The Contemporary English-Speaking World 2009
Læringsutbytte
Studenten skal ha ei grunnleggande forståing for og kunnskap om endringane og dynamikken i den engelskspråklege verda dei siste tretti åra, og ha grunnleggande faktakunnskapar om vesentlege hendingar og utviklingstrekk, særlig innanfor litteratur- og kulturfeltet, men og innanfor politikk og samfunn. Studenten skal vidare kunne diskutere og analysere litterære tekstar med kritisk blikk og med bruk av relevant terminologi.
Innhold
Emnet speglar utviklinga dei siste åra av engelskfaget frå å vere konsentrert om høvesvis Storbritannia og USA til å omfatte heile verda. Engelskspråkleg litteratur reflekterer nå ei global, multikulturell verd som sprenger gamle litterære og kulturelle grenser. Emnet freistar å femne denne breidda gjennom eit omfattande spekter av tekstar: romanar, skodespel, dikt og sakprosa, med historia til den engelskspråklege verda dei siste tretti åra som bakteppe. Den samtidshistoriske ramma rundt emnet vil bli nytta som kontrast og samanlikningsgrunnlag for seinare emne med et historisk perspektiv.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar. Førelesingane vil gje bakgrunn for de emneområda som vert tekne opp, men vil og verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur. Seminara vert nytta til gjennomgang og diskusjon av pensumtekstar, og legg stor vekt på aktiv deltaking frå studentane, særleg i høve til å fremje den munnlege kompetansen i faget. Det er krav om minst 75% oppmøte på seminara.
Vurderingsformer
Ein avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen gis karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter og F er stryk.
Ein føresetnad for godkjenning av emnet er innlevering av eitt skriftleg arbeid. Dette arbeidet får ikkje karakter og tel ikkje med i den samla karakteren i emnet, men må vere godkjend og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>,Inger-Anne Søfting <inger.a.softingSPAMFILTER@hit.no>,Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 24.11.2014