Praktisk spansk I 2303

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten kunne bruke spansk på ein korrekt og idiomatisk måte, både skriftleg og munnleg. Studenten skal vere i stand til å reflektere over samanhengen mellom språklege uttrykksformer og språkleg innhald, inkludert korleis konkrete grammatiske konstruksjonar påverkar bodskapen ein sender ut. Munnleg skal studenten ha god flyt og uttale for å uttrykke seg nøyaktig.

Innhold

Kurset krev aktiv deltaking frå alle studentane, både i debattar i timane, individuelt og i gruppearbeid. Gjennom aktuelle tema og med bruk av multimedia skal studentane oppnå dei nødvendige ferdigheiter i språket. Studenten skal vere i stand til å delta i enkle diskusjonar om enkle emne. Oversetting av tekster og oppgåver om morfologi og syntaks vil bli brukt for å forsterke læringskvalitet.

Arbeids- og læringsformer

Førelesingar i språk, med tilknytte øvingar i grammatikk og norsk-spansk og spansk-norsk omsetjing. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Vurderingar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom. Undervisninga går føre seg på spansk.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt: Ei skriftleg prøve på 4 timar som tel 50 % av samla karakter. Ei munnleg prøve på inntil 30 minuttar som tel 50 % av samla karakter. Prøva er for det første ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekstar på spansk. Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile emnet. Det vil bli gjeve graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter. Tillatne hjelpemiddel ved skriftleg eksamen: Eitt og tospråklege ordboker utan grammatikk eller bøyingsmønster; anten Diccionario Larousse del español moderno eller Larousse Diccionario práctico español moderno.

Krav ved digital eksamen:

  • ​Eksamenskandidaten skal være på plass i eksamenslokalet med egen maskin klargjort for digital eksamen senest 30 minutter før eksamen starter. Dersom utstyret ikke er klargjort for digital eksamen senest 30 minutter før eksamen starter kan kandidaten miste retten til å gjennomføre eksamen. Det vil kun unntaksvis bli gitt anledning til å gjennomføre eksamen dersom kandidatens utstyr ikke oppfyller kravene til digital eksamen. Oversikt over kravene til digital eksamen finnes her: http://www.hit.no/Student/Eksamen-og-vitnemaal/Digital-eksamen

  • Prøveeksamen i det digitale eksamensverktøyet er obligatorisk og må være levert for å kunne gå opp til eksamen. Prøveeksamen skal leveres på den maskinen eksamenskandidaten vil bruke på hovedeeksamen. Manglende innlevert prøveeksamen vil medføre at kandidaten blir meldt av eksamen i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Amir Ebrahimi - 25.08.2015