366 Idéhistorie, årsstudium, nettbasert

Innledning

Idéhistorie omhandlar tankemessige straumar som gjennom historia har hatt stor innverknad på korleis mennesket handlar, tenkjer og uttrykker seg. I årsstudiet ved HiT studerer vi i hovudsak tekster frå filosofiske, politiske, religiøse og estetiske kontekster. Studiet av andre typar menneskelege uttrykk enn tekster (slik som bilete) inngår også i studiet.

Målgruppe og opptakskrav

Målgruppe:

Studiet er retta mot studentar som ønskjer å tileigne seg breie kunnskapar om den historiske idéutviklinga innan ulike kulturelle hovudområde og dermed oppnå ei betre forståing av samtidas idémessige føresetnader.

Studiet eignar seg for dei som søkjer idéhistorisk kompetanse med sikte på undervisning i skuleverket eller andre former for formidlingsarbeid. Det eigner seg godt som etterutdanning for lærarar.

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse. Sidan mykje av pensummaterialet er på engelsk, er det naudsynt med gode lesekunnskapar i dette språket.

Mål for studieprogrammet

Studentane skal oppnå innsikt i korleis sentrale idéstraumar har utvikla seg innan kulturelle hovudområde. Dei skal opparbeide kompetanse i å fortolke tekster og andre menneskelege uttrykk (for eksempel bilete) i lys av idémessige kontekster. Dette blir gjort ved å studere materiale frå m.a. filosofiske, politiske, religiøse og estetiske og kontekster. Dessutan er det eit hovudmål at studentane ved å tileigne seg kunnskap om idébærande tekster og uttrykk frå ulike historiske kontekster skal få ein betre forståing av sentrale idear i samtida.

Studiet kvalifiserer for:

Idéhistorisk innsikt vil gi ei betre forståing av mange tankestraumar ein møter i andre humanistiske fag. Derfor vil eit idéhistoriestudium være tenleg for dei fleste studentar innan det humanistiske fagområdet. Ved Institutt for kultur- og humanistiske fag vil idéhistorie årsstudium kunne gå inn i ulike fagkombinasjonar innanfor rammene av instituttets Bachelor-utdanning: Ein kan kombinere årsstudiet i idéhistorie med historiestudium så vel som litteratur- og språkstudium. Samtidig er studiet relevant for studentar som etter avslutta BA-grad ønskjer å gå vidare på instituttets masterstudium (og eventuelt PhD-studium) i kulturstudiar. Med atterhald om spesielle krav ved andre studiestader, vil idéhistorie årsstudium gi grunnlag for vidare studium i idéhistorie ved andre høgskular og universitet.

Årsstudiet i idéhistorie gir godt grunnlag for å undervise i programfaget «Historie og filosofi» i vidaregåande skule. Det vil òg kunne nyttast i andre undervisningssamanhengar. Idéhistorisk breiddekunnskap vil dessutan være tenleg innanfor sentrale arbeidsområde i kulturlivet, slik som journalistikk, mediearbeid og forlagsverksemd.

Læringsutbytte

Årsstudiet i idéhistorie gir følgjande læringsutbytte, definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Kunnskap om sentrale idéstraumar frå antikken til vår eigen tid
  • Kunnskap om historisk periodisering og kva for idémessige særtrekk som karakteriserer dei enkelte periodane
  • Kjennskap til sentrale, idébærande tekster og andre menneskelege uttrykk frå ulike kontekster og periodar
  • Kjennskap til sentrale personar med stor idéhistorisk betydning

Ferdigheiter:

  • Kunne analysere, fortolke og diskutere ulike typar idébærande materiale frå ulike historiske kontekster
  • Kunne identifisere historiske føresetnader for gitte idémessige straumar i vår eigen tid
  • Kunne identifisere ulike idémessige posisjonar og konstellasjonar i et gitt materiale
  • Kunne bruke informasjons- og søkjeverktøy på ein formålstenleg måte

Kompetanse:

  • Evne til å formidle fagleg innhald munnleg og skriftleg på ein strukturert måte
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig med gitte problemstillingar
  • Evne til å setje seg inn i perspektiv frå ulike kulturelle og historiske kontekster

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning



Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
3363N Fra antikken til 1600-tallet 15,00 O 15      
3364N Opplysningstiden 15,00 O   15    
3365N Romantikken 15,00 O     15  
3366N Moderniteten 15,00 O       15
Sum: 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

For heltidsstudenter ser tabellen slik ut:
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
3363N Fra antikken til 1600-tallet 15,00 O 15  
3364N Opplysningstiden 15,00 O 15  
3365N Romantikken 15,00 O   15
3366N Moderniteten 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Alle dei fire emna går inn som obligatoriske deler i idéhistorie årsstudium. Dersom ein ønskjer å ta fullt årsstudium, vil normal progresjon vil være å ta eitt emne pr. semester, i tråd med planen ovanfor. Det er mogeleg å avvike frå dette etter behov. Meir informasjon om studiets innhald finn du i omtalen av dei enkelte emna.

Alle emne er sjølvstendige studieeiningar med avsluttande eksamen. Dette tyder at studentar etter interesse og behov kan studere enkeltemne frå idéhistoriestudiet og eventuelt innpasse desse i eit større studieløp etter gjeldande føreskrifter.

Internasjonalisering

Høgskulen i Telemark har nært samarbeid og utvekslingsavtalar med utanlandske universitet og høgskular, særleg i Nord-Amerika og Europa.

Aktuelle institusjonar i Nord-Amerika er: University of Alberta – Augustana Faculty (Canada), Luther College (Iowa, USA), Augustana College (South Dakota, USA), Franklin College (Indiana, USA), Pacific Lutheran University (Washington, USA).

Studieopphald ved institusjonar i Norden og andre land i Europa blir arrangert i regi av NORPLUS (Norden) og ERASMUS (Europa). Aktuelle institusjonar er: Aarhus Universitet (Danmark), Syddansk Universitet (Danmark), Södertörns Högskola (Sverige), University of Gdansk (Polen), Universidad de Alicante (Spania), Universidad de Girona (Spania).

Fleire av disse institusjonane tilbyr emne av idéhistorisk karakter, emne som bachelor-studentar i humanistiske fag vil kunne innpasse i BA-graden. Studentar kan, i samråd med studieveiledar og faglærar, ta eitt semester eller eit heilt studieår ved samarbeids-institusjonar i utlandet og få innpassa utlandsstudia i bachelorstudiet isitt ved HiT. Kva for institusjonar som til ei kvar tid tilbyr idéhistoriske emne, vil studieveiledarar, faglærarar eller medarbeidarar som jobber med internasjonalisering ved HiT kunne gi informasjon om.

Arbeids- og læringsformer

Arbeid med gitte tekster og andre typar menneskelege uttrykk som er skapt i dei epokane ein studerer står heilt sentralt i studiet. Pensummaterialet blir grundig kommentert på digitale førelesingar som er tilgjengelege på internett, og som gjer det lettare for studentane å arbeide vidare med tekstene på eigen hand. Arbeid med oversikts- og kommentarlitteratur som setter dei ulike typane av historiske uttrykk i perspektiv vil òg være ein viktig del av studiet.

Mykje av kontakten mellom lærarar og studentar vil skje innanfor digitale samtalerom i læringsverktøyet «Fronter». Til personleg rettleiing vil ein dessutan kunne nytta epost. Andre digitale kommunikasjonskanalar vil òg kunne være aktuelle.

Dersom ein har tilgjengelege lærarressursar, vil det gjennom semesteret bli arrangert førelesningar, seminar, filmframsyningar o.l. for studenter som oppholder seg på studiestad Bø.

Vurderingsformer

Gjennom studiet blir studentane prøvd gjennom skriftlege heimeoppgåver og skuleeksamen. Vurderingsformene skal kartleggje omfanget av kunnskap, forståing og ferdigheiter som studenten har tileigna seg gjennom studiet (jf. læringsutbytte). På skuleeksamen vil ein bruke graderte karakterar frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter, mens skriftlege heimeoppgaver vil kunne bli vurdert utan gradering, som stått/ikkje stått. Sjå elles omtale for kvart enkelt emne som inngår i årsstudiet.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Otto Martin Christensen <otto.christensenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 24.03.2014