511 Norsk, årsstudium

Innledning

Norskstudiet gir eit oversyn over sentrale litterære og språklege emne med fordjuping i utvalde verk og emne.

Målgruppe og opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Studiet passar for alle med interesse for norsk språk og litteratur. Årsstudiet gir undervisningskompetanse i grunn- og vidaregåande skole, og kompetanse i å arbeide med språklege og litterære emne innan ulike yrke.

Mål for studieprogrammet

Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag i eit breitt kulturelt perspektiv. Det skal gi auka innsikt i korleis språk, litteratur og samfunn påverkar kvarandre gjensidig.
Dei fire emna som utgjer årsstudiet i norsk, sikrar breidde og innsikt i faget, gir kompetanse til å arbeide med språklege og litterære emne innan ulike yrke og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.

Læringsutbytte

Studiet skal

  • gi ei djupare forståing av korleis norsk språk er bygd opp og korleis litteraturen har utvikla seg.
  • gi kunnskap om og trening i å bruke passande metodar for litterær og språkleg analyse
  • gi innsikt i språklege og litterære verkemiddel i ulike teksttypar
  • føre til meistring av begge dei norske målformene.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Norsk årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
2113 Litteratur før 1900 15,00 O 15  
2112 Språket i utvikling og variasjon 15,00 O 15  
2111 Grammatikk og pragmatikk 15,00 O   15
2114 Litteratur etter 1900 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Årsstudiet er delt i 4 eksamensemne, og kvart emne tel 15 studiepoeng. To emne har eksamen i desember, og dei to andre har eksamen i mai.

Internasjonalisering

Studiet har eit nordisk perspektiv ved at svensk og dansk litteratur inngår i pensum. Litteraturen har til alle tider hatt ein internasjonal dimensjon som vi legg vekt på å få fram. I språkstudiet får studentane innblikk i korleis nordiske språk er i slekt med kvarandre.

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsformene er forelesingar, oppgåveløysing og seminar.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftlege individuelle prøver i kvart emne (sjå dei einskilde emna). Det er lik fordeling mellom nynorsk- og bokmålseksamenar.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 14.11.2013