4991 Folkemusikk 2
Innledning
Fordjupingsstudiet i folkemusikk legg vekt på at folkemusikken skal formidlast til omverda. Dette kan skje gjennom utøving og scenisk formidling, gjennom formidling i skole, media osb. eller gjennom arbeid ved arkiv og ulike kulturinstitusjonar. Formidlarrolla vert derfor nøye drøfta i studiet.
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppe er studentar som ønskjer å fordjupe seg innan emnet norsk folkemusikk og å utvikle seg som utøvarar. Opptakskrav er årsstudium i norsk folkemusikk eller tilsvarande utdanning eller realkompetanse.
Mål for studieprogrammet
Gjennom studiet skal studentane fordjupe seg i norsk folkemusikk og dans. Studiet har både ei tradisjonsvernande, ei kulturformidlande og ei utøvande side.
Læringsutbytte
Sjå emneplan
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne
|
Studiet er bygd opp av to hovuddelar, ein fellesdel og ein fordjupingsdel. Fellesdelen femner om kulturpolitiske spørsmål i tillegg til dei musikkfaglege og pedagogiske. Som valemne kan studentane velje eit opphald i utlandet.
Fellesdelen har desse hovudemna:
Satslære, arrangering og samspel |
10 % |
Folkemusikkformidling |
20 % |
Tradisjonsmusikken og samfunnet i Noreg og andre land |
10 % |
Tradisjonskunnskap, kjeldebruk og FoUmetodikk |
10 % |
Hovudemna i fellesdelen kjem også inn i samband med praksis og utøving.
I fordjupingsdelen kan studentane velje mellom:
Folkemusikkformidling |
50 % |
Utøving |
50 % |
Fellesdelen er vekta som 50 %, fordjupingsdelen 50 %.
FELLESDEL
FOLKEMUSIKKFORMIDLING
Anten ein vel fordjupinga folkemusikkformidling eller Utøving, står formidling av det stoffet ein har tilegna seg sentralt. Emnet ”folkemusikkformidling” er derfor felles for alle studentane på 2.året.
TRADISJONSMUSIKK OG SAMFUNN i NOREG OG ANDRE LAND
Gjennom samfunnsfagleg, kulturhistorisk og musikkfagleg teori (musikkantropologi) skal studenten vidareutvikle eit kritisk og nyansert syn på folkemusikken og folkemusikaren si rolle i dagens samfunn. Eit internasjonalt og samanliknande perspektiv skal liggje i botnen av ei djupare forståing av norsk folkemusikk.
Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret.
SATSLÆRE, ARRANGERING OG SAMSPEL
Emnet skal sette studentane i stand til å arrangere tradisjonsmusikk i samsvar med tradisjonell som moderne, nyskapande praksis.
TRADISJONSKUNNSKAP, KJELDEBRUK OG FOUMETODIKK
Faget byggjer vidare på tradisjonskunnskapen på 1.året og skal gi studentane ytterlegare muligheiter til å fordjupe seg i ulike tradisjonar, både med tanke på musikalske og kulturhistoriske problemstillingar. Samtidig skal studentane opparbeide seg kunnskap i kritisk å kunne vurdere tilgjengeleg kjeldemateriale. Forskings – og utviklingsmetodikk skal gjere studentane betre egna til å gjennomføre enkle prosjekt og oppgåver knytt til faget folkemusikkformidling
FORDJUPING
Målet med fordjupinga er at studentane gjennom praksis skal trenast i å formidle folkemusikk til forskjellige målgrupper på ulikt vis. Det kan vere snakk om formidling innanfor offentlege institusjonar, arkiv, skoleverket, media, frivillige organisasjonar eller gjennom eiga verksemd.Studentane skal utvikle seg som utøvarar.
Dei som vel utøving som fordjupingsområde må ha karakteren A eller B i utøving frå folkemusikk 1. årsenhet.
I fordjupingsdelen kan studentane velge mellom desse hovudemna:
- Folkemusikkformidling ( T.d. i skulen, ved institusjonar, i media)
- Utøving (formidling frå scenen og musikalsk eigenutvikling)
I fordjupingsdelen er det og mogleg å velge eit 3 månaders studieopphald i utlandet. Dette studieopphald i utlandet vil erstatte delar av praksis
HOVUDINSTRUMENT
Den individuelle undervisninga byggjer vidare på undervisninga frå første året. Normalt vil kvar einskild student få 20 timar individuell undervisning, men dette vil kunne variere etter kva for ressursar studiet rår over.
PRAKSIS
Målet med praksis er å gje studentane ei praktisk røynsle med å formidle folkemusikk til andre, anten i samanheng med arkivarbeid, utøvande verksemd eller allmenn formidling og undervisning. Emnet må sjåast i nær samanheng med folkemusikkformidling og relevant teori.
VALEMNE
Valemnet kan erstatte delar av praksis.
Studenten kan velje å gjennomføre eit kortare studieopphald i utlandet (tre månader), og skal gjennom dette gjere seg kjend med lokal tradisjon der han/ho oppheld seg. Ved kontrastering og samanlikning skal studenten på bakgrunn av dette kunne setje norsk tradisjonsmusikk inn i ein større musikalsk og sosial samanheng.
Innhaldsmessig vil studieopphaldet variere ut i frå kva for fordjuping studenten har valt og etter kva for institusjonar og lokale område som er aktuelle.
Internasjonalisering
Studentane kan ta delar av Folkemusikk 2 i utlandet.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar, sjølvstudium og heimeoppgåver.
Undervisinga er vanlegvis lagt til faste vekedagar gjennom året, men særleg i arbeidet med fordjupingsdelen er studiet prosjektretta og studentane må arbeide i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver. Arbeidsoppgåvene kan då også bli lagt til ettermiddag / kveld.
Ein større ekskursjon til utlandet (normalt Ungarn og Slovakia) er knytt til kurset i vårhalvåret. Dersom ein student ikkje kan delta på ekskursjonen, skal studenten gjennomføre eit alternativt opplegg som tek føre seg europeisk eller annan utanlandsk tradisjonsmusikk.
For studentar som har valemne utanlandsopphald, vil dette emnet erstatte praksis i vårsemesteret. Studieturen fell også bort for desse studentane.
Vinterfestival - Studentane skal delta på konsert og på folkemusikkverkstadar.
Ved avslutninga av studieåret opnar instituttet dørene for publikum. Studentane presenterer arbeid som er gjort gjennom studieåret, i form av konsertar, visningar og utstillingar.
Forholdet mellom teori/praksis
Målet med praksisen er å gi studentane ei praktisk røynsle med å formidle folkemusikk til andre, anten i samanheng med arkivarbeid, utøvande verksemd eller allmenn formidling og undervisning. Emnet må sjåast i nær samanheng med folkemusikkformidling og relevant teori.
Vurderingsformer
Eksamen omfattar munnleg prøve og innhald i studentmappe.
Munnleg prøve med eventuell utøving
Ved munnleg prøve skal kandidaten halde ei forelesing med tema knytt til fordjupingsemnet. Forelesingstittel og lengde på innlegg (vanlegvis 30 til 45 minutt) skal kandidaten få oppgjeve ei veke før munnleg prøve. Normalt vil berre sensor og faglærar(ar) vere til stades ved den munnlege prøva. Etter forelesinga vil sensor innleie til ei kortare samtale med basis i fagteori.
Dersom kandidaten har ” utøving” som fordjupingsemne, tel utøvinga halvparten av bedømmingsgrunnlaget for den munnlege prøva. Utøvinga kan vere ein integrert og tydeleg del av forelesinga eller framstå som ein eigen bolk. Dette vil i stor grad avhenge av forelesingstittelen.
Også for dei som ikkje har valt utøving som fordjupingsemne, kan utøving vere integrert i forelesinga, men her vil utøvinga bli vurdert som ein del av formidlingsheilskapen. Det vert ikkje nokon eigen utøvingsbolk ved den munnlege prøva for dei som ikkje vel utøving som fordjupingsemne.
Den munnlege prøva gjev grunnlag for halvparten av den totale karakteren.
Mappevurdering
Studentmappa inneheld studenten sine skriftlege arbeid/rapportar og dei ulike faglærarane si vurdering av desse.
I tillegg inneheld mappa faglærarane sine kontinuerlege skriftlege vurderingar av ulike oppgåver studenten er pålagt (arbeidskrav), som t.d. framleggingar, konsertar, arbeid med hovudinstrument o.l.
Studentmappa gjev grunnlag for halvparten av den totale eksamenskarakteren.
For å gå opp til eksamen må studenten ha bestått skriftlege prøver og fått godkjent arbeidskrava.
For å få gå opp til eksamen må studenten:
- delta på obligatoriske gjesteforelesningar i følgje semesterplan.
- delta på obligatorisk gruppearbeid og framlegging i følgje semesterplan.
- delta ved intensive undervisningsopplegg i følgje semesterplan.
- levere individuelle rapportar innan fristen i følgje semesterplan.
- deltaking på obligatorisk studietur i følgje semesterplan.
I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %.
VEKTING
Dei ulike delane av vurderinga vektast slik:
Munnleg eksamen |
50 % |
Mappevurdering |
50 % |
Det vert gjeve ein samanfattande karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Alle delemna må vere bestått /godkjent for at studenten skal få vitnemål
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil AKselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Bodil Akselvoll - 13.03.2015