516 Forfattarstudium

Innledning

Forfattarstudiet er eit eittårig høgskolekurs innan skjønnlitterær skriving. Forfattarstudiet i Bø blei etablert i 1982 etter ein idé av lyrikaren Eldrid Lunden. Det var den første skulen i kreativ skriving i Noreg, og den er i dag også den mest kjende. I ti år var studiet eit halvårsskurs inntil det i 1992 blei utvida til to semester. Studiet inneheld både teoretisk undervisning og praktisk skriveverkstad og har 15 studentplassar. Inntak skjer på grunnlag av innsende tekstar. Kunstnerisk leiar er Rune Christiansen, og studiet bruker ei rekke anerkjende forfattarar som gjestelærerar.

Målgruppe og opptakskrav

Studiet er eit tilbod til alle som vil klargjere forholdet sitt til skjønnlitterær skriveverksemd. Det kan vere forfattarar med fleire publiserte verk, eller debutantar og skribentar som har sendt inn manuskript til vurdering i forlag - men det kan og vere personar som ikkje tidlegare har publisert tekstane sine.

Det som tel ved opptak, ved sida av kravet om generell studiekompetanse, er at ein med dei innsende tekstprøvane dokumenterer evne til skjønnlitterær framstilling.
Tekstprøvane vil bli vurderte av ein opptakskomité, denne komitéen består av Forfattarstudiet sin kunstneriske leiar Rune Christiansen, samt to erfarne og kompetente leserar, som oftast to skjønnlitterære forfattarar, eller ein forfattar og ein litteraturvitar.

Tekstane bør omfatte 10-15 sider prosa, eller tilsvarande mengd lyrikk/dramatikk. Om søkjaren ønskjer det, kan det gjerne leggast ved eit personleg brev.

Mål for studieprogrammet

Studieåret skal vere ei tid for forsøk og refleksjon, og innhenting av kunnskapar knytta til skjønnlitterær praksis - kunnskapar som elles må hentast frå fleire ulike fagdisiplinar og studieområde innan humaniora. I forfattarstudiet skal desse førast saman og tene som styring av det medvitne arbeidet og den eigne skapande prosessen. Difor legg ein i studiet også stor vekt på teoretiske emne.
I løpet av studieåret vil det bli gitt eit oversyn over den aktuelle litterære situasjonen i Noreg og i verda.

Det er ingen føresetnad at studentane tek sikte på å bli profesjonelle skjønnlitterære forfattarar. Det som tel, er skriveevne og ønskje om å arbeide med si eiga skriftlege uttrykksform. Studiet gir heller ingen automatisk kompetanse når det gjeld evt. seinare forfattarverksemd.

Læringsutbytte

  • Studenten vil lære å utvikle skrivinga og lesinga si med høyna klarhet og skjerpa medvit i høve til litterære, narrative og språklege verkemiddel.
  • Studenten vil bli meir fortruleg med ulike litterære sjangrar og stilnivå.
  • Studenten vil auke sine analytiske ferdigheter, og vil lære å reflektere over tilhøvet mellom form og innhald i eigne og andre sine litterære tekstar.
  • Studenten vil lære å vidareformidle kunnskap om språk og litteratur gjennom skriftleg verksemd i ulike samanhengar, og i ulike media.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Forfatterstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
2503 Skriveverkstaden 40,00 O 20 20
2504 Litteraturteori 20,00 O 10 10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Det skapande arbeidet, "litteraturproduksjonen" med påfølgjande drøftingar og analyse, står sentralt i studiet. Dei andre to hovuddelane i studiet skal gi perspektiv på dette arbeidet, og dessutan kunnskapar om forfattaryrkets meir praktiske sider. Slik vil ein kunne oppnå eit breitt oversyn, og einskild-seminara vil kunne gi fordjuping innafor avgrensa felt.
Oversikt over ein del sentrale seminaremne:

  • Genrestudiar (Roman, poesi, essay)
  • Praktisk manuskriptarbeid for skjønnlitterære bøker
  • Ulike tilnærmingsmåtar i litteraturforståinga
  • Møte med forlagskonsulent/forlagsredaktør
  • Møte med kritikarar (dagsavis og/eller tidsskrift)
  • Møte med einskilde forfattarar
  • Barne- og ungdomslitteratur
  • Manuskriptarbeid for teater
  • Filmseminar - arbeid med synopsis og filmmanuskript
  • Tekst og bilde, tekst og musikk.
  • Litteraturpolitikk

Internasjonalisering

Vi har gjestelærare frå andre nordiske land.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga i den teoretiske delen vil ha form av førelesingar og gruppedrøftingar, medan skriveverkstaden vil veksle mellom individuelt skapande arbeid, samarbeid i smågrupper, tekstgjennomgangar i plenum og individuell rettleiing/konsultasjonar. Som leiar(ar) av skriveverkstaden vil ein eller fleire erfarne forfattarar delta, og denne delen vil meir ha karakter av samarbeid og felles utprøving av skjønnlitterære arbeidsformer, enn av vanleg undervisning.
Det første semesteret vil vere prega av generelle teoretiske og praktiske problemstillingar, medan det andre semesteret vil gi meir rom for fordjuping innan særområde, og konsentrasjon omkring framdrift av eigne litterære prosjekt.

Det vil bli nytta eksterne førelesarar/innleiarar, med særleg ekspertise innan vedkomande felt.

Studiet er samansett av tre hovuddelar, som går parallelt gjennom heile studiet

A . Teoretisk del
Stil- og formspråkhistorie, genrekunnskap, introduksjon til litteraturen i vårt hundreår, liner i norsk samtidslitteratur, aktuell litterær debatt i Noreg.
Litteratur og samfunn
Litterære kretsløp, historisk utvikling av boklesing, forfattaren i samfunnet, norsk litteraturpolitikk, forlagsstruktur, organisasjonskunnskap, formidlingsformer.

B. Skriveverkstad
Arbeid med eigne tekster, litterær produksjon med ulike utgangspunkt og påfølgjande drøfting/analyse. Arbeid med individuelle litterære prosjekt.

C. Seminar
Genrestudiar, forlagskonsulentens rolle, litteraturkritikken, møte med utvalde lyrikarar, prosaistar og dramatikarar, praktisk manuskripttilrettelegging, litteraturformidling, radioteater, fjernsynsteater, filmmanuskript, barne- og ungdomslitteratur, litteraturpolitikk.

Seminara skal tilby fordjuping innafor avgrensa felt - men samstundes skal seminara vere lagt opp slik at dei ulike emna kan belyse kvarandre, og vise ulike innfallsvinklar. Det vil bli veksling mellom eindags-seminar og seminar over to-tre dagar. Størstedelen av seminarverksemda vil skje på høgskolen, men det kan også bli arrangert ekskursjonar.

Forventa arbeidsomfang for studentar ved Høgskolen i Telemark er 1.600 timar pr. 60 studiepoeng, og ca 27 timar pr studiepoeng. Fordelinga av venta arbeidsomfang på dei ulike læringsaktivitetane skal gjerast synleg.

Forholdet mellom teori/praksis

Praktiske skriveøvingar, analyse, arbeid med eigne litterære prosjekt.

Vurderingsformer

Vurderingsforma vil vere tredelt

1. Studentane skal vere representert med ca 15 s tekst i eit tekstantologi som studentane ferdigstiller ved slutten av studieåret. Antologiteksta skal vurderast til bestått.

2. Det skal leverast ei skrftleg heimeoppgåver knytta til minst tre av emnebolkane som studiet gir undervisning i. Tils. minst 30 sider. Studentane skal levere liste over fullførde heimeoppgåver innan nærmare oppgitt frist.

3. Studentane skal ha ei munnleg prøve i teoridelens pensum.

Prøvene blir vurdert til Godkjent/Ikkje godkjent


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no> - 26.01.2015