Innføring i spansk 2300
Innhold
Emnet er eit elementært språkkurs som skal gje grunnleggande språkkunnskapar i spansk. Emnet gir utteljing med 15 studiepoeng, men kan ikkje inngå som del av fordjupingskrav i spansk i ein bachelorgrad. Emnet passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i spansk frå vidaregåande skole eller liknande, men det kan også fungere som ei frittståande grunnopplæring i spansk.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga blir gjeve i webseminar, der forelesar fyrst introduserer dei aktuelle tema før studentane gjer oppgåver i fellesskap med forelesar.
Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom semesteret.
Vurderingsformer
1) Ei skriftleg prøve på 4 timar som tel 50 % av samla karakter
2) Ei munnleg prøve på inntil 25 min. som tel 50 % av samla karakter.
Prøva er for det fyrste ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekster på spansk.
Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringsemnet.
Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter
Det tas forbehold om mindre justeringen i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no> - 02.12.2015