521 Engelsk, årsstudium

Innledning

Engelsk er både eit reiskapsfag og eit såkalla danningsfag, og årsstudiet skal gje kunnskap og innsikt i båe desse dimensjonane. Alt tyder på at trongen til engelskkunnskapar berre vil auke i åra framover. For svært mange vil dette innebere eit krav om å meistre språket munnleg og skriftleg på eit nivå som er tilfredsstillande også i jobbsamanheng. I tillegg er engelsk i forskjellige variantar i aukande bruk i stadig nye delar av verda. Dette stiller krav til auka kunnskap om språket og bruken av det i samanhengar som er i konstant endring. Samtidig vert det stilt krav til kunnskap om og forståing av engelskspråkleg kultur og historie, med særleg basis i Storbritannia og USA. Difor er årsstudiet i engelsk sett saman av emne som til saman skal gje brei kunnskap om og forståing av dei språklege og kulturelle aspekta ved faget. Studiet skal styrke studentane si evne til å reflektere kritisk omkring den engelskspråklege verda si rolle og betydning i global samanheng.

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse. Målgruppa er alle søkjarar som ynskjer seg ein god grunnleggjande kompetanse innan engelsk, anten til bruk i undervisning eller i anna arbeid som krev gode engelskkunnskapar. Studiet tek utgangspunkt i forkunnskaper tilsvarande fordjuping i engelsk på vidaregåande skule.

Mål for studieprogrammet

Studiet gjev innsikt i det engelske språket sin bruk og struktur, og i engelskspråkleg litteratur og kultur i den engelsktalande verda frå renessansen fram til i dag. Det blir lagd særleg vekt på Storbritannia og USA.

Årsstudiet i engelsk er eit grunnstudium som kan kombinerast med andre studium og emne i ein bachelorgrad i humanistiske fag ved Høgskolen i Telemark, eller med andre studium ved andre høgskular og/eller universitet.

Engelsk er eit sentralt skulefag og kan nyttast i ei lærarutdanning sett saman av fagstudium pluss PPU. Årsstudiet vil elles gje eit godt grunnlag for arbeid i yrke der det vert stilt kompetansekrav innan engelsk, som i reiselivsbransjen, presse, internasjonalt arbeid, forlagsverksemd og ulike oppgåver i næringslivet og offentleg forvalting.

Læringsutbytte

Studenten skal ved fullført studium ha fylgjande læringsutbytte :

Kunnskap:

  • Ha godt oversyn over hovudtrekka i engelsk grammatikk, det engelske lydsystemet og den historiske utviklinga til det engelske språket.
  • Reflektere over tilhøvet mellom språkleg form og språkleg innhald.
  • Kunne gjere greie for hovudtrekka i britisk og amerikansk litteratur og kultur frå 1600 til i dag.
  • Ha grunnleggjande kunnskap om rolla til engelsk språk, litteratur og kultur på verdsbasis.

Dugleikar:

  • Tenke analytisk om språk og språklege verkemiddel.
  • Analysere og kritisere litterære tekstar.
  • Uttrykke seg skriftleg og munnleg på korrekt og idiomatisk engelsk.
  • Forstå ulike språklege variantar og stilnivå.
  • Forstå kulturforskjellar innan den engelskspråklege verda.

Kompetanse:

  • Evne til å bruke engelsk som eit effektivt kommunikasjonsmiddel i skrift og tale.
  • Evne til å nytte tillærd engelskkunnskap i nye samanhengar.
  • Evne til å vidareformidle kunnskapen om engelsk språk, kultur og litteratur.
  • Kunne jamføre kultur i den engelsktalande verda med vår eigen kultur.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Engelsk årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
2010 Practical English 5,00 O 5  
2011 Essay Writing 5,00 O 5  
2009 The Contemporary English-Speaking World 10,00 O 10  
2012 English Grammar 10,00 O 10  
2008 American Literature and Culture
1600-1980
10,00 O   10
2007 British Literature and Culture
1600–1980
10,00 O   10
2013 The Sounds of English 10,00 O   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er sett saman av sju emne, fem på 10 studiepoeng og to på 5 studiepoeng. Fire av emna blir avslutta i haustsemesteret og dei tre andre i vårsemesteret.

Internasjonalisering

Institutt for kultur- og humanistiske fag har ei rekkje utvekslingsavtaler med utanlandske institusjonar, inkludert tilbydarar av emne innan engelsk språk, litteratur og kultur. Ta kontakt med instituttkonsulenten, og sjå elles studieplan for bachelor i språk og litteratur. Instituttet rår generelt til at utenlandsopphald vert teke i det tredje studieåret.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vert organisert som fellesførelesingar, gruppedelte seminar og workshops. Delar av undervisninga er obligatorisk, med moglegheit for fritak i særskilte høve. Sjå omtalen av dei enkelte emna for meir informasjon.

Høgskolen i Telemark samarbeider med andre høgskolar og universitet om Det norske studiesenteret i York. Studentane vil få eit obligatorisk opphald i England på to veker. Dette går inn som ein del av opplæringa i praktisk språk, og av studiet innan britisk litteratur og samfunnstilhøve. Studentar som ikkje har høve til å reise, kan søkje om fritak frå deltaking, men vil i staden få ei to-vekers prosjektoppgåve. Oppgåva må vere godkjend for å få ståkarakter i emnet 2007 British Literature and Culture..
Lånekassa kan på visse vilkår gje tilleggslån som dekkjer ein del av utgiftene ved opphaldet. Samla faste utgifter (reise, opphald, kursavgift) vil truleg bli om lag kr. 6.000.

Vurderingsformer

Vurderingsformene vekslar mellom heimeoppgåver, undervegsprøver og sluttprøver. Sjå emneomtalene for detaljar.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no> - 13.11.2013