PHD-KULTUR PhD i kulturstudiar, doktorgrad

Innledning

PhD-programmet i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark er grunnlagt på eit samarbeid mellom Fakultet for allmennvitskaplege fag (AF) i Bø og Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (ELF) på Notodden og i Rauland.

Fire institutt ved dei to fakulteta bidrar til PhD-utdanninga: Institutt for kultur- og humanistiske fag og Institutt for idretts- og friluftsliv (AF) og Institutt for forming og formingsfag og Institutt for folkekultur (ELF).

Overordna fagleg utgangspunkt

Eit overordna fagleg utgangspunkt for doktorgradsprogram i kulturstudiar er ei doktorutdanning på kulturområdet som kryssar tradisjonelle disiplingrenser og fakultetsgrenser. Programmet tar sikte på å integrere element frå humanistiske fag og samfunnsvitskaplege fag som kulturanalyse, historie, kunsthistorie, antropologi, idéhistorie, filosofi, kultursosiologi, etnologi, litteratuvitskap, musikkvitskap, religionshistorie, språkfag og estetisk skapande og utøvande fag.

Studiet fører fram til ein PhD-grad i kulturstudiar.

Målgruppe og opptakskrav

Grunnlaget for å bli tatt opp på doktorgradsprogrammet er ein mastergrad, eller tilsvarande, som er relevant for innhaldet i programmet. Einrelevant mastergrad for opptak kan vera innanfor det humanistiske, samfunnsvitskaplege eller kunst- og formingsfaglege fagområdet, eventuelt innanfor eit tverrfagleg kulturstudium. Søkaren må ha utarbeidd eit forslag til avhandlingsprosjekt innanfor fagområdet for doktorgradsprogrammet.

For å bli tatt opp må søkarane dokumentere full finansiering, som svarar til 3 årsverk, enten som stipendiatar ved høgskolar, universitet eller andre institusjonar eller gjennom andre former for finansiering, for eksempel som tilsette i ei bedrift, i offentleg forvaltning eller i institusjonar.

Avgjerd om opptak blir basert på ei samla vurdering av den vitskaplege kvaliteten på søknaden og avhandlingsprosjektet, dei formelle kvalifikasjonane til søkaren, om det synest muleg å gjennomføre prosjektet og om prosjektet er relevant for dei faglege prioriteringane ved Høgskolen i Telemark. Ein vil også ta omsyn til om Høgskolen har kompetanse og kapasitet til å rettleie den enkelte søkaren.

Målgrupper

I tillegg til at doktorgradsprogrammet gir ein PhD som kvalifiserer for vidare forsking og undervisning på universitets- og høgskolenivå i ein akademisk karriere, kvalifiserer det også for yrke der kulturfagleg skolering på høgste nivå blir etterspurd, og der kvalifikasjonar på masternivå ikkje er tilstrekkelege.

Den offentlege forvaltninga (kommunar, fylke og staten), universitet og høgskolar, næringslivet og kulturarbeidslivet vil i framtida trenge fagpersonar med høg vitskapleg kompetanse om den betydninga kulturen har innanfor ulike område av samfunnet.

På alle nivå i forvaltninga blir kultur sett inn i nye samfunnsmessige samanhengar, men kunnskap om desse samanhengane er ikkje alltid fullt ut utvikla. Samfunnet treng vitskapleg kunnskap om kultur som er produsert av forskarar som kjenner kulturfeltet både innanfrå og utanfrå.

Med den faglege innretninga som dette doktorgradsprogrammet får, skal det dekke både det nasjonale behovet for kulturfagleg spisskompetanse og det regionale behovet for slik kompetanse. Doktorgrad er ikkje lenger ein uvanleg og spesielt eksklusiv kompetanse. I EU-landa, og også i Noreg, går dei fleste ferdigutdanna doktorane til yrkeskarrierar utanfor dei akademiske institusjonane.

Mål for studieprogrammet

På eit integrert nivå skal programmet bidra å skapa ein fagleg syntese som gjer det muleg for PhD-studentane å få ei utvida forståing av kultur som fenomen. Eit tverrfagleg, men integrert doktorgradsprogram av dette slaget skal også gi doktorandane ein kvalitativt ny innsikt og gi dei høve til å arbeide ut frå nye synsvinklar.

Etter å ha disputert skal kandidatane ha kunnskapar på høgt vitskapleg nivå innanfor fagområdet, og dei skal også vera i stand til å setta seg inn i og vurdere kritisk ny kunnskap som blir produsert innanfor det eigne området og innanfor område som er relevante og/eller ligg nær det eigne området. Doktorandane får opplæring og trening i å arbeide tverrfagleg med ulike problemstillingar. Den erfaringa og den innsikta det gir, skal bera frukt i form av tverrfaglege tilnærmingar i framtidig arbeid – innanfor eller utanfor dei akademiske institusjonane.

Læringsutbytte

Kunnskapar

PhD-studentane skal etter gjennomført utdanning ha tileigna seg kunnskapar og innsikt i teoriar, begrep, prinsipp og prosessar som blir omtala i forskingslitteraturen og undervisninga og som dei får gjennom den eigne forskingserfaringa. Dei skal kunne gjera greie for, ta stilling til og på ein kritisk måte vurdere kva for mulegheiter og begrensingar som ligg i forskingsbasert kunnskap, både den eigne forskinga og forsking som er utført av andre. Det substansielle innhaldet i kunnskapen til den enkelte PhD-studenten vil variere alt etter avhandlingstema, empirisk og teoretisk forankring og fagleg orientering. Dei felleskunnskapane som Phd-studentane får gjennom dette programmet, skal bidra til tverrfaglege tilnærmingar og til integrasjon av dei ulike delane av programmet. All kunnskap som PhD-studentane tileignar seg, skal ligge på eit høgt akademisk nivå, vera del av ein kontekst og ha eit internasjonalt perspektiv.

Ferdigheiter

PhD-graden i kulturstudiar skal gi kandidaten føresetnader for og ferdigheiter til å kunne identifisere problem og formulere problemstillingar som er vitskapleg fruktbare og praktisk gjennomførbare. Ved hjelp av teoretisk og metodisk innsikt på høgt nivå og med eit tverrfagleg perspektiv skal forskingsresultata innanfor programmet bidra til ein kunnskap som er fundert på fleire og integrerte perspektiv.

Kompetanse

Dei kunnskapane og ferdigheitene som PhD-studentane tileignar seg gjennom utdanninga, skal kunne brukast på sjølvstendig vis i ulike situasjonar der slike kunnskapar og ferdigheiter er relevante. PhD-studentane skal få trening i å sjå ulike kulturfenomen i ein større samanheng, vitskapleg og i forhold til samfunnet. PhD-utdanninga skal dessutan gi ein generell kompetanse som bidrar til å styrke samarbeidsevne, toleranse, ansvarlegheit, evne til refleksjon og kritisk tenking i studiar og yrkesliv.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Ph.d-kurs studieåret 2015/2016
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
9205 Theory of Science and Ethics 7,50 O 7,5  
9209 Metodekurs, ph.d 5,00 O 5,0  
9206 Body-Based Practices: Between Nature and
Culture
10,00 O 10  
9202 Kulturteori 7,50 O   7,5
Sum: 22,5 7,5
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne


Innhald

Programmet går ut frå eit breitt kulturbegrep – det vil seia at kulturstudiar i vår samanheng betyr at ein kan studere kultur som verdiar, holdningar, kunnskapar, åtferd, sosiale relasjonar, meiningsuttrykk, artefaktar, kunst og estetisk praksis. Kultur kan både vera ein prosess og eit resultat eller eit produkt i form av materielle gjenstandar, tenester eller aktivitetar i samfunnet. På eit overordna nivå kan doktorgradsprogrammet beskrivast ut frå to begrepskombinasjonar som il saman utgjer fire hovudområde for programmet:

Kulturforståing

Kulturpolitikk

Kulturproduksjon og estetisk praksis

Kulturdidaktikk (cultural education)

Kulturforståing handlar om å analysere og definere kva kultur kan vera, korleis ulike kulturuttrykk og symbol, kulturelle handlingsmønster og kulturelle prosessar, strukturar og kulturprodukt trer fram og fungerer i samfunnet.

Forsking om kulturpolitikk rettar søkelyset mot dei politiske, ideologiske, økonomiske, institusjonelle og forvaltningsmessige samanhengane som kulturen går inn i. Her er også maktforhold knytt til kultur som fenomen eit viktig tema.

Kulturproduksjon er nedslagsfeltet produksjonen og forminga av kulturen, både som materiell og immateriell form – frå idear, verdiar, meiningar, livs- og samfunnsmønster til utdanning, reklame, kunst og handverk. Estetisk praksis er den spesifikke forma for kulturell praksis som oppstår innan kunst, tradisjonskunst, handverk, design, musikk, osv..

Kulturdidaktikk tek utgangspunkt i eit framtids- og endringsperspektiv på kultur og læring. Med utgangspunkt i eit samfunnsetisk perspektiv står danning, frå barnehage til høgskule, sentralt. Bærekraft, praksis, verdighet, kvalitet, kompetanse, embodied knowledge og demokrati er sentrale tema. Tilnærminga er oftast tverrfagleg.

Den enkelte doktoranden vil ut frå val av problemstilling og empirisk materiale og/eller teoretisk perspektiv ha ei hovudforankring i eitt av dei fire områda, men skal også ha ein viss innsikt i dei andre. Det tverrfaglege består i å integrere kunnskap frå ulike område og tradisjonar.

Oppbygginga av studiet

Utdanninga omfattar eit sjølvstendig forskingsarbeid som skal dokumenterast med ei vitskapleg avhandling. Avhandlinga skal vera på høgd med internasjonal fagleg standard innanfor fagområdet. I tillegg får PhD-studentane ei avansert opplæring i kulturteori, vitskapsteori, forskingsmetode og ei tematisk fordjuping som gir fagleg djupne og breidd. I løpet av forskarutdanningsperioden skal kandidaten få trening i fagformidling overfor fagfellar og doktorgradskandidatar på same program, på nasjonale forskarkurs, internasjonale konferansar m.m.

Programmet er totalt på 180 studiepoeng (3 fulle årsverk), og av dei utgjer opplæringsdelen 45 studiepoeng, resten av tida går til å skrive avhandlinga (sjå tabellen under). Dei som er tilsette som stipendiatar ved ein høgare utdanningsinstitusjon, har gjerne også 1 år undervisningsplikt.

Opplæringsdelen i doktorgradsprogrammet består av 2 obligatoriske fellesemne/doktorgradskurs – kulturteori og vitskapsteori - der kvart emne er på 10 studiepoeng. I tillegg kjem eit kurs i metode på 5 studiepoeng. Dei valfrie emna utgjer til saman 20 studiepoeng, og dei vil vera meir spesifiserte og direkte knytte til forskingsområda i programmet. Dei valfrie emna kan også takast gjennom PhD-kurs ved andre institusjonar i Noreg eller ved utanlandske institusjonar eller ved kurs der Høgskolen i Telemark samarbeider med andre institusjonar i inn- og utland.

Internasjonalisering

Internasjonalisering kan gå føre seg på ulike måtar: PhD-studentane blir gjennom studiet knytte til nordiske og internasjonale forskarnettverk og skal delta på nordiske og internasjonale forskarkonferansar. Mesteparten av den faglitteraturen dei arbeider med, er på ikkje-nordiske språk, mest på engelsk. PhD-studentane blir oppfordra til å opphalde seg ei viss tid ved ein utanlandsk institusjon, og utanlandske PhD-studentar kan opphalde seg ved vårt doktorgradsprogram. Enkelte av doktorgradskursa kan vera internasjonale. Kjerneområda for PhD-programmet i kulturstudiar er forankra i ulike internasjonale forskingsnettverk, for eksempel International Cultural Policy Research, Cultural Studies, Cultural History, Design Research, Making Disciplines, Material Culture and Visual Culture, Art Education, osv.

Arbeids- og læringsformer

Utdanninga omfattar eit sjølvstendig forskingsarbeid som skal dokumenterast med ei vitskapleg avhandling (monografi eller artiklar). Avhandlinga skal vera på høgd med internasjonal fagleg standard innanfor fagområdet. I tillegg skal doktorgradskandidaten få ei avansert opplæring i kulturteori, vitskapsteori, forskingsmetode og tematisk fordjuping som gir fagleg djupne og breidd. Eit gjennomført og bestått doktorgradskurs blir til vanleg dokumentert gjennom eit vitskapleg essay.

I løpet av forskarutdanningsperioden skal kandidaten få trening i fagformidling overfor fagfellar og doktorgradskandidatar på same program, på nasjonale forskarkurs, internasjonale konferansar m.m.

Opplæringsdelen av programmet blir gjennomført ved ein kombinasjon av førelesningar og seminarverksemd. I seminara skal doktorgradsstudentane legge fram eigne tekstar til kritisk vurdering og diskusjon, og dei skal kommentere vitskaplege tekstar som er skrivne av andre forskarar og av andre doktorgradsstudentar. Dei skal delta på internasjonale konferansar og alle må derfor skrive papers på engelsk og presentere dei på engelsk.

Rettleiing

Den enkelte doktorgradsstudenten får ved opptak tildelt ein hovudrettleiar og ein eller fleire medrettleiarar. Hovudrettleiaren vil normalt vera blant relevante fagpersonar ved Høgskolen i Telemark. Medrettleiarane kan vera interne eller eksterne. Alle rettleiarar skal ha doktorgrad og forskarerfaring, dvs. at dei er førsteamanuensar eller professorar.

Prøveførelesning og disputas

Den ferdige doktorgradsavhandlinga (ein monografi eller ei samling artiklar) skal leverast til doktorgradsutvalet i kulturstudiar, som overfor styret ved Høgskolen i Telemark gjer framlegg om ein bedømmelseskomité på minst 3 medlemmer. Bedømmelseskomitéen tar stilling til om dei meiner avhandlinga kan forsvarast i ein offentleg disputas, og doktorgradsutvalet tar stilling til det rådet dei får frå bedømmelseskomitéen. Dagen før disputasen skal doktoranden halde ei prøveforelesning som skal vera godkjend før sjølve disputasen. ( Sjå elles Reglement for doktorgradsprogram i kulturstudiar, som ligg på heimesida til Høgskolen i Telemark.)


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 01.03.2015