3324 Kuratorarbeid, betalingsstudium
Innledning
Kuratorstudiet er eit studium for personar som har relevant utdanning og arbeidserfaring, og ønskjer meir kunnskap om teori og praksis på kunstfeltet. Studiet har kunstformidling og kuratorarbeid som emne. Studiet gjev høve til å fordjupe seg i særtrekk og utfordringar når det gjeld arrangering og formidling av kunstutstillingar.
Målgruppe og opptakskrav
Emnet rettar seg mot personar som har kunstutstillingar som arbeidsfelt, anten heilt eller delvis, anten som tilsett, engasjert, tillitsvald eller anna. Emnet rettar seg mot personar som ønskjer kunstformidling og kuratorarbeid som supplement til kunsthistorie, kunstfag eller liknande.
Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse, med dei unnatak og overgangsordningar som følgjer av regelverket. I tillegg vert det kravd:
- Basiskunnskap i norsk og europeisk kunsthistorie og samtidskunst
- Ei viss innsikt i og erfaring frå kunstfeltet
- Tilgang til bruk av internett
- Høve til å vere med på to samlingar i Bø per semester, veke 36, 41, 3 og 11, fem dagar for kvar samling
Mål for studieprogrammet
Emnet tek sikte på å gi studentane:
- Heilskapleg forståing for kunstfeltet som sektor og sosialt system
- Gi kompetanse i emna formidling og arrangering av kunstutstillingar
Læringsutbytte
- Kunnskap om kunstformidling og kuratorarbeid som spesifikt fagfelt
- Kunnskap om teori og praksis i kunstformidlinga gjennom ulike utstillingsmedium og til ulike målgrupper
- Kunnskap om sentrale institusjonar, organisasjonar og offentlege styringsdokument relatert til kunstformidlingsfeltet i Noreg
- Arrangere og formidle kunstutstillingar
- Analysere og tolke kunst i kontekst
- Evne til å formidle fagleg innhald i kunstformidlinga både teoretisk og praktisk
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig med gitte eller sjølvvalde utstillingskonsept
- Evne til å analysere og drøfte kuratering av kunst i ulike utstillingskonsept og på ulike arenaer
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Hovudemne
Utstillingsteori, formidlingsteori, kunstpolitikk, kunstteori med hovudvekt på samtidskunst, å skrive og snakke om kunst til ulike målgrupper, kuratorarbeid
Internasjonalisering
Ikkje aktuelt.
Arbeids- og læringsformer
Emnet er samlingsbasert og er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere studiet med fulltidsarbeid. Emnegjennomgangen er basert på ein kombinasjon av undervisning, rettleiing, sjølvstudium og løysing av oppgåver. Kjernen i undervisninga er to vekesamlingar per semester. E-læringssystemet Fronter vil vere eit vesentleg hjelpemiddel i undervisninga. Utanom samlingane vil dette vere kontaktmediet mellom kursleiing, førelesarar og deltakarar. Det er derfor ein føresetnad at studentane har tilgang til internett og e-post.
Nokre dagsreiser til kunstinstitusjonar som studentane sjølv må dekke/ordne transport og kostnader til.
Vurderingsformer
I haustsemesteret:
- Ei skriftleg gruppeoppgåve som tel 20%
I vårsemesteret:
- 5 timars individuell eksamen i pensumrelatert teori som tel 20%
- Avsluttande skriftleg individuell oppgåve som tel 60%
Vurdering med graderte karakterar, A til E for oppnådde læringsmål, og F når læringsmål ikkje er oppnådd. Studentane må stå på alle oppgåvene for å få karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bente Støa <Bente.StoaSPAMFILTER@hit.no> - 18.12.2014