grunnskolen etter fullført studium og ha kunnskap om korleis og kvar ein kan finne fram til kjelder og kunnskap i folkemusikk for å kunne formidle dette vidare.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Obligatorisk emne:
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
 
15INFMUS Innføring i norsk folkemusikk 15,00 O
Sum:
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Gjennom praktisk tilnærming skal studentane oppleve, diskutere og prøve ut korleis dei ulike tema kan formidlast, m.a. med tanke på kompetansemåla i musikkfaget i skulen (Kunnskapsløftet). Stoff frå dei regionane som er relevante for studentane vert prioriterte.

Innleiingsvis vil folkemusikken sin plass i samfunnet i dag og folkemusikkomgrepet bli drøfta.

Studiet vil gje ei kort innføring i ulike tradisjonsområde rundt om i landet i form av ei oppsummering m.o.t. variasjonar (typar, instrument, terminologi m.m.) og sentrale tradisjonsberarar i ulike tidsbolkar. Studentane skal få kjennskap til konkret repertoar og aktuelt kjeldemateriale for dei ulike regionane og korleis slikt kan framskaffast.

Vidare tek ein for seg dei vokale og instrumentale sjangrane innan tradisjonsmusikken. Gjennomgangen av kvar einskild type skal innehalde både ei konkret, musikalsk skildring og ei utgreiing om historikken som knyt seg til den aktuelle typen. Så langt som råd vil ein leggje vekt på ei praktisk tilnærming. Ein vil gå inn på relevante musikkhistoriske tema som er viktige i utviklinga av dei folkemusikalske formene.

Gjennom praktisk dans vil ein få innblikk i dei ulike sjangrane i folkedansrepertoaret. Studentane vil få forståing av dans som sosial samversform og av forholdet mellom dans og

musikk. Ein vil ta for seg nokre bygdedansar og runddansformer og noko av det fellesnasjonale repertoaret m.o.t. turdans og songleik.

Delemne:

-praktisk-teoretisk innføring i dans, instrumentale og vokale typar

* eldre slåttetypar t.d. gangar/halling, springar og lydarslåttar

*runddansane

*eit utval turdansar og songleikar

*stev, balladar, bygdeviser, religiøse folketonar, skillingsviser osb.

-organologi, folkemusikkinstrumentariet

*fele (fiolin) og hardingfele

*eldre folkemusikkinstrument som munnharpe, lur, bukkehorn, langeleik, ulike fløyter

-tradisjonsområde

*særdrag, kjelder, sentrale utøvarar i utvalde område

*korleis finne stoff knytt til aktuelle område?

-didaktiske konsekvensar

*tradisjonelle opplæringsformer, munnleg tradering

*formidling i klasserommet

-kjelder

*oversikt over læreverk i folkemusikk

*feleverka og andre notesamlingar

*folkemusikkarkiva

*folkemusikkmiljøet

Internasjonalisering

Det er ikkje tilbod om utanlandsopphald i studiet.

Arbeids- og læringsformer

Studiet vert organisert som fire tredagarsbolkar pr. semester. Undervisninga vil vere eit vekselbruk mellom førelesningar og praktisk tilnærming gjennom gruppeundervisning i dans, song og spel, lytting og gruppearbeidx

Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen; eit skriftleg arbeid på ca 15 sider. Kandidaten vil få i oppgåve å beskrive eit avgrensa tema innan tradisjonen, t.d. eit tradisjonsområde eller ein særskilt type repertoar. Kandidaten skal presentere og drøfte korleis dette kan presenterast for eit bestemt klassetrinn.

Samlingane er obligatoriske. Ein må søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret er på meir enn 20 %. Det vert gjeve ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er best og E lågaste ståkarakter.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2014