748 Spansk og latinamerikansk språk og kultur, årsstudium
Innledning
Hovudmålet er at studenten skal oppnå dei nødvendige ferdigheiter i munnleg og skriftleg spansk fra nivå A1 til B2 etter Det europeiske rammeverket for språk.
Målgruppe og opptakskrav
Målgrupper er studentar som ønskjer opplæring i spansk språk og kultur, m.a lærarar eller lærarstudentar som ønskjer undervisningskompetanse i spansk i vidaregåande skole. Opptakskrav er generell studiekompetanse med tilleggskrav om innføringskurs i spansk eller spansk B2- eller C3-språk frå vidaregåande skole.
Mål for studieprogrammet
Studiet skal gi grunnleggjande kunnskapar om språk, kultur, historie og samfunnstilhøve i spansktalande land.
Det første semesteret innheld ei alfabetiseringsfase for å oppfylle nødvendige ferdigheiter (jfr. Det Europeiske rammeverket for språk A2-B1).
I det andre semesteret skal studentane utvikle seg i kommunikasjonsfase (B2).
Gjennomført 60 studiepoeng i tillegg til innføringsemnet vil gi undervisningskompetanse i vidaregåande skole.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studentene:
- ha økte kunnskaper om språk grammatikk og fonetikk, praktisk spansk, litteratur og kultur i det spansktalende språkområdet
- være i stand til å lese, skrive og forstå hovedinnholdet i forskjellige typer tekster i ulike sjangere
- kunne gi en enkel muntlig og skriftlig sammenhengende framstilling av hendelser, erfaringer og planer.
- kjenne til ulike litterære verk fra det spansktalende språkområdet
- kunne sette tekstene inn i en historisk og litterær sammenheng
- være i stand til å gjøre rede for fortellerens synspunkter og holdninger
- kjenne til ulike kulturuttrykk i den spansktalende verden
- bruke litteratur for å beskrive ulike samfunnsforhold i den spansktalende verden
- kunne uttrykke egne synspunkter og holdninger til ulike tekster
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
|
Studiet er sett saman av 4 emne som kvart blir avslutta med eksamen og tel 15 studiepoeng kvar.
To emne blir avslutta i haustsemesteret og dei to andre i vårsemesteret.
Studentar som tidlegare har tatt einskilde spanskemne ved høgskolen, kan søkje om å få desse innpassa i årsstudiet.
Internasjonalisering
I tillegg til forholdet med institusjoner i Spania, via Erasmus, vil bli etablert kontakter med høgskoler og universiteter i Latin-Amerika.
Arbeids- og læringsformer
Studiet er sett saman av forelesingar og seminar og det vil vere obligatorisk deltaking i seminara.
Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Undervisninga går føre seg på spansk. Forelesingar, seminar og øvingar i språklab.
Forholdet mellom teori/praksis
2301 Spansk språk og kultur 80 % teori – 20 praksis
2303 Praktisk spansk I 20 % teori – 80 praksis
2304 Praktisk spansk II 20 % teori – 80 praksis
2306 Litteratur og kultur i Latin-Amerika og Spania 80 % teori – 20 praksis
Vurderingsformer
Kvart emne blir avslutta med ein munnleg eksamen som tel 40% og ein hjemmeeksamen som tel 60 % av sluttkarakteren.
Ein nyttar bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og E er lågaste ståkarakter.
Både munnleg og skriftleg prøve må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Ein tek atterhald om mindre justeringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Miguel Vazquez-Larruscain <miguel.vazquez-larruscainSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 20.11.2013